Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81
Konsertalbum av Pink Floyd
Utgjeve 18. april 2000
Innspelt 1980-1981
Sjanger Progressiv rock
Lengd 105:16
Selskap EMI (Europa), Columbia Records (USA)
Produsent James Guthrie
Pink Floyd-kronologi
P*U*L*S*E (1995) Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 Echoes: The Best of Pink Floyd (2001)

Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 er eit konsertalbum av Pink Floyd gjeve ut i 2000, men er innspelingar av konsertar frå The Wall-turnén i 1980-1981. Songane som vart brukt på albumet er plukka frå heile turnéen, men mesteparten er henta frå Earls Court i London.

Konserten involverte bygginga av ein mur på langs av scenen gjennom første halvdel av konserten. Under andre halvdel framførde bandet songane gjennom små opningar i muren, på toppen av muren, føre muren og til og med bak muren. Plateomslaget hadde bileter av masker som var svært lik dei fire medlemmane av Pink Floyd på den tida. Desse maskene var det «Surrogatbandet» som hadde på seg under songen «In the Flesh».

Is There Anybody Out There? inneheld heile albumet The Wall i tillegg til to songar, «What Shall We Do Now?» og «The Last Few Bricks». «What Shall We Do Now?» skulle opphavleg med på det originale albumet, men vart fjerna på grunn av plassmangel. «The Last Few Bricks» var derimot ein instrumental overgang mellom «Another Brick in the Wall (Part III)» og «Goodbye Cruel World» og innehaldt tema frå «The Happiest Days of Our Lives», «Don’t Leave Me Now», «Young Lust» og «Empty Spaces»/«What Shall We Do Now?», og vart spelt slik at scenearbeidarane fekk tid til å legge på plass resten av brikkane. Berre ei brikke var igjen, og gjennom det siste holet song Roger Waters «Goodbye Cruel World» før siste del av showet var ferdig og holet vart tetta. Før konsertalbumet kom ut hadde ikkje denne instrumentalen noko tittel, og fansen kalla han «Almost Gone», men under miksinga av konsertalbumet føreslo produsent James Guthrie tittelen for Roger Waters. Det var òg to talespor på albumet med tittel: «MC: Atmos» eller «Master of Ceremonies», ein heilt i starten før «In the Flesh?», og ein før reprisen av «In the Flesh». Desse vart framførd av Gary Yudman, som var seremonimester på Earls Court-konsertane i 1980 og 1981.

Albumet fekk litt kritikk då det kom, og enkelte kritikarar meinte albumet var for stivt strukturert til å vere eit konsertalbum, og berre var ein dårlegare utgåve av studioversjonen, medan andre meinte det var ein glimrande presentasjon av korleis konsertane var, og ein glimrande innspeling og produksjon. Det er nokre små forskjellar mellom konsert- og studioversjonane av songane. Stort sett innber dette at versjonane på konsertalbumet har lengre introar og lengre gitarsoloar.

Albumet nådde 19. plass på Billboardlista og selde raskt over 1 million eksemplar. Det vart det første (og einaste) Pink Floyd-albumet som ikkje vart gjeve ut på vinyl.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Disk 1[endre | endre wikiteksten]

  1. «MC: Atmos» – 1:13
  2. «In the Flesh?» – 3:00
  3. «The Thin Ice» – 2:49
  4. «Another Brick in the Wall (Part I)» – 4:13
  5. «The Happiest Days of Our Lives» – 1:40
  6. «Another Brick in the Wall (Part II)» – 6:19
  7. «Mother» – 7:54
  8. «Goodbye Blue Sky» – 3:15
  9. «Empty Spaces» – 2:16
  10. «What Shall We Do Now?» – 1:38
  11. «Young Lust» (Waters/Gilmour) – 5:17
  12. «One of My Turns» – 3:41
  13. «Don’t Leave Me Now» – 4:08
  14. «Another Brick in the Wall (Part III)» – 1:15
  15. «The Last Few Bricks» (Waters/Gilmour) – 3:26
  16. «Goodbye Cruel World» – 1:41

Disk 2[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hey You» – 4:55
  2. «Is There Anybody Out There?» – 3:09
  3. «Nobody Home» – 3:15
  4. «Vera» – 1:27
  5. «Bring the Boys Back Home» – 1:20
  6. «Comfortably Numb» (Gilmour/Waters) – 7:26
  7. «The Show Must Go On» – 2:32
  8. «Master of Ceremonies» – 0:38 (1:50 på amerikansk kassetversjon)
  9. «In the Flesh» – 4:22
  10. «Run Like Hell» (Gilmour/Waters) – 7:06
  11. «Waiting for the Worms» – 4:14
  12. «Stop» – 0:32
  13. «The Trial» (Waters/Ezrin) – 6:07
  14. «Outside The Wall» – 4:27

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • David Gilmour - Gitar, vokal og mandolin (på «Outside the Wall»)
  • Roger Waters - Bassgitar, gitar, vokal og klarinett (på «Outside the Wall»)
  • Richard Wright - tangentar, trekkspel (på «Outside the Wall») og vokalar
  • Nick Mason - trommer, perkusjon og akustisk gitar (på «Outside the Wall»)

med

  • Snowy White - gitar (konsertane frå 1980)
  • Willie Wilson - trommer og perkusjon
  • Andy Bown - bassgitar og akustisk gitar (på «Outside the Wall»)
  • Peter Wood - tangentar, akustisk gitar (på «Outside the Wall»)
  • Gary Yudman - seremonimester
  • Andy Roberts - gitar (konsertane frå 1981)
  • Stan Farber - korist
  • Joe Chemay - korist
  • Jim Haas - korist
  • John Joyce - korist
Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey