A Nice Pair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
A Nice Pair
Samlealbum av Pink Floyd
Utgjeve Desember 1973
Innspelt 1967-1968
Sjanger Psykedelisk rock, Progressiv rock
Lengd 81:24
Selskap Harvest Records (Storbritannia)
Capitol Records (USA)
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi
The Dark Side of the Moon (1973) A Nice Pair Wish You Were Here (1975)

A Nice Pair er eit samlealbum av Pink Floyd. Albumet er hovudsakleg albuma The Piper at the Gates of Dawn og A Saucerful of Secrets seld i lag som eit dobbeltalbum. Utan noko tilsynelatande årsak kom den amerikanske utgåva med konsertversjonen av «Astronomy Domine» frå Ummagumma i staden for originalversjonen. Albumet nådde 36. plass på den amerikanske Billboardlista, og fekk gullplate i mars 1994.

Omslaget er laga av Hipgnosis, som laga mange andre Pink Floyd-omslag, inkludert The Dark Side of the Moon. Omslaget har eigentleg ei rekkje bilete av potensielle omslag som ikkje var gode nok omslag på eigahand. Kvart omslag er delt inn i ni firkantar, og kvart bilete representerer eit engelsk ordspel (t.d. bilete av ein gaffel på ein veg, «a fork in the road» som tyder vegkryss).

Albumet var den første utgjevinga for bandet etter The Dark Side of the Moon, noko som virka forvirrande for mange nye tilhengjarar sidan det psykedeliske lydbiletet på dei to første platene var noko ganske anna enn Dark Side (særleg amerikanske tilhengjarar sidan Pink Floyd var meir kjend i Europa).

Sidan både The Piper at the Gates of Dawn og A Saucerful of Secrets vert seld separat, er A Nice Pair ei ganske overflødig plate, og det er lenge sidan plateselskapet slutta å trykke plata, og ho har heller aldri offisielt kome ut på CD.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er av Syd Barrett bortsett frå der det er skrive annleis.

The Piper at the Gates of Dawn[endre | endre wikiteksten]

  1. «Astronomy Domine» – 4:12 (8:12 på amerikansk versjon)
  2. «Lucifer Sam» – 3:07
  3. «Matilda Mother» – 3:08
  4. «Flaming» – 2:46
  5. «Pow R. Toc H.» (Syd Barrett/Roger Waters/Richard Wright/Nick Mason) – 4:26
  6. «Take Up Thy Stethoscope and Walk» (Roger Waters) – 3:05
  7. «Interstellar Overdrive» (Syd Barrett/Roger Waters/Richard Wright/Nick Mason) – 9:41
  8. «The Gnome» – 2:13
  9. «Chapter 24» – 3:42
  10. «The Scarecrow» – 2:11
  11. «Bike» – 3:21

A Saucerful of Secrets[endre | endre wikiteksten]

  1. «Let There Be More Light» (Roger Waters) – 5:38
  2. «Remember a Day» (Richard Wright) – 4:33
  3. «Set the Controls for the Heart of the Sun» (Roger Waters) – 5:28
  4. «Corporal Clegg» (Roger Waters) – 4:13
  5. «A Saucerful of Secrets» (David Gilmour/Roger Waters/Richard Wright/Nick Mason) – 11:57
  6. «See-Saw» (Richard Wright) – 4:36
  7. «Jugband Blues» – 3:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey