Animals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Animals
Studioalbum av Pink Floyd
Utgjeve 23. januar 1977
Innspelt Britannia Row Studios, april-november 1976
Sjanger Progressiv Rock
Lengd 41:51
Selskap Harvest Records, EMI (Europa)
Columbia Records, Capitol (USA)
Produsent Pink Floyd
Kritikk
Pink Floyd-kronologi
Wish You Were Here (1975) Animals The Wall (1979)

Animals er eit konseptalbum av Pink Floyd frå 1977, delvis basert på George Orwell sin roman Animal Farm. Plata vart innspelt i bandet sitt eige studio, Britannia Row Studios i London.

Animals var det første albumet som stort sett var skrive av Roger Waters. David Gilmour var berre låtskrivar på ein av songane i lag med Waters, den episke songen «Dogs». Animals innehaldt to songar som var skrive før Wish You Were Here. «Dogs» var opphavleg kalla «You Gotta Be Crazy», medan songen «Sheep» hadde namnet «Raving and Drooling». Det at desse to songane ikkje vart med på Wish You Were Here var starten på spliden mellom Waters og Gilmour, men dei to songane utgjorde mesteparten av Animals-albumet. Dette var det første albumet som Richard Wright ikkje medverka som låtskrivar på.

Sjølv om Animals raskt nådde 3. plass på Billboardlista i USA i mars 1977, fall albumet ut av lista etter seks månadar, medan The Dark Side of the Moon til samanlikning framleis stundom er innom listene. Kritikarane meinte albumet var skuffande samanlikna med The Dark Side of the Moon og Wish You Were Here, og har eit langt mørkare og dystrare lydbilete enn dei to føregåande albuma. Pink Floyd sin popularitet har likevel ført til at albumet har seld over 7 millionar eksemplar på verdsbasis, over fire av desse i USA.

Ei utgåve med betre digital lyd kom på CD i 1994 og som ein del av boksen Shine On i 1992. Ei anna utgåve med enno betre lyd vart gjeve ut i Amerika i 1997, og denne utgåva er no standard for versjonar verda over.

Pink Floyd spela òg inn ein 8-sporsversjon av Animals der gitaristen Snowy White spela ein kort gitarsolo mellom dei to versjonane av «Pigs on the Wing». «Pigs (Three Different Ones)» vart delt mellom to program.

Som i George Orwell si Animal Farm er dyra i dei tre sentrale songane metaforar på menneskeleg oppførsel: Hundar, grisar og sauer. Hundane representerer stormannsgale forretningsfolk som til slutt vert dradd ned av si eiga vekt dei treng for å slå om seg. Grisane representerer korrupte politikarar og moralistar (med ein direkte referanse til Mary Whitehouse, som på den tida prøvde å sensurere musikken til Pink Floyd på grunn av deira politiske overtonar). Dei som ikkje fell inn i nokre av desse gruppene er sauar, som i blinde følgjer etter grisane og hundane utan eigne tankar. Waters har altså ingen positive kategoriar for mennesket.

Kvar song på albumet reflekterer Pink Floyd sitt syn på klassesystemet ein finn i kapitalistiske samfunn, der grisane er er ein metafor for eigarane av store selskap (overklassen), hundane er omsynslause folk som driv selskapa (over- og middelklassen), medan sauene er arbeidarklassen. Biletet på omslaget refererer til dette klassesamfunnet der fabrikken representerer arbeidarane, medan grisen svevar over bygningen.

Albumet opnar og sluttar med «Pigs on the Wing», som var ei kjærleiksvise skriven av Waters for hans dåverande kone Caroline. Begge står i sterk kontrast til dei tre misantropiske songane i midten, og føreslår at kameratskap kan hjelpe oss å overvinne feila våre. Sjølv om mange som høyrer på albumet gjerne igonerer desse to songane, så er dei nøkkelen til albumet og oppsumerer heile albumet på berre eit og halvt minutt. Waters referer òg til seg sjølv som ein hund i del 2 av songen.

Omslag[endre | endre wikiteksten]

På bilete på omslaget kan ein sjå ein stor heliumballong forma som ein gris. Grisen svevar over Battersea Power Station. Den første dagen dei tok bileter hadde dei ein skarpskyttar i tilfelle grisen braut laus. I følgje Storm Thorgerson vart dette sett på som eit «forsikringsproblem», og skarpskyttaren var ikkje med andre dagen dei tok bilete. Ironisk nok, den 3. desember 1976, som var den andre dagen, tok eit vindkast tak i grisen som då slitna frå fortøyingane. Sidan ingen kunne skyte ned grisen steig han til vêrs. Eit passasjerfly rapporterte å ha sett grisen, noko som førte til forseinkar ved flyplassen Heathrow. Eit politiheilkopter vart tilkalla for å følgje grisen, men måtte gje opp då han steig over 5000 fot. Ei åtvaring vart då sendt ut til pilotane i området om at ein enorm flygande gris var laus i området. Luftfartsstyresmaktene mista radarkontakt med grisen nær Chatham i Kent i ei høgd på 18000 fot, og han var då på veg mot Tyskland. Han landa til slutt på eit jorde, vart fiksa og sendt opp att ein tredje gong. Resultatet vart derimot ikkje så bra, så dei retusjerte eit bilete av grisen frå den tredje dagen på eit bilete frå den andre dagen. Liknande svevande grisar har sidan vore ein del av konsertane til Pink Floyd og Roger Waters.

