Stage
| Stage Konsertalbum av David Bowie |
||
| Utgjeve | 8. september 1978 | |
| Innspelt | The Spectrum i Philadelphia, 28. april-29. aril 1978 Providence Civic Center, Providence, 5. mai 1978 New Boston Garden i Boston, 6. mai 1978 |
|
| Sjanger | Rock, krautrock | |
| Lengd | 71:57 | |
| Selskap | RCA Records | |
| Produsent | David Bowie, Tony Visconti | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| David Bowie-kronologi | ||
| "Heroes" (1977) |
Stage | Lodger (1979) |
Stage er det andre konsertalbumet til den britiske artisten David Bowie, gjeven ut i 1978. Songane vart spelt inn på tre konsertar i USA, i Philadelphia, Providence og Boston. Dei fleste songane var henta frå dei siste studioalbuma til Bowie, Station to Station, Low og "Heroes", men noko overraskande innehaldt òg albumet fem songar på rad frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Bowie hadde med seg sine faste musikarar frå denne tida, Carlos Alomar, Dennis Davis og George Murray, i tillegg til Adrian Belew (som fram til då hadde spelt litt med Frank Zappa) på gitar, Simon House frå Hawkwind på elektrisk fiolin, og Roger Powell på tangentinstrument. Alle vart seinare med på det neste studioalbumet til Bowie, Lodger.
Generelt vert albumet rekna som meir avslappa enn det førre konsertalbumet hans, David Live (1974), og fekk ros for god lyd og god framføring. Det vart derimot kritisert for å mangle konsertkjensla sidan ein sjeldan høyrer publikum. Den opphavlege rekkefølgja på songane vart i tillegg endra på og lyden tonar inn og ut mellom kvart spor, som om det var eit studioalbum.
Bowie omarrangerte sjeldan songane, i motsetnad til David Live, og tilførte lite nytt til songane i forhold til albumversjonane.
Stage gjekk opp til femteplass på den britiske albumlista, men berre til 44. plass i USA. «Breaking Glass» vart gjeve ut på singel.
I 2005 vart albumet gjeve ut på nytt med rett rekkefølgje på spelelista, og utan at songane vart tona ut mellom kvart spor.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «Hang on to Yourself» | 3:26 | |||||||
| 2. | «Ziggy Stardust» | 3:32 | |||||||
| 3. | «Five Years» | 3:58 | |||||||
| 4. | «Soul Love» | 2:55 | |||||||
| 5. | «Star» | 2:31 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 6. | «Station to Station» | 8:55 | |||||||
| 7. | «Fame» | Bowie, Carlos Alomar, John Lennon | 4:06 | ||||||
| 8. | «TVC 15» | 4:37 | |||||||
| Side tre | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 9. | «Warszawa» | Bowie, Brian Eno | 6:50 | ||||||
| 10. | «Speed of Life» | 2:44 | |||||||
| 11. | «Art Decade» | 3:10 | |||||||
| 12. | «Sense of Doubt» | 3:13 | |||||||
| 13. | «Breaking Glass» | Bowie, Dennis Davis, George Murray | 3:28 | ||||||
| Side fire | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 14. | «Heroes» | Bowie, Eno | 6:19 | ||||||
| 15. | «What in the World» | 4:24 | |||||||
| 16. | «Blackout» | 4:01 | |||||||
| 17. | «Beauty and the Beast» | 5:08 | |||||||
Nye utgåver [endre]
Albumet har vorte gjeve ut på CD tre gongar. Første gong var i 1984 av RCA, så i 1991 av Rykodisc (med eitt bonusspor) og sist i 2005 av EMI. Den siste utgåva har ei anna rekkefølgje enn originalversjonen og i tillegg to bonusspor. Denne utgåva er òg kopiverna med CDS 200 i Europa.
Bonusspor 1991 [endre]
- «Alabama Song» (Bertolt Brecht, Kurt Weill) – 4:00
2005-utgåve [endre]
Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde.
| Disk ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «Warszawa» | Bowie, Eno | 6:50 | ||||||
| 2. | «Heroes» | Bowie, Eno | 6:19 | ||||||
| 3. | «What in the World» | 4:24 | |||||||
| 4. | «Be My Wife» (bonusspor) | 2:35 | |||||||
| 5. | «Blackout» | 4:01 | |||||||
| 6. | «Sense of Doubt» | 3:13 | |||||||
| 7. | «Speed of Life» | 3:44 | |||||||
| 8. | «Breaking Glass» | Bowie, Davis, Murray | 3:28 | ||||||
| 9. | «Beauty and the Beast» | 5:08 | |||||||
| 10. | «Fame» | Bowie, Lennon, Alomar | 4:06 | ||||||
| Disk to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 11. | «Five Years» | 3:58 | |||||||
| 12. | «Soul Love» | 2:55 | |||||||
| 13. | «Star» | 2:31 | |||||||
| 14. | «Hang on to Yourself» | 3:26 | |||||||
| 15. | «Ziggy Stardust» | 3:32 | |||||||
| 16. | «Art Decade» | Bowie, Eno | 3:10 | ||||||
| 17. | «Alabama Song» | Brecht, Weill | 4:00 | ||||||
| 18. | «Station to Station» | 8:55 | |||||||
| 19. | «Stay» (bonusspor) | 7:17 | |||||||
| 20. | «TVC 15» | 4:37 | |||||||
Medverkande [endre]
- David Bowie – vokal, tangentinstrument
- Carlos Alomar – gitar, korist
- George Murray – bass, korist
- Dennis Davis – trommer, perkusjon
- Adrian Belew – gitar og vokal
- Simon House – fiolin
- Sean Mayes – piano, korist
- Roger Powell – synthesizer, tangentinstrument, korist
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Stage (David Bowie album)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record
- David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story
- Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie
- ↑ «Stage - Blender». Blender. http://www.blender.com/guide/back-catalogue/53910/stage.html. Henta 9. mai 2011.