We Will Rock You
We Will Rock You Singel av Queen frå albumet News of the World | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 7. oktober 1977 | |
Sjanger | Arenarock[1] | |
Lengd | 2:02 | |
Selskap | EMI; Elektra | |
Komponist | Brian May | |
Tekstforfattar | Brian May | |
Låtskrivar(ar) | Brian May | |
Produsent | Queen, Mike Stone | |
Queen-kronologi | ||
Long Away (1977) |
We Will Rock You | Spread Your Wings (1978)
|
«We Will Rock You» er ein song framført av Queen og skriven av Brian May. Han er opningssporet på plata News of the World frå 1977. Dette året blei «We Will Rock You» gjeven ut saman med «We Are the Champions» som singel, og nådde topplistene fleire stader i verda.[2] Songen har ein enkel tramp- og klapperytme som saman med refrenget («We will, we will rock you») er særs kjend. Bortsett frå dei siste 30 sekunda der May speler ein gitarsolo, er songen gjerne framført acappella, med tramping og klapping som akkompagnement.
«We Will Rock You» er blitt spelt inn, remiksa, sampla, parodiert og brukt i ei rekkje samanhengar, som på idrettsarrangement, fjernsyn, filmar og anna media.[3][4] Songen blei teken med i Grammy Hall of Fame i 2009,[5][6] rangert som nummer 338 i Rolling Stone's 500 Greatest Songs of All Time i 2010,[7] og plassert som nummer 146 på Recording Industry Association of America (RIAA) si liste over Songs of the Century.
Både «We Will Rock You» og «We Are the Champions» blei skrivne etter ei hending under den britiske turneen til bandet i 1977.[8] Etter ein konsert på Bingley Hall i Birmingham med eit svært vokalt publikum framførte tilskodarane i med «You'll Never Walk Alone» som allsong etter at gruppa hadde gått av scena.[9] Gruppa blei einig om å gå inn for å oppmuntra publikum til å ta del i opptredenane sine for å framkalla ein liknande energi. May skreiv «We Will Rock You» neste dag.[10]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Både «We Will Rock You» og «We Are the Champions» vart skrivne som svar på ei hending under den britiske turneen deira i 1977.[11] Bandet hadde spelt ein konsert i Bingley Hall i Birmingham og i følgje Brian May:[12]
«...gjorde me eit ekstranummer og gjekk så av, og i staden for å berre klappe, song dei «You'll Never Walk Alone» til oss, og me vart berre heilt slått ut - det var ganske kjenslemessig, og eg trur at desse allsong-tingene er knytte til det.»
Ein versjon vart nytta som opningssporet på albumet News of the World i 1977. Denne versjonen består av ein tramp-tramp-klapp-pause-rytme, og eit mektig refreng som har blitt ein anthem. Bandet trampa og klappa sjølv i studio, om att og om att med delay-effekt, slik at det høyrtes ut som det var mange folk som deltok. Lengda på forseinkingane var primtalsforhold, ein teknikk som i dag vert kalla ikkje-harmonisk gjenklang.[13] Ei lydbandsløyfe vart nytta til å gjenta den siste frasen av gitarsoloen tre gonger, staden for at May spelte det tre gonger på innspelinga.[14]
Då songen vart framført på konsertane, følgde som regel «We Are the Champions» etter, sidan dei var meint å gå i lag.[2] Songane vert òg ofte spelt i lag på radio og på idrettsarrangement, der dei ofte vert spelte.[2] Dei var dei to siste songane Queen spelte på Live Aid i 1985.[15]
Queen spelte òg inn ein alternative versjon av «We Will Rock You» kjend som «fast version», med eit raskare tempo og der heile bandet spelar. Bandet brukte ofte denne versjonen på konsertane sine seint i 1970- og tidleg i 1980-åra, som ein kan høyre på Live Killers (1979), Queen on Fire - Live at the Bowl (2004), Queen Rock Montreal (2007), og den utvida utgåva av News of the World (2011). Det finst ein studioversjon av denne utgåva, spelt på radioprogrammet til John Peel på BBC Radio 1 i 1977.
