Reidar Sandal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reidar Sandal

Sandal på sentralbanksjefen sin årstale i 2016
Foto: Tore Sætre
Fødd24. mars 1949 (74 år)
Vågsøy
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Reidar Sandal (fødd 24. mars 1949 i Vågsøy i Sogn og Fjordane) er ein norsk politikar frå Arbeidarparti stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane og kyrkje-, utdannings- og forskingsminister 1995-1997.

Reidar Sandal var første vararepresentant til Stortinget frå 1989 til 2001, og møtte fast i Kjell Opseth si statsrådtid, frå 3. november 1990 til 22. desember 1995, då han sjølv blei statsråd, kyrkje-, utdannings- og forskingsminister fram til 17. oktober 1997.

Han blei deretter vald inn på Stortinget i 2001 og sat i to periodar fram til 2009, då han ikkje tok attval. Frå desember 2006 og ut stortingsperioden var Sandal leiar for finanskomiteen.

Sandal tok til som leiar av Noregs Bank sin representantskap i januar 2010. Frå 2010 til 2014 var han styreleiar i Nynorsk kultursentrum. Han vart på ny vald til dette vervet i 2022. Frå 2010 til 2014 leia han styret for Innovasjon Norge.

Medlemskap i regjering[endre | endre wikiteksten]

Stortinget[endre | endre wikiteksten]

Medlemskap i presidentskapen[endre | endre wikiteksten]

  • Reidar Sandal var første varapresident i Stortinget i perioden 11. oktober 1993–22. desember 1995.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.