Kenneth Svendsen
Kenneth Svendsen | |
![]() | |
Fødd | 2. august 1954 (68 år) Fauske kommune |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Framstegspartiet |
Yrke | politikar |
Kenneth Svendsen (fødd 2. august 1954 i Fauske) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Nordland fylke i 1997, og sat til 2017. Frå 2013 til 2017 var han andre visepresident.
Etter grunnskolen tok han yrkesopplæring som møbelsnikkar[1] og sveisar. Han har arbeidd som sjåfør i Nordlandsbryggeriet AS og Fauske Bilberging AS,[2] og som sjømann og sjølvstendig næringsdrivande.[1]
Svendsen var medlem av Fauske kommunestyre 1988–2007, medlem av formannskapet 1989–1999 og leiar i kontrollutvalet 1999–2008. Han var også medlem av Nordland fylkesting 1992–1999, frå 1993 som medlem av fylkesutvalet. Han har vore medlem av sentralstyret til Frp og leia Nordland Fremskrittsparti 2010–2014.[3]
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 1997-2001: medlem av samferdselskomiteen
- 1997-2001: medlem av valkomiteen
- 2001-05: medlem av samferdselskomiteen
- 2001-05: medlem av valkomiteen
- 2005-09: medlem av arbeids- og sosialkomiteen
- 2009–2013: medlem av finanskomiteen
- 2013–2017: 2. nestleiar i Kontroll- og konstitusjonsomiteen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kenneth Svendsen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. januar 2021.