Etter songen kom ut er han ofte å høyre på idrettsarrangement som ein «stadionanthem», mest på grunn av den enkle rytmen. Han var den mest spelte songen i 2008 og 2009 under National Football League, National Hockey League og Major League Baseball i USA.[16][17]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Freddie Mercury – solo- og korvokal, klapping, tramping
- Brian May – elektrisk gitar, korvokal, klapping, tramping
- Roger Taylor – korvokal, klapping, tramping
- John Deacon – korvokal, klapping, tramping
Five + Queen
[endre | endre wikiteksten]We Will Rock You Singel av Five + Queen frå albumet Invincible | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. juli 2000 | |
Innspelt | 1999 | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:08 | |
Selskap | Sony BMG | |
Komponist | Brian May | |
Tekstforfattar | Brian May | |
Produsent |
| |
Five-kronologi | ||
«Don't Wanna Let You Go» (2000) |
We Will Rock You | «Let's Dance» (2001) |
Queen-kronologi | ||
«Under Pressure (Rah Mix)» (1999) |
We Will Rock You | «Flash (Vanguard Mix)» (2003)
|
I 2000 gav det engelske gutebandet Five ut ein versjon av «We Will Rock You». Han vart gjeven ut på det andre studioalbumet deira, Invincible (1999). Han kom ut 17. juli 2000 og vart spelt inn med to Queen-medlemmar: Brian May på gitar og Roger Taylor på trommer, men dei syng ikkje på songen.
Songen gjekk til toppen av UK Singles Chart, den andre singelen til Five som gjorde dette.[18]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]- UK CD1
- «We Will Rock You» (Radio Edit) – 3:08
- «Keep on Movin'» (The Five-A-Side Mix) – 3:32
- «We Will Rock You» (Video) – 3:08
- UK CD2
- «We Will Rock You» (Radio Edit) – 3:08
- «Invincible Megamix» (Including «We Will Rock You") – 4:19
- «Invincible Megamix» (Video) – 4:19
- UK Cassette single
- «We Will Rock You» (Radio Edit) – 3:08
- «Keep on Movin'» (The Five-A-Side Mix) – 3:32
- «Invincible Megamix» (Including «We Will Rock You") – 4:19
- European CD single
- «We Will Rock You» (Radio Edit) – 3:08
- «Invincible Megamix» (Without «We Will Rock You") – 3:43
- «We Will Rock You» (Video) – 3:08
Lister
[endre | endre wikiteksten]År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1977 | Frankrike (IFOP)[19] | 1 |
1992 | Belgia (Ultratop 50 Flandern)[20] | 45 |
Belgia (VRT Top 30 Flandern)[21] | 26 | |
US Billboard Hot 100[22] | 52 | |
2003 | Frankrike (SNEP)[23] | 10 |
Tyskland (Media Control AG)[24] | 69 | |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[25] | 12 | |
Nederland (Mega Single Top 100)[26] | 9 | |
Sveits (Schweizer Hitparade)[27] | 49 | |
2006 | US Billboard Hot Digital Songs[22] | 36 |
2008 | Canada (Hot Canadian Digital Singles)[22] | 56 |
2011 | Spania (PROMUSICAE)[28] | 18 |
2012 | Japan Hot 100 Singles[22] | 95 |
Liste (2000) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA)[29] | 3 |
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[30] | 2 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[31] | 17 |
Belgia (Ultratip Vallonia)[32] | 4 |
Belgia (VRT Top 30 Flandern)[33] | 17 |
Tyskland (Media Control AG)[34] | 8 |
YEAR AND WEEK MANDATORY FIELDS FOR IRISH CHARTS | 6 |
Italia (FIMI)[35] | 35 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[36] | 20 |
Nederland (Mega Single Top 100)[37] | 15 |
New Zealand (RIANZ)[38] | 29 |
Sverige (Sverigetopplistan)[39] | 35 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[40] | 18 |
UK Singles (Official Charts Company)[41] | 1 |
Liste (2003) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[42] | 50 |
Belgia (Ultratip Flandern)[43] | 3 |
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[44] | 10 |
Europe (Eurochart Hot 100)[45] | 10 |
Frankrike (SNEP)[46] | 2 |
Tyskland (Media Control AG)[47] | 18 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[48] | 16 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé |
---|---|
Italia (FIMI)[49] | Gull |
USA (RIAA)[50] | Gull |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]1990-åra
- 1992: Det amerikanske glammetalbandet Warrant spelte songen for filmen Gladiator.[51]
- 1992: Det brasilianske bandet Viper spelte ein kjapp versjon av songen på det tredje albumet deira Evolution,[52] og seinare i 1993 på konsertalbumet Maniacs in Japan.
