Livisk
- Må ikkje forvekslast med livvisk.
Livisk līvõ kēļ | ||
Klassifisering | Uralsk Finsk-ugrisk Finske språk | |
Bruk | ||
Tala i | Latvia | |
Område | Livland | |
Livisktalande i alt | 150-1.500 | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | latinske bokstavar | |
Normert av | ingen | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | liv | |
Glottolog | livv1244
|
Livisk er eit austersjøfinsk språk som blir snakka i Latvia. Det er i slekt med finsk og estisk, men ikkje med latvisk, som er eit indoeuropeisk språk.
Etter den andre verdskrigen var språket vorte mindre og mindre brukt. Austlivisk er no utdøydd. Den siste talaren i det tradisjonelle språkområdet som hadde livisk frå barnsbein av, Grizelda Kristiņa, døydde i 2013. Ethnologue rapporterer at 35 menneske snakkar språket, og berre ti av dei flytande,[1] men språket er i ein kraftig revitaliseringsprosess.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det historiske området til språket er Livland-regionen i Latvia, som ligg på Kurzemehalvøya nord for Riga. Det vart halde i hevd i åtte landsbyar på vestkysten av halvøya. Etter den andre verdskrigen gjekk den tradisjonelle levemåten deira i oppløysing. Sovjetunionen la sterke restriksjonar på busetnaden i grenseområda, inkludert den latviske kyststripa. Mange livarar flytta til Riga, og dette hemma bruken av språket.
Første gongen livisk vart prenta og gjeve ut, var i 1863, då ein gav ut Matteusevangeliet på både den austre og vestre dialekten. Talet på trykksaker på livisk er berre eit par dusin. I tillegg til religiøs litteratur har ein laga kalendrar, diktsamlingar og lesebøker. Livli, eit månadstidsskrift, kom ut mellom 1931 og 1939.[2]
Den siste liviske morsmålstalaren i det tradisjonalle språkområdet døydde i 2013, men det finst likevel mange livisktalande personar. Dei har både høyrt liviskspråklege besteforeldre snakke det, og dei er del av ei revitaliseringsrørsle, som dei siste åra har styrkt seg. Eit døme på dette er t.d. diktsamlinga Trillium frå 2018, med dikt av Valt Ernštreit, Baiba Damberg og K̦empi Kārl.
Livisk vart tidlegare snakka i store delar av Latvia, det finst mange spor av det i det latviske språket og livisk kultur er ein del av den latviske identiteten.
Alfabet
[endre | endre wikiteksten]Det liviske alfabetet:
Grammatikk
[endre | endre wikiteksten]Livisk har 13 kasus, dei grammatiske nominativ, genitiv, partitiv og dativ, lokalkasusa illativ (inn i), inessiv (inni), elativ (ut av), allativ (bort til), adessiv (på, ved), ablativ (frå), og dei marginale kasusa translativ (over til) og abessiv (utan). Livisk har ikkje possessivsuffiks. Verba blir bøygde i 3 personar og 2 tal, og i 3 modi. Som i andre uralske språk er negasjonen eit verb, men livisk skil seg frå dei andre austersjøfinske språka med at det i visse tilfelle er person- og numeruskongruens både på negasjonsverbet og på hovudverbet, Livisk er også namngjete for eit fonetisk fenomen som minnar om det danske stød, jf. Wiik 1989.
Pronomen
[endre | endre wikiteksten]Personlege pronomen
[endre | endre wikiteksten]Eintal | |||
---|---|---|---|
1Sg mina | 2Sg sina | 3Sg tema | |
Nominativ | minā / ma | sinā / sa | tämā / ta |
Genitiv | min | sin | täm |
Dativ | minnõn | sinnõn | tämmõn |
Translativ-Komitativ | minkõks | sinkõks | tämkõks |
Partitiv | mīnda | sīnda | tǟnda |
Inessiv | minsõ | sinsõ | tämsõ |
Elativ | minstõ | sinstõ | tämstõ |
Illativ | minnõ(z) | sinnõ(z) | tämmõ(z) |
Fleirtal | |||
---|---|---|---|
1Pl meie | 2Pl teie | 3Pl nemad | |
Nominativ | mēg | tēg | ne |
Genitiv | mäd | täd | nänt |
Dativ | mäddõn | täddõn | näntõn |
Translativ-Komitativ | mädkõks | tädkõks | näntkõks |
Partitiv | mēḑi | tēḑi | nēḑi |
Inessiv | mēši | tēši | nēši |
Elativ | mēšti | tēšti | nēšti |
Illativ | mēži | tēži | nēži |
Demonstrative pronomen
[endre | endre wikiteksten]Eintal see | Fleirtal need | |
---|---|---|
Nominativ | se | ne |
Genitiv | sīe | nänt |
Dativ | sīen | näntõn |
Translativ-Komitativ | sīekõks | näntkõks |
Partitiv | siedā | nēḑi |
Inessiv | sīesõ | nēši |
Elativ | sīestõ | nēšti |
Illativ | sīezõ | nēži |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.ethnologue.org/show_language.asp?code=LIV
- ↑ «The Red Book of the Peoples of the Russian Empire», www.eki.ee, henta 2. januar 2023
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Kettunen, Lauri: Untersuchung über die livische Sprache. Eesti Vabariigi Tartu Ülikooli Toimetused. Bd 8,3. Tartu 1925.
- Kettunen, Lauri: Livisches Wörterbuch : mit grammatischer Einleitung. Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura, 1938 (1999).
- Laakso, Johanna: Rückläufiges Wörterbuch des Livischen, anhand des Livischen Wörterbuches von Lauri Kettunen. Lexica Societatis Fenno-Ugricae. Bd 5,2. Suomalais-ugrilainen seura, Helsinki 1988. ISBN 951-9403-20-5
- Posti, Lauri: Grundzüge der livischen Lautgeschichte. Helsinki, 1942.
- de Sivers, Fanny: Parlons live. Editions l’Harmattan, Paris 2001. ISBN 2-7475-1337-8
- Sjögren, Johan Andreas: Livisches Wörterbuch. Livische Grammatik. Gesammelte Schriften Bd 2. Hrsg. v. F. J. Wiedemann. Imperatorskaja Akademija Nauk. Eggers, St. Petersburg 1861, 1868, Zentralantiquariat, Leipzig 1969 (Nachdr.).
- Tveite, Tor: The case of the object in Livonian : a corpus based study. Helsinki: Helsingin yliopisto, Suomalais-ugrilainen laitos, 2004.
- Wiik, Kalevi: Liivin katko. Turku: Turun yliopisto, 1989.