Pink Floyd: Live at Pompeii

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pink Floyd: Live at Pompeii er ein musikkfilm av Adrian Maben frå 1972. Filmen inneheld det britiske bandet Pink Floyd som spelar seks songar i ruinane av eit tomt, gamalt amfiteater i Pompeii i Italia.

Songane «Echoes», «A Saucerful of Secrets» og «One of These Days» vart filma frå 4. til 7. oktober 1971, medan resten vart filma i eit studio i Paris med blåskjermbilete av Pompeiiframføringa i bakgrunnen. Klippa frå Paris vart filma seint i 1971 eller tidleg i 1972, og ein kan sjå skilnaden ved at Richard Wright har skjegg i Paris. Denne utgåva av filmen vart gjeve ut i september 1972 og finst på DVD-utgåva.

I august 1974 vart det gjeve ut ein annan versjon av filmen, som kombinerer den originale filmen med innspelingar av The Dark Side of the Moon ved Abbey Road Studios. Desse innspelingane vart faktisk iscenesett for filmen, sidan albumet var ferdiginnspelt då desse klippa vart filma i januar 1973, og bandet allereie haldt på å mikse albumet.

Under «One of These Days», ser ein stort sett berre Nick Mason, sidan filmane av resten av bandet forsvann. Under denne framføringa kan ein sjå Mason som mistar ei trommestikke, men held fram å spele med ei hand, medan han hentar ei ny trommestikke.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Den originale utgjevinga varte om lag ein time og innehaldt berre konsertopptak. Den andre utgåva hadde klipp av den tilsynelatande innspelinga av albumet The Dark Side of the Moon, i tillegg til intervju av bandet. Denne versjonen varte om lag 80 minutt. Ei spesialutgåve av regissøren kom i 2003 på DVD i lag med tilleggsmateriale, og varte 92 minutt.

Originalt innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Intro Song»
  2. «Echoes, Part 1»
  3. «Careful with That Axe, Eugene»
  4. «A Saucerful of Secrets»
  5. «One of these Days I'm Going to Cut You into Little Pieces»
  6. «Set the Controls for the Heart of the Sun»
  7. «Mademoiselle Nobs»
  8. «Echoes, Part 2»

Regissøren sin versjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «Echoes, Part 1»/«On the Run» (frå studio)
  2. «Careful with That Axe, Eugene»
  3. «A Saucerful of Secrets»
  4. «Us and Them» (frå studio)
  5. «One of These Days»
  6. «Mademoiselle Nobs»
  7. «Brain Damage» (frå studio)
  8. «Set the Controls for the Heart of the Sun»
  9. «Echoes, Part 2»

Innhald på DVD-utgåve[endre | endre wikiteksten]

  1. Regissøren sin versjon
  2. Den originale utgåva av filmen
  3. Kart over Pompeii og historie
  4. Songtekstar
  5. Fotogalleri
  6. Bileter av albuma
  7. Odds 'N' Sods

Alternative titlar[endre | endre wikiteksten]

  • Echoes: Pink Floyd (USA)
  • Pink Floyd in Pompeii (Belgia)
Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey