Oh, by the Way

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oh, by the Way
Plateboks av Pink Floyd
Språk engelsk
Utgjeve 10. desember 2007
Innspelt 1967–1994
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk rock
Lengd 12:01:40
Selskap EMI
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie, Michael Kamen, Norman Smith, Pink Floyd, Roger Waters
Pink Floyd-kronologi 
Echoes: The Best of Pink Floyd
(2001)
Oh, by the Way Discovery
(2011)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
Pitchfork Media(4.0/10)[2]

Oh, by the Way er ein plateboks av Pink Floyd[3] gjeve ut 10. desember 2007 av EMI Records i Storbritannia og dagen etter i USA på Capitol Records.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Plateboksen inneheld alle studioalbuma til Pink Floyd på ein skala som etterlikna dei originale vinylutgåvene.[5] I tillegg til albuma og ekstraspor, kom samlinga med ein spesialdesigna plakat av Storm Thorgerson, med 40 Pink Floyd-bilete.[6]

Design og omslag[endre | endre wikiteksten]

Tittelen er ein referanse til ei linje i songen «Have a Cigar»: «Oh by the way, which one's Pink?» Omslaget består av eit liknande konsept som framsida av Ummagumma—ei side av boksen syner eit bilete av eit rom med forskjellige objekt spreidde rundt, med bilete av Roger Waