Olemic Thommessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olemic Thommessen
Olemic-Thommessen.jpg
Olemic Thommessen
Foto: Johannes Jansson/norden.org
Fødd 18. april 1956

Lillehammer

Parti Høgre

Olaf Michael «Olemic» Thommessen (fødd 18. april 1956 på Lillehammer) er ein norsk advokat og politikar frå Høgre. Han har sete på Stortinget for Oppland fylke sidan 2001, og er medlem av Stortingets familie- og kulturkomité. Thommessen er Høgres talsperson for saker innan kultur, medium, barn, familie, og likestilling. Han var leiar i Lillehammer Høgre frå 1986 til 1991, medlem i Lillehammer kommunestyre frå 1987 til 1995, og leiar i Oppland Høgre frå 1991 til 2001. Frå oktober 2013 til august 2018 var Thommessen stortingspresident.[1][2][3]

Bakgrunn og yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Thommessen vart fødd på Lillehammer i 1956, som son av kapteinen Rolf Thommessen (fødd 1930) og skodespelaren og forlagsredaktøren Mona Margareth Lie (fødd 1931). Sjølv om Thommessen er døypt Olaf Michael, er han vorten kjent under kallenamnet Olemic. Han gjekk på Søre Ål skole frå 1963 til 1970, og Slemmestad ungdomsskole frå 1970 til 1972. Han gjekk deretter ved Stabekk gymnas inntil 1975, og avla examen philosophicum ved Universitetet i Oslo i 1976. Han avla seinare juridisk embetseksamen, med opphavsrett som spesialfag, på same stad i 1983. Thommessen var advokatfullmektig frå 1983 til 1985, då han vart partner i advokatfirmaet Eggen & Thommessen.

I 1990 vart han avdelingsleiar for seremoniane under Lillehammer-OL, var direktør i Kulturarrangement Lillehammer frå 1994 til 2001 og operasjef for Ringsakeroperaen frå 2000 til 2001. Han har vore engasjert innan amatørteater, og har skrive eit teaterstykke sjølv. Thommessen var styreleiar i Lillehammer Amatørteater frå 1984 til 1990, og styreleiar i Norsk Amatørteaterråd frå 1989 til 1992. Han har også hatt ei rekkje andre styreverv i organisasjonar og næringsliv.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Thommessen vart valt til leiar i Lillehammer Høgre i 1986, og vart valt inn i kommunestyret og styret i Oppland Høgre året etter. I 1991 vart han valt til leiar i Oppland Høgre, og sat med dette vervet inntil 2001, og var slik også sentralstyremedlem i Høgre i ti år. Thommessen var 2. vararepresentant til Stortinget frå 1993 til 1997. Han vart valt inn på eige mandat i 2001, og er seinare valt på nytt i 2005 og 2009.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2005 – Mot Gulating, Furiosa Forlag
  • 2007 – Utvalgt, teaterstykke

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten.no: Olemic Thommessen blir ny stortingspresident
  2. Fossen, Cato Husabø (14. mars 2018), «Tone Trøen blir ny stortingspresident», NRK (på bokmål), henta 12. mai 2019 
  3. Krekling, David Vojislav (8. mars 2018), «Olemic Thommessen trekker seg som stortingspresident», NRK (på bokmål), henta 12. mai 2019