- 1996: Linda Ronstadt spelte ein roleg versjon av songen for albumet Dedicated to the One I Love.[53]
2000-åra
- 2000: DJ Hurricane og vokalisten Scott Weiland samarbeidde på songen for albumet Don't Sleep.[54]
- 2000: Skodespelaren Kimberly Williams framfører ein alternativ versjon av songen i miniserien The 10th Kingdom.
- 2001: Den tyske songaren Max Raabe selte songen med Palast Orchester i 1920/30-talsstil.
- 2003: John Farnham spelte ein versjon av songen for hans Greatest Hits med samplingar av den originale versjonen.
- 2003: Ein remix av KCPK, sungen av eit barnekor, vart nytta i ein animert reklame for Evian. Miksen vart seinare gjeven ut på singel.[55]
- 2004: Britney Spears, Beyoncé og Pink nytta songen i ein internasjonal reklame for Pepsi og songen vart gjeven ut på Pepsi Music 2004: Britney Exclusive.[56]
- 2005: Det kanadiske rockebandet Nickelback gav ut songen som eit bonusspor for albumet All the Right Reasons. Han var òg B-sida til singelen «Photograph».
- 2012: Den tyske klassiske fiolinisten David Garrett spelte songen i 2012 på albumet Music.
- 2013: I den amerikanske musikalserien Glee vart songen spelt i epsioden kalla «Lights Out.[57]
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]Guns N' Roses-songaren Axl Rose framførte songen med Queen på Freddie Mercury Tribute Concert.[58][59] U2 nytta songen som opningssong før dei gjekk på scenen under Zoo TV Tour i 1992.[60] Nirvana framførte songen i São Paulo i Brasil i 1992, der dei endra teksten til «we will fuck you».[61] Andre som har framført songen på konsertar er Alanis Morissette, Erreway, Anastacia, Robbie Williams, Korni, Kumi Koda, Sonata Arctica, Korn, Celine Dion, Stone Temple Pilots, New Kids on the Block, Joe Perry, My Chemical Romance, Christina Aguilera, Cee Lo Green, Adam Levine og Blake Shelton, Sum 41, Jessie J , Dappy og Fifth Harmony.
Sampling
[endre | endre wikiteksten]Songen er blitt sampla av mange rappar og hiphopartistar gjennom åra. Første gongen var i 1992 då Ice Cube sampla trampinga og klappinga på songen «When Will They Shoot?» på albumet The Predator. Eminem sampla songen to gonger, først på songen «'Till I Collapse» på The Eminem Show i 2002 og så igjen på songen «Puke» frå Encore. I 2010 nytta han i tillegg den same tramp-klapp-rytmen på songen «Cinderella Man» frå Recovery.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑
- Furniss, Matters (2012). Queen – Uncensored On the Record. Coda Books Ltd. s. 52. ISBN 978-1-9085-3884-0.
- Gaar, Gillian G. (4 December 2012). «Album reviews of Queen's second box set of reissues». Goldmine. Henta 16 March 2014.
- Huang, Hao (2012). Music in the 20th century 3. Coda Books Ltd. s. 508. ISBN 978-1-9085-3884-0. «Queen (...) proved expert at creating crowd-pleasing and long lasting anthems such as "We Will Rock You" and "We Are the Champions" — popular songs for the burgeoning stadium-rock circuit.»
