Gunnar Halvorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Halvorsen
Fødd24. juli 1945
Arendal
Død6. mars 2006
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Gunnar Halvorsen (24. juli 19456. mars 2006) var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Åmli. Han representerte Aust-Agder og ArbeidarpartietStortinget frå 1993 til 2005, og var vararepresentant i perioden 1985-93.

Halvorsen var son til ein bakar. Han tok eksamen på elektrolina ved Risør yrkesskole i 1962 og ved Arendal maskinistskole i 1964. Deretter gjekk han Sørlandets tekniske fagskole i Grimstad og tok i 1968 fagbrev som elektromontør. Sidan var han elektroinstallatør i Åmli, med eige firma frå 1972. Han var områdesjef 1985-94 i Heimevernet, med kapteins grad.

Gjennom fire valperiodar, tida 1968-83, var Halvorsen medlem av kommunestyret i Åmli. Den siste fireårsbolken, 1980-83, var han også ordførar i kommunen. Frå 1976 var han i atten år medlem av Aust-Agder fylkesting, til dess han i 1993 vart vald til stortingsrepresentant. Han var då leiar av Nærings- og sysselsettingsstyret i Aust-Agder i seks år, 1985-91.

Hausten 1993 fekk Halvorsen andreplassen på Aust-Agder Arbeidarparti si valliste til Stortinget. Han var då nærast «sikra» stortingsplass, etter to periodar som fyrste vararepresentant. Med attval i 1997 og 2001 hadde han sete i Stortinget til hausten 2005. Dei fyrste fire åra var han medlem i Næringskomiteen, medan han i tida 1997-2005 var medlem i Forsvarskomiteen. Arbeidarpartiet sin fylkessekretær i Aust-Agder omtala han som «en sterk forkjemper for å bevare forsvarsanlegg i landsdelen»[1] til NRK i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gunnar Halvorsen er død», NRK (på bokmål), 6. mars 2006, henta 4. mars 2019