Warszawa av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Warszawa
Song av David Bowie
frå albumet Low
Utgjeve 14. januar 1977
Innspelt 1976
Sjanger Kunstrock
Lengd 6:23
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie og Brian Eno
Produsent David Bowie og Tony Visconti

«Warszawa» var ein stort sett instrumental song av David Bowie, skriven i lag med Brian Eno og gjeven ut i 1977 på albumet Low.

Arrangementet er meint å frambringe trøystesløysa i Warszawa som Bowie kjende på då han vitja byen i 1973. Den mystiske teksten og melodien i midten av songen var basert på ei innspeling av det polske folkekoret Śląsk.

Stykket utvikla seg ved å nytte mange Eno sine spontane og heilt eksperimentelle teknikkar. Dei nytta Eno sine teknikkar med «planlagte uhell». Først nytta dei eit klikkspor med 430 klikk, som vart skapt for hand. Frå desse klikka vart eit få utvald tilfeldig og katalogisert. Eno og Bowie ville kvar for seg venta får det tilfeldig utvalde klikket deira, som gav dei signal om å spele ein akkord. Når klikka var fjerna, var grunnlaget for songen att, og gapa mellom vart fylt med musikken deira, med Eno på instrumenta og Bowie på vokal.

Resultatet vart eit stykke i fire delar. Den første delen er sparsam og hovudsakleg i oktavar. Etter 1:17 fyller harmoniane ut og tonearten endrar seg til fiss, og den andre delen - den lengste i stykket - byrjar. Ved 3:47 kjem ei anna endring i tonearten, teksturen vert tynna ut og vokalen til Bowie starta. 5:24 startar den siste delen og denne delen er hovudsakleg ein repetisjon av den andre delen.

All vokal vart skriven og framført av Bowie, trass i at det var 110 stemmer. Eno sa sidan at trass i at han hadde ein tendens til å arbeide langsamt som sin eigen synthesizer-teknikar, så klarte Bowie å spele inn sin del av songen heller raskt. Alle stemmene vart spelte inn på 20 minuttar.

Songen vart nytta som opningssong av Bowie på turneane i 1978 og 2002. I staden for å raskt gje seg ut på høglydt rockemusikk, vart songen meint å få publikum roleg og få dei til å halde på spaninga. Bowie valte å halde ein låg profil i 1978 då han kom på scenen under songen og spelte på Chamberlin i lag med resten av bandet fram til han skulle synge teksten.

Bandet Joy Division heitte opphavleg Warsaw og var kalla opp etter denne songen.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Eit konsertopptak frå Heroes-turneen i Philadelphia Spectrum, 28.-29. april 1978, vart gjeven ut på konsertalbumet Stage.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • De Benedictus/Maroulis — A Tribute to the Music and Works by Brian Eno (1997)
  • Emulsion — .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
  • Phillip GlassThe Low Symfoni (1993)
  • Nine Inch Nails — konsert, med David Bowie (1995)
  • Simon Haram — Alone… (1999)
  • Ah Cama-Sotz — Declaration Of Innocence (2008)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]