- Konow, David (2002). Bang Your Head: The Rise and Fall of Heavy Metal. Three Rivers Press. s. 72. ISBN 978-0609807323. «Two years later, in 1977, they would practically invent the arena-rock anthem with "We Will Rock You." The song was designed for maximum audience participation, where everyone would stomp and clap along to its beat. Even today, whenever you stomp and clap that thunderous beat at a sporting event, Queen gets royalties.»
- Serwer, Jesse (16 October 2012). «The 77 Best Rock Samples in Rap History – 41. Dame Dash Presents Dream Team f/ Kanye West, Beanie Sigel, Cam'Ron, Young Chris and Twista "We Are the Champions" (2002)». Complex. Henta 16 March 2014. «The distinctive stomp-stomp-clap drum pattern from "We Will Rock You"—the apotheosis of arena rock»
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Prato, Greg. «We Are the Champions – Song Review». AllMusic. All Media Network. Henta 21. januar 2011.
- ↑ «"We Will Rock You" Still Most Popular Sporting Event Anthem». FMQB. 24 February 2011. Arkivert frå originalen 8. desember 2011. Henta 11 July 2011.
- ↑ «Greatest Rock Songs». Mystic Madness. Henta 11 July 2011.
- ↑ «GRAMMY Hall Of Fame – w». Grammy Hall of Fame Award. Arkivert frå originalen 19. februar 2011. Henta 21 April 2011.
- ↑ «Queen enter Grammy Hall of Fame». BBC News. 1 December 2008. Henta 21 April 2011.
- ↑ We Will Rock You, arkivert frå originalen 28. april 2007, henta 19. mars 2016. Rolling Stone. 9 December 2004. Retrieved 26 January 2014.
- ↑ «Queen interview: Brian May on We Will Rock You». Absolute Radio. YouTube. 17 August 2011. Henta 18 December 2011.
- ↑ Interview with Tom Browne for BBC Radio One, broadcast Christmas Eve and Boxing Day 1977
- ↑ For the first time ever...Queen: Ten great hits from the sensational rock band Mail Online Retrieved 21 January 2011
- ↑ «Queen interview: Brian May on We Will Rock You». Absolute Radio. YouTube. 17. august 2011. Henta 29. juni 2016.
- ↑ Interview with Tom Browne for BBC Radio One, broadcast Christmas Eve and Boxing Day 1977
- ↑ May, Brian (22. september 2007). «STAMPING ON PIANO'S?». Bri's Soapbox. Arkivert frå originalen 22. juli 2012. Henta 29. juni 2016.
- ↑ «Queen's Brian May Rocks Out To Physics, Photography». Fresh Air. NPR. 3. august 2010. Henta 29. juni 2016.
- ↑ Stanford, Peter (219. mai 2016). «Queen: their finest moment at Live Aid». The Daily Telegraph. Henta 15. mai 2012.
- ↑ «Was there ever a time when We Will Rock You did not exist?». The Guardian. 16. august 2007. Henta 10. juni 2016.
- ↑ «'We Will Rock You' Is Most-Played Song at Pro Sports Games for '08/'09 Season». Broadcast Music, Inc. 28 Oktober 2009. Henta 10. juni 2016.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «Toutes les Chansons N° 1 des Années 70» (på fransk). InfoDisc. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Ultratop.be – Queen – We Will Rock You" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. juni 2016.
- ↑ «Radio 2 Top 30 : 15 augustus 1992» (på nederlandsk). Top 30. Arkivert frå originalen 18. oktober 2014. Henta 29. juni 2016.
- ↑ 22,0 22,1 22,2 22,3 «Queen – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Lescharts.com – Queen – We Will Rock You" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Queen - We Will Rock You". Charts.de. Media Control. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Queen - We Will Rock You We Are The Champions search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Queen – We Will Rock You / We Are The Champions (Live At Wembley '86)" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Queen – We Will Rock You – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Spanishcharts.com – Queen – We Will Rock You" Canciones Top 50. Hung Medien. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Australian-charts.com – Five + Queen – We Will Rock You". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Five + Queen – We Will Rock You – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Ultratop.be – Five + Queen – We Will Rock You" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Ultratop.be – Five + Queen – We Will Rock You" (på fransk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. juni 2016.