Spyttehendinga[endre | endre wikiteksten]

Turnén etter albumet vart kalla In the Flesh. Turnéen vart utmattande og bandmedlemmane gjekk lei. Etter fleire konsertar følte Waters at det vart større og større avstand mellom publikummet og han sjølv. På den siste konserten på turéen i Montreal i Canada skulle Waters til og starte på «Pigs on the Wing» då nokon i publikum fyrte i gang ein kinaputt nær scenen. Waters stoppa songen og skreik ut: «Oh, for fuck's sake. Stop letting off fireworks and shouting and screaming. I'm trying to sing a song.» Publikum jubla og Waters heldt fram:

«I mean I don't care. If you don't wanna hear it, you know... Fuck you! I'm sure there's a lot of people here who do want to hear it. So why don't you just be quiet... If you wanna let your fireworks off, go outside and let them off out there. And if you wanna shout and scream and holler go and do it out there but... I'm trying to sing a song that some people want to listen to. I want to listen to it!»

Han heldt så fram med songen, men det gjekk berre nedover frå der, og under «Pigs (Three Different Ones)» var det ein fan som byrja å klatre på gjerdet mellom publikum og scenen, og Waters steig bort til han og spytta han i andletet. Gilmour skal visstnok ha gått av scenen i avsky etter konserten, og kom ikkje på scenen igjen for ekstranummeret. Etterpå skal Waters ha angra på det han gjorde og klaga på avstanden mellom bandet og publikum. Det var dette som fekk Waters inn på ideen om konseptet bak albumet The Wall.

I følgje Nick Mason si bok Inside Out: A Personal History of Pink Floyd skjedde derimot spyttehendinga under ein konsert der Waters spytta på ein tilhøyrar på tredje rad som heile tida ropte «Spel 'Careful With that Axe', Roger!" mellom songane.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av Roger Waters. 

Side ein
# Tittel Musikk Solovokal Lengd
1. «Pigs on the Wing 1»   Waters Waters 1:25
2. «Dogs»   Gilmour, Waters Gilmour, Waters 17:03
18:28
Side to
# Tittel Musikk Solovokal Lengd
1. «Pigs (Three Different Ones)»   Waters Waters 11:25
2. «Sheep»   Waters Waters 10:25
3. «Pigs on the Wing 2»   Waters Waters 1:23
23:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med

  • Snowy White - Gitarsolo på «Pigs on the Wing» (berre 8-sporsversjonen)
  • Brian Humphries - Lydteknikar
  • Storm Thorgerson - albumdesign
  • Aubrey Powell - albumdesign

Songar[endre | endre wikiteksten]

Pigs on the Wing[endre | endre wikiteksten]

«Pigs on the Wing» er delt i to delar og opnar og avsluttar albumet. Han er skriven av Roger Waters som ein kjærleikssong til den dåverande kjæraste Carolyne.[1]. Begge delane står i sterk kontrast til dei tre misantropiske songar i midten, og foreslår at samhald kan overvinne feila våre. Songane oppsummerer heile albumet i løpet av dei korte 1:25 begge delane varer. Roger Waters referer tilsynelatande til seg sjølv som ein «hund» i del 2: «Now that I've found somewhere safe to bury my bone, And any fool knows, a dog needs a home, A shelter, from pigs on the wing.» Ein annan antyding finn ein i linja «So I don't feel alone, or the weight of the stone», som syner til hundane som vert «dragged down by the stone» i «Dogs».

På 8-sporsversjonen vart rekkefølgja endra, og Part 1 og 2 vart spelt i lag i starten av albumet. Dei vart knytt saman av ein gitarsolo spelt av Snowy White, som spelte denne gitarsoloen på konsertane deira i 1977.

Dogs[endre | endre wikiteksten]

«Dogs» vart opphavleg skriven som «You Gotta Be Crazy» med tekst av Waters og musikk av Gilmour. Biletet av hundar er ein metafor for stormannsgale forretningsmenn som øydelegg dei rundt seg og seg sjølv ved at dei er besett av sine eigne ego og karrierar.

Under synthsoloen til Rick Wright kan ein høyre ein hund som gøyr. Denne lydeffekten vart laga ved å nytte ein vocoder. Både Gilmour og Waters syng på songen. Gilmour syng mesteparten, medan Waters tar over på dei to siste versa.

Den originale songen, «You Gotta Be Crazy», vart skriven for turneen deira i 1974. Songen var opphavleg planlagt for Wish You Were Here i 1975, men planane vart endra, noko som vart starten på spliden mellom Waters og Gilmour. Songen vart endra før han vart spelt inn for Animals.

Pigs (Three Different Ones)[endre | endre wikiteksten]

Songen er skriven av Roger Waters og representerer folka som Waters meiner er på toppen av samfunnet, dei med rikdom og makt. Dei manipulerer òg resten av samfunnet og oppfordrar dei til å vere vondskapsfull konkurrerande og mordariske, slik at grisane kan halde på makta. Dei tre versa i songen representerer tre forskjellige «grisar», men berre i siste verset er det tydeleg kven det er snakk om, då moralforkjemparen Mary Whitehouse vert nemnd med namn. Dette medverka til det dårlege biletet Whitehouse hadde av Pink Floyd, som ho meinte fremma sex og dop.

Halvvegs gjennom songen nyttar Gilmour ein talkbox på gitaren for å etterlikne lyden av grisar.

Sheep[endre | endre wikiteksten]

«Sheep» vart opphavleg skriven som «Raving and Drooling» av Roger Waters. Songen vart først framført i 1974 for turneen deira dette året. Han skulle opphavleg spelast inn for Wish You Were Here, men som med «Dogs» vart han ikkje spelt inn før Animals. Songen inneheld ein parodi av Salme 23 som vert framført gjennom ein vocoder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nicholas Schaffner, Saucerful of Secrets, 1992
Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey