Terje Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terje Johansen
Terje Johansen 1997.jpg
Terje Johansen i 1997
Foto: Akershus Venstre
Fødd 31. august 1941

Trondheim

Parti Venstre

Terje Johansen (fødd 31. august 1941) i Trondheim, er ein norsk siviløkonom og politikar for Venstre. Han representerte AkershusStortinget frå 1997 til 2001.

Politiske verv[endre | endre wikiteksten]

I perioden 1988 til 1996 var Johansen sentralstyremedlem i Venstre og næringspolitisk talsmann. Han var politisk nestleiar frå 1992 til 1996. Han sat på Stortinget for Akershus frå 1997 til 2001. Han har òg site fleire periodar i kommunestyret i Frogn.

Utdanning og yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Johansen gjekk naturfaglinja ved Trondheim Katedralskole og tok artium i 1960. Han tok dessutan studentfagkurs ved Trondheim Økonomiske Gymnas i 1964. Johansen blei uteksaminert som siviløkonom frå Norges Handelshøyskole i Bergen i 1967.

Fra 1960 til 1961 jobba han som lærar ved Overhalla Interkommunale Realskole. Han avtjente verneplikt i kavaleriet 1961 til 1962. I 1962 hadde han arbeid som skiftarbeidar ved Lade Fabriker. Same året begynte han som salssjåfør for firmaet LB OPheim AS, ein jobb han hadde fram til året etter.

I 1965 begynte Terje Johansen som lærling hos Bank of America i San Francisco. Det året og det neste hadde han òg jobb som timelærar ved Bergen Yrkesskole si linje for handel og kontorfag. Frå 1968 til 1971 jobba han som produktsekretær-salssekretær ved Denofa-Lilleborg AS. Deretter, i 1971, gjekk han over til stillinga som marknadssjef hjå Stabburet AS. Han var i denne jobben fram til 1974. Då blei han leiar for nye prosjekt/direksjonssekretær og var det til 1978. I 1975 var han i tillegg industrirådgjevar for NORAD i Kenya. Etter dei sju åra hjå Stabburet tiltredde Johansen i 1978 stillinga som marknadsdirektør hjå Gyldendal Norsk Forlag. I fem år, fram til 1983 hadde han denne stillinga, til han blei tilsett som administrerande direktør hjå Ernst G. Mortensens Forlag, ei stilling han hadde i fire år, fram til 1987.

Frå 1987 og fram til i dag har Terje Johansen arbeidd som rådgjevar i Norsk Næringsutvikling AS. Frå 1988 til 1996 var han direktør i Orkla Media AS.

Johansen er frå 2006 medlem av representantskapet i Norges Bank.

Terje Johansen er busett i Drøbak. Han er gift siden 1967 med Berit Johansen, og dei har to born.

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]