- ↑ «Radio 2 Top 30 : 26 augustus 2000» (på nederlandsk). Top 30. Arkivert frå originalen 19. august 2016. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Five + Queen - We Will Rock You". Charts.de. Media Control. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Italiancharts.com – Five + Queen – We Will Rock You". Top Digital Download. Hung Medien. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Five + Queen - We Will Rock You search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Five + Queen – We Will Rock You" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Charts.org.nz – Five + Queen – We Will Rock You". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Swedishcharts.com – Five + Queen – We Will Rock You". Topp 60. Hung Medien. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Five + Queen – We Will Rock You – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "KCPK – We Will Rock You (Remix) – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Ultratop.be – KCPK – We Will Rock You (Remix)" (på nederlandsk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "Ultratop.be – KCPK – We Will Rock You (Remix)" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. juni 2016.
- ↑ «Billboard Hits of the World». Billboard 115 (24): 65. 14. juni 2003. ISSN 0006-2510.
- ↑ "Lescharts.com – KCPK – We Will Rock You (Remix)" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "KCPK - We Will Rock You (Remix)". Charts.de. Media Control. Henta 29. juni 2016.
- ↑ "KCPK – We Will Rock You (Remix) – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 29. juni 2016.
- ↑ «Italian single salstrofé – Queen – We Will Rock You» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Queen in the field Artista. Click Avvia la ricerca
- ↑ «American single salstrofé – Queen – We Will Rock You». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
- ↑ «we will rock you by warrant». joMusic.net. Arkivert frå originalen 26. mars 2012. Henta 9. juni 2016.
- ↑ Song > We Will Rock You, arkivert frå originalen 22. mars 2012, henta 29. juni 2016. Youmix.co.uk. Henta 9. juni 2016.
- ↑ «22) Dedicated To The One I Love». Softshoe-slim.com. Arkivert frå originalen 15. mars 2016. Henta 9. juni 2016.
- ↑ «DJ Hurricane - Don't Sleep CD». CD Universe. Henta 9. juni 2016.
- ↑ We Will Rock You 2003 editions, arkivert frå originalen 6. april 2004, henta 29. juni 2016. Queencollector.com. Henta 29. juni 2016.
- ↑ Britney Spears Beyonce Pink-We will rock you, arkivert frå originalen 13. mai 2010, henta 29. juni 2016. Yahoo!7. Henta 22. januar 2011.
- ↑ «GLEE Will Rock You! All The NEW MUSIC From Lights Out HERE!». PerezHilton.com. 22. april 2013. Arkivert frå originalen 16. mai 2013. Henta 13. juni 2016.
- ↑ «1992 The Freddie Mercury Tribute Concert». Ultimatequeen.co.uk. Henta 9. juni 2016.
- ↑ «Axl Rose (Freddie Mercury cover) -We Will Rock You(Live Wembley)». Facebook. 18. desember 2009. Henta 9. juni 2016.
- ↑ «Showing details for U2's ZOO TV Tour». U2gigs.com. Henta 9. juni 2016.
- ↑ «Há 18 anos, Nirvana realizava show histórico em São Paulo». Folha de S. Paulo (på portugisisk). 18. mai 2016. Henta 29. juni 2016.
- Denne artikkelen bygger på «We Will Rock You» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tekst ved den offisielle nettstaden til Queen
339: «I Can't Make You Love Me» Bonnie Raitt |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 338 «We Will Rock You» Queen |
337: «That's the Way of the World» Earth, Wind and Fire |
- Songar frå 1977
- Singlar frå 1977
- Queen-songar
- Elektra Records-singlar
- EMI Records-singlar
- Songar skrivne av Brian May
- Singlar frå 2000
- Five-songar
- Grammy Hall of Fame Award
- Hollywood Records-singlar
- Nummer-ein-singlar i Frankrike
- Nummer-ein-singlar i Storbritannia
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone
- Linda Ronstadt-songar
- John Farnhamn-songar
- Britney Spears-songar
- Beyoncé-songar
- Pink-Songar
- Nickleback-songar