Subterraneans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Subterraneans
av David Bowie
frå albumet Low
Utgjeve 14. januar 1977
Innspelt Desember 1975 i Cherokee Studios i Los Angeles; September 1976
Château d'Hérouville i Frankrike; Oktober-november 1976

Hansa Studio by the Wall, Vest-Berlin, Tyskland[1][2]

Sjanger Dark ambient
Lengd 5:39
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie og Tony Visconti

«Subterraneans» er ein song av David Bowie og avslutningssporet på albumet hans Low frå 1977. Som det meste av side to er «Subterraneans» hovudsakleg instrumental, med eit kort vers med obskur tekst nær slutten av songen.

«Subterraneans» vart først spelt inn i 1975 og meint for filmusikken til filmen The Man Who Fell to Earth frå 1976.[1] Han vart seinare henta attande for Low.[1]

Karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

Etter at Station to Station-innspelinga enda i november 1975 i Cherokee Studios i Los Angeles, spelte David Bowie inn «Subterraneans» i same studioet i desember 1975.[1] Stykket vart seinare pynta på av Brian Eno.

I plateomslaget til Low står «Peter and Paul» oppført med ekstra ARP synthesizer og piano. «Peter and Paul» er Peter Robinson, som spelte Fender Rhodes, og Paul Buckmaster, som spelte ARP Odyssey.[3] Peter Robinson og Paul Buckmaster arbeidde i lag med Bowie i Cherokee Studios seint i 1975 på den skrinlagde musikken til The Man Who Fell to Earth.

«Subterraneans» vart til slutt den mest redigerte songen på Low, med saksofon av David Bowie, i tillegg til mange lag av synthesizer og reverserte instrumentlydar av Brian Eno, som flyt under ein stønnande vokal som er ordlaus fram til kring dei siste nitti sekunda. Lydlandskapet har ein filmaktig kvalitet som hentar fram kjensla frå Miles Davis-albumet In a Silent Way.[1]

Bowie relaterte songen til elendigheita til dei i Aust-Berlin under den kalde krigen. I følgje Bowie representerte den svake jazz-saksofonen eit minne av det som hadde vore for folk som vart fanga i Aust-Berlin.»[4]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Teksten er blant dei minst tilgjengelge og obskure tekstane til Bowie. Bowie rapporterte[5] at under innspelinga av Low var han «utåleleg lei» vanlege rocketekstar. Tekstane på «Subterraneans» vart skapt ved ein oppkuttingsteknikk, som Bowie tidlegare hadde brukt.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart nytta som introduksjon til Bowie sitt sett under Outside-turneen i 1995. Dette var ein annan versjon enn albumversjonen, med teksten og musikalske tema frå songen «Scary Monsters» (som følgde «Subterraneans» på setlista). Denne versjonen vart spelt i lag med Nine Inch Nails.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Thomas Jerome Seabrook (2008). Bowie in Berlin: A New Career in a New Town: s.131–132
  2. Chris O'Leary (2019). Ashes to Ashes: The Songs of David Bowie 1976–2016: p.49
  3. 3,0 3,1 3,2 magasinet Mojo. 60 Years of Bowie.
  4. Griffin, R. «Low.» Bowie Golden Years (Jan). 2005 Arkivert 2009-01-19 ved Wayback Machine. retrieved 13. august 2021
  5. Low «Low, The Alienation: A lyrical interpretation by Jonathan Greatorex (15-Apr-2000) Arkivert 2018-05-20 ved Wayback Machine. URL retrieved 13. august 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]