Jon Lilletun
Jon Lilletun | |
Fødd | 23. oktober 1945 Vossestrand kommune |
---|---|
Død | 21. august 2006 (60 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Kristeleg Folkeparti |
Yrke | politikar |
Verv | Norsk kyrkje- og undervisningsminister 17. oktober 1997–17. mars 2000 |
Føregangar | Reidar Sandal |
Etterfylgjar | Trond Giske |
Verv | Stortingsrepresentant 1989–2009 |
Alle verv |
|
Jon Lilletun (23. oktober 1945–21. august 2006) var ein norsk politikar som representerte Kristeleg Folkeparti, der han òg var nestleiar i 12 år. Han vart fødd i tidlegare Vossestrand kommune, no innlemma i Voss.
Før han vart heiltidspolitikar arbeidde han mellom anna som handelsmann, kommunal ungdomskonsulent, kultursjef og tiltakskonsulent. Han var vararepresentant på Stortinget i tida 1981–1985, og vart innvald frå Vest-Agder fylke i 1989. Lilletun var statsråd i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i Sentrumsregjeringa frå 1997 til 2000. Han var gjennom fleire av sine stortingsperiodar KrF sin representant i kyrkje- og undervisingskomiteen, der han var leiar frå 1993 til 1997.
Då Kjell Magne Bondevik danna si andre regjering i 2001, samarbeidsregjeringa, gjekk Lilletun inn som parlamentarisk leiar for KrF på Stortinget, ei stilling han hadde til han vart sjukmeld i 2005.
Etter stortingsvalet i 2005 vart Lilletun KrF sin representant i presidentskapet på Stortinget, som visepresident i Lagtinget. Lilletun tok etter valet hausten 2005 fatt på si fjerde periode som stortingsrepresentant for KrF innvald frå Vest-Agder.
Våren 2005 gjekk han ut i permisjon på gunn av sjukdom, og Sigmund Kroslid møtte som vara.
Regjering[endre | endre wikiteksten]
- 17. oktober 1997–17. mars 2000 statsråd Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i regjeringa Bondevik I.
Stortingets presidentskap[endre | endre wikiteksten]
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 1989–1993 medlem av Kyrkje- og undervisingskomiteen frå 8. november 1990.
- 1989–1993 medlem av Kommunal- og miljøvernkomiteen til 8. november 1990.
- 1989–1993 varamedlem av Kontrollkomiteen.
- 1993–1997 varamedlem av Den utvida utanrikskomiteen.
- 1993–1997 leder av Kirke-, utdannings- og forskingskomiteen.
- 1997–2001 medlem av Næringskomiteen frå 22. mars 1990.
- 2001–2005 medlem av Utanrikskomiteen.
- 2001–2005 medlem av Den utvida utanrikskomiteen.
- 2001–2005 medlem av Valkomitéen.
- 2005–2006 medlem av Utanrikskomiteen.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Einskildmenn
- Fødde i 1945
- Døde i 2006
- Norske kyrkje- og undervisningsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Bondevik I
- KrF-statsrådar
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar for Vest-Agder
- Stortingsrepresentantar frå KrF
- Folk frå Voss