Anne Berit Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Berit Andersen
Fødd 2. desember 1951

Søgne

Parti Høgre
1. verv Ordførar i Søgne
 - periode 1991–2001
 - føregangar Bjarne Nesheim
 - etterfylgjar Eli Løite
2. verv 2. nestleiar i Høgre
 - periode 1998–2002
3. verv Stortingsrepresentant
 - periode 2001–2005
 - valkrins Vest-Agder

Anne Berit Andersen (fødd 2. desember 1951 i Søgne) er ein norsk tidlegare politikar for Høgre.

Utdanninga hennar består av eittårig kontorlinje ved handelsskole 1968–1969. Ho var kontorist ved Markens Magasin AS i Kristiansand 1969–1971, skulekontoret i Søgne kommune 1971–1972 og Ullevål sjukehus 1973–1978.

Andersen var medlem av Vest-Agder Høgre si fylkesstyre frå 1987, leier i Søgne Høgre frå 1991, leier i Vest-Agder Høgrekvinner rundt 1990 og medlem av Søgne kommunestyre 1988–2001, av dette ordførar 1992–2001. Som ordførar hadde ho ei rekkje styreverv, og var elles medlem av Den Norske Stat sin Husbanks hovedstyre 1990–2001 og 2. nestleiar i Høgre 1998–2002. Ho var 1. vararepresentant til Stortinget frå Vest-Agder 1997–2001 og fast representant 2001–2005. I 2004 tapte ho kampen om 1. plassen på Vest-Agder Høgres stortingliste mot Peter Gitmark, og var 1. vararepresentant i perioden 2005–2009. I perioden sin på Stortinget var Andersen medlem av Samferdselskomiteen og Valkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]