Can You Hear Me? av David Bowie
| Can You Hear Me? av David Bowie frå albumet Young Americans | ||
| A-side | ||
|---|---|---|
| Utgjeve | November 1975 | |
| Innspelt | Januar – august 1974 | |
| Studio |
| |
| Sjanger | Blue-eyed soul | |
| Lengd | 5:04 | |
| Selskap | RCA | |
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
| Produsent | Bowie, Tony Visconti, Harry Maslin | |
«Can You Hear Me?» er ein ballade av den engelske musikaren David Bowie frå albumet hans Young Americans frå mars 1975.[1] Bowie kalla det ein «verkeleg kjærleikssong», skriven med nokon i tankane, som han ikkje identifiserte.[2] Songen kom ut som B-sida til songen «Golden Years» i november 1975.
Chris O'Leary skriv at «Can You Hear Me?», med si skuld og «utstuderte uro», er «overdådig og berre introen er meisterleg»: «Once we were lovers / Can they understand? / Closer than others, I was your / I was your man.» Altsaksofonen vert spelt av David Sanborn kjem inn i tredje verset «som ei konkurrerande vokallinje». Arrangementet og «den vesle katedralen av røyster» dekkjer over den «patetiske mannen i hjartet av songen».[3]
Songen var skriven av Bowie, produsert av Bowie, Tony Visconti og Harry Maslin, med Carl Paruolo som lydteknikar.[4] Korvokalistane på snogen var den 24 år gamle Luther Vandross heilt i byrjinga av karrieren hans.[5]
Innspelingar
[endre | endre wikiteksten]Songen vart først spelt inn 1. januar 1974 under namnet «Take It In Right» i Olympic Studios i Barnes i London.[4][6] Som «Can You Hear Me?» vart han meint for soulalbumet The Gouster, spelt inn i 1974, men ikkje gjeve ut før plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976) i 2016.[7][8]
Bowie valde i 1974 å la den skotske songaren Lulu spelte inn songen, noko dei gjorde i lag 25. mars, igjen i Olympic, og 17. april i RCA sitt studio i New York.[4][6] Det var under denne innspelinga i New York at Bowie først møtte gitaristen Carlos Alomar, som vart ein viktig bidragsytar.[6] Bowie meinte at Lulu hadde potensiale til å bli ein stor soulsngar. «Lulu har denne flotte stemma, og ho er blitt feildirigert i alle desse åra,» sa han i eit intervju i 1974. «Folk ler no, men dei vil ikkje le om to år, berre vent! Eg produserte ein singel med ho – 'Can You Hear Me' – og det er den retninga ho kjem til å ta. Ho har ei verkeleg soul-stemme, ho kan få kjensla til Aretha, men ho har vore så feildirigert.» Han sa han ønskte å ta ho til Memphis og spele inn eit album med henne og eit band. I følgje Nicholas Pegg er innspelinga til Lulu av «Can You Hear Me?» «ein av dei tapte heilage gralane for Bowie-fansen».[6]
13.-18. august 1974 spelte Bowie inn «Can You Hear Me?» i Sigma Sound i Philadelphia for Young Americans.[4][6] In august 1975 sa han til Anthony O'Grady i eit intervju for New Musical Express: «'Can You Hear Me' var skriven for nokon, men eg vil ikkje sei kven. Det er ein sann kjærleikssong. Eg tullar ikkje.»[2]
Eit konsertopptak spelt inn 20. oktober 1974, under den tredje delen av Diamond Dogs-turneen, kom ut i 2020 på I'm Only Dancing (The Soul Tour 74). Bowie song òg songen live den 23. november 1975 i lag med Cher, på The Cher Show på CBS.[6]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Produsentar:
- Strykearrangement:
- Lydteknikar
- Carl Paruolo
- Musikarar:
- David Bowie: solovokal
- Carlos Alomar: rytmegitar
- Mike Garson: piano
- David Sanborn: altsaksofon
- Willie Weeks: bassgitar
- Andy Newmark: trommer
- Larry Washington og kanskje Pablo Rosario: conga
- Luther Vandross, Ava Cherry, Robin Clark, kanskje Diane Sumler og Anthony Hinton: korvokal
- Ukjende: strykarar[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Can You Hear Me? (David Bowie song)» frå Wikipedia på engelsk, den 31. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Easlea, Daryl (2007). «David Bowie Young Americans Review». BBC Music.
- 1 2 O'Grady, Anthony (23. august 1975). «Dictatorship: the Next Step?». New Musical Express.
- ↑ O'Leary, Chris (2015). Rebel Rebel: All the Songs of David Bowie from '64 to '76. Alresford, Hants: Zero Books. s. 356. ISBN 978-1-78099-244-0.
- 1 2 3 4 5 O'Leary 2015, pp. 351–352.
- ↑ Slate, Jeff (23. september 2016). «The Making of David Bowie's Lost Soul Album». Esquire.
- 1 2 3 4 5 6 Pegg, Nicholas (2011). The Complete David Bowie (6th utg.). London: Titan Books. s. 54–55. ISBN 978-0857682901.
- ↑ McCormick, Neil (24. september 2016). «David Bowie's lost 70s album The Gouster is like the holy grail of pop – review». The Daily Telegraph.
- ↑ «'It Was Too Personal' How David Bowie's The Gouster Was Lost». Mojo. 5. august 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tekst til songen Arkivert 2019-06-03 ved Wayback Machine. på MetroLyrics