Any Colour You Like

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Any Colour You Like
Singel av Pink Floyd
frå albumet The Dark Side of the Moon
A-side «Money»
Utgjeve 23. mars 1973
Innspelt Juni 1972 - januar 1973 i Abbey Road Studios i London
Sjanger Psykedelisk rock, progressiv rock
Lengd 3:25
Selskap Harvest, EMI (UK)
Harvest, Capitol (US)
Låtskrivar(ar) Gilmour
Wright
Mason
Produsent Pink Floyd
Pink Floyd-kronologi
«Free Four»
(1972)
Any Colour You Like «Us and Them»/«Time»
(1973)

«Any Colour You Like» er ein instrumental av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973. Songen er laga av David Gilmour, Richard Wright og Nick Mason

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen er bygd opp av ein synthesizermelodi, som etter kvart glir inn i ein gitarsolo. Til å vere 1973 vart det brukte avanserte effektar både på synthesizeren og gitaren. VCS3-synthesizeren vart køyrt gjennom ein lang teiploop for å skape den fallande og stigande lyden i soloen. David Gilmour brukte to gitarar med ein såkalla UniVibe-effekt.

Songen vert òg kalla «Breathe (2nd reprise)» (og i gitartabulatorboka for Dark Side står den til og med oppført som dette[1]). Songen er bygd opp rundt om lag den same akkordprogresjonen som «Breathe», men er transponert ned eit hakk få E til D, i tillegg til å ha eit mykje meir funky komp enn «Breathe».

Tittelen kom frå ein av studioteknikarane som ofte svarte på spørsmål med «You can have it any colour you like», som var ein referanse til Henry Ford si skildring av bilen Model T: «You can have it any color you like, as long as it's black.»

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

På tidlege konsertversjonar vart det ikkje synthesizersolo, og songen var ein lang instrumentalimprovisasjon kalla «Scat Section» eller «Scat». Gilmour song ofte i lag med gitarsoloen sin gjennom ein mikrofon som var kopla til ein Lesliehøgtalar. Av og til vart òg kordamene med på songen.

I 1975 var songen ofte mykje lenger, av og til opp mot ti minutt, og både Gilmour og kordamene song med på songen. I 1994 var songen litt annleis, med ein del meir synthesizer. Han vart derimot ikkje lengre, som i tidlegare utgåver.

I 2006 spelte Roger Waters songen på turnéen sin The Dark Side Of The Moon Live Tour, med Dave Kilminster på gitar og scatvokal.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]