Strangers When We Meet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strangers When We Meet
Singel av David Bowie
frå albumet Outside
B-side «The Man Who Sold the World» (Live)
Utgjeve november 1995
Innspelt New York, januar–februar 1995; Westside Studios, London, oktober 1995.
Sjanger Poprock
Lengd 4:19/3:35
Selskap RCA
74321 329407
Produsent David Bowie, Brian Eno, David Richards
David Bowie-kronologi
«The Hearts Filthy Lesson»
(1995)
Strangers When We Meet «Hallo Spaceboy»
(1996)

«Strangers When We Meet» er ein song av David Bowie, opphavleg spelt inn for albumet The Buddha of Suburbia i 1993. I 1995 spelte Bowie inn songen på ny for albumet Outside og denne versjonen vart gjeven ut som singel i lag med ein omarbeidd versjon av «The Man Who Sold the World».

Musikalsk har songen fleire likskapar med tidlegare Bowie-songar. Gitartemaet i bakgrunnen på Buddha of Suburbia-versjonen er særs lik temaet i «Look Back in Anger». Basslinja i byrjinga av songen er den same basslinja som er nytta i songen «Join the Gang» frå 1967.

Sjølv om den nye versjonen av «The Man Who Sold the World» vart kalla ein live- eller konsertversjon , er det i røynda eit studioopptak basert på ein omarbeidd versjon spelt på Outside Tour, og miksa av Brian Eno før singelen vart gjeven ut.

Videoen til Samuel Bayer for songen har somme visuelle likskapar med videoen han laga for «The Hearts Filthy Lesson», men var mykje enklare og rolegare. Trass i framføring av songen på Top of the Pops, gjekk den doble A-sida berre til 39. plass på den britiske singellista før han fall ut av lista.

Tittelen på songen kan vere ein referanse til filmen frå 1960 med same namn eller refrenget frå Leroy Van Dyke-songen 'Walk on By' frå 1961.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7”-versjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «Strangers When We Meet (Edit)» (Bowie) – 4:19
  2. «The Man Who Sold the World» (Live) (Bowie) – 3:35

UK CD-versjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «Strangers When We Meet» (Edit) (Bowie) – 4:19
  2. «The Man Who Sold the World» (Live) (Bowie) – 3:35
  3. «Strangers When We Meet» (Album version) (Bowie) – 5:06
  4. «Get Real» (Bowie/Eno)

US CD-versjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «Strangers When We Meet» (Album version) (Bowie) – 5:06
  2. «Strangers When We Meet» (Buddha of Suburbia album version) (Bowie) – 5:06
  3. «The Man Who Sold the World» (Live) (Bowie) – 3:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]