Svein Roald Hansen
Svein Roald Hansen | |||
![]() | |||
Fødd | 20. august 1949 (75 år) Fredrikstad | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, redaktør, journalist | ||
Alle verv |
|
Svein Roald Hansen (fødd 20. august 1949 i Fredrikstad) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han har sete på Stortinget for Østfold fylke sidan 2001.
Hansen starta sin politiske karriere som politisk rådgivar for Gro Harlem Brundtland i 1993. Han vart vald inn på Stortinget frå Østfold i 2001 og vald på nytt i 2005 og 2009. Frå 2003 har han også vore leiar for Europarørsla. Hansen var ordførar i Fredrikstad i perioden 1995–1999. Han kom inn i kommunestyret i Borge i 1983, og heldt fram i Fredrikstad ved kommunesamanslåinga i 1994 og vart vald på nytt seinast i 2007.
Hansen har studert historie og statsvitskap og arbeidde som journalist, i NTB frå 1971 til 1974, deretter Oppland Arbeiderblad til 1978. Deretter var han redaksjonssjef i Demokraten frå 1978 til 1982 og så redaksjonssekretær i Oslo-redaksjonen til A-pressen fram til 1983.
Frå 1983 var han politisk rådgivar for Gro Harlem Brundtland på Stortinget, ein posisjon han seinare også hadde ved statsministerens kontor.
I perioden 1990–92 var Hansen redaktør i Sarpsborg Arbeiderblad, og frå 1999 til 2001 var han direktør for informasjon og samfunnskontakt i Hafslund ASA.
Regjering
[endre | endre wikiteksten]- 1. januar 1986–1. januar 1989: politisk rådgivar ved statsministerens kontor
- 10. januar 1992–4. august 1995: statssekretær ved statsministerens kontor
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2001–2005: medlem i finanskomiteen
- 2005–2009: andre nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen
- 2009–: første nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1949
- Folk frå Fredrikstad
- Norske journalistar
- Norske redaktørar
- Statssekretærar frå Ap
- Ap-ordførarar i Østfold
- Ordførarar i Fredrikstad
- Stortingsrepresentantar for Østfold
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Stortingsrepresentantar 2017-2021