Heidi Sørensen
Utsjånad
| Heidi Sørensen | |||
| | |||
| Fødd | 14. februar 1970 Levanger kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 25. april 2026 (56 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Sosialistisk Venstreparti | ||
| Yrke | politikar | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
| Ektefelle | Olav Gunnar Ballo | ||
| Medlem | Natur og Ungdom | ||
| Verv | Leiar i Natur og Ungdom 1993–1994 | ||
| Føregangar | Åsne Berre Persen | ||
| Etterfylgjar | Lars Haltbrekken | ||
| Alle verv |
| ||
Heidi Sørensen (14. februar 1970–25. april 2026)[1] var ein norsk politikar frå Sosialistisk Venstreparti frå Levanger i Nord-Trøndelag.[2] Mellom 2007 og 2012 var Sørensen statssekretær i Miljøverndepartementet, der ho etterfylgde Henriette Westhrin.
Ho vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 2001, og var vararepresentant frå 2005 til 2009, og møtte fast for Kristin Halvorsen inntil ho vart statssekretær i Miljøverndepartementet i oktober 2007. Etterfylgjaren hennar som møtande vararepresentant var Akhtar Chaudhry.
Heidi Sørensen var leiar av Natur og Ungdom frå 1993 til 1994 og Norges Naturvernforbund frå 1995 til 1998. Ho fekk Ole Vig-prisen i 1995.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2001–2005 medlem av Samferdselskomiteen.
- 2001–2005 varamedlem av Den utvida utanrikskomiteen.
- 2005–2009 medlem av Energi- og miljøkomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ NTB & Signe Rosenlund-Hauglid. «Tidligere stortingsrepresentant Heidi Sørensen (56) er død» (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 25. april 2026.
- ↑ «Heidi Sørensen» i Store norske leksikon, snl.no.