Warszawa av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Warszawa
Song av David Bowie og Brian Eno
frå albumet Low
Utgjeve 14. januar 1977
Innspelt September–november 1976
Sjanger Ambient, dark ambient, elektronisk
Lengd 6:23
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie og Brian Eno
Produsent David Bowie og Tony Visconti

«Warszawa» er ein stort sett instrumental song av David Bowie, skriven i lag med Brian Eno og gjeven ut i 1977 på albumet Low. Bandet Joy Division heitte opphavleg Warsaw og var kalla opp etter denne songen.[1]

Komposisjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Arrangementet er meint å frambringe «den særs trøystesløyse atmosfæren» i Warszawa som Bowie kjende på då han vitja byen i 1973 og ønskte at det skulle vere «kjensleladd, nesten religiøst».[2] Den mystiske teksten og melodien i midten av songen var basert på ei innspeling av «Helokanie» av det polske folkekoret Śląsk,[3] sjølv om teksten er fonetisk, ikkje ord på polsk.[4] Bowie hadde kjøpt ei innspeling der Śląsk framfører stykket då han var i Warszawa.[3]

Opningstonane vart komponerte av Eno[2] og stykket utvikla seg ved å nytte mange Eno sine spontane og heilt eksperimentelle teknikkar, med Bowie som valte å lage ein tekstur framfor å lage eit stykke som passa i samanheng med dei andre songane hans. Dei nytta Eno sine teknikkar med «planlagde uhell». Først nytta dei eit klikkspor med 430 klikk, som vart skapt for hand. Frå desse klikka vart eit få utvald tilfeldig og katalogisert. Eno og Bowie ville kvar for seg venta får det tilfeldig utvalde klikket deira, som gav dei signal om å spele ein akkord. Når klikka var fjerna, var grunnlaget for songen att, og gapa mellom vart fylt med musikken deira, med Eno på instrumenta og Bowie på vokal.

Resultatet vart eit stykke i fire delar. Den første delen er sparsam og hovudsakleg i oktavar. Etter 1:17 fyller harmoniane ut og tonearten endrar seg til fiss, og den andre delen - den lengste i stykket - byrjar. Ved 3:47 kjem ei anna endring i tonearten, teksturen vert tynna ut og vokalen til Bowie starta. 5:24 startar den siste delen og denne delen er hovudsakleg ein repetisjon av den andre delen.

All vokal vart skriven og framført av Bowie, trass i at det var 110 stemmer. Eno sa sidan at trass i at han hadde ein tendens til å arbeide langsamt som sin eigen synthesizer-teknikar, så klarte Bowie å spele inn sin del av songen heller raskt. Alle stemmene vart spelte inn på 20 minuttar.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart nytta som opningssong av Bowie på Isolar II-turneen i 1978 og Heathen-turneen i 2002. I staden for å raskt gje seg ut på høglydt rockemusikk, vart songen meint å få publikum roleg og få dei til å halde på spaninga. Bowie valte å halde ein låg profil i 1978 då han kom på scenen under songen og spelte på Chamberlin i lag med resten av bandet fram til han skulle synge teksten. Desse versjonane frå 1978 hadde Bowie på Chamberlin, Simon House på elektrisk fiolin (og ein fiolinsolo som erstatta dei høge tonane Bowie syng på originalen), Roger Powell på synthesizer, Sean Mayes på flygel og ARP Solina String Synthesizer, George Murray på bassgitar, Dennis Davis på cymbalar og perkusjon, medan Carlos Alomar dirigerte bandet og Adrian Belew stod og såg på med den elektriske gitaren skrudd av (og venta på å byrje «Heroes», songen som vart spelt etterpå). Eit opptak frå våren 1978 kom ut på Stage, medan eit opptak frå sommern 1978 kom ut på Welcome to the Blackout (2018).

  • Songen vart framført i 2002 på The Roseland Ballroom under ei framføring av heile Low med unntak av «Weeping Wall».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • De Benedictus/Maroulis — A Tribute to the Music and Works by Brian Eno (1997)
  • Emulsion — .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
  • Phillip GlassThe Low Symfoni (1993)
  • Nine Inch Nails — konsert, med David Bowie (1995)
  • Simon Haram — Alone… (1999)
  • Ah Cama-Sotz — Declaration Of Innocence (2008)
  • Red Hot Chili Peppers - Live at Bemowo (2012-07-27)
  • Dylan Howe : Subterranean - New Designs on Bowie's Berlin (2014)
  • s t a r g a z e - konsertframføring på the BBC Proms, 29. juli 2016[5]
  • Donny Mccaslin - «Beyond Now» (2016)
  • Geir Sundstøl - «Brødløs» (2018)
  • Sterbus - akustisk version live in Rome, Italy, 5. desember 2019
  • Kringkastingsorkesteret har fleire gonger framført stykket på NRK.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. West 1984, s. 9–10.
  2. 2,0 2,1 2,2 Pegg, Nicholas. The Complete David Bowie. s. 249. 
  3. 3,0 3,1 «Warszawa». Pushing Ahead of the Dame. Henta 14. august 2021. 
  4. Oleksiak, Wojciech. «How David Bowie Created Warszawa». Henta 14. august 2021. 
  5. «Prom 19: David Bowie Prom». BBC iPlayer Radio. Henta 23. august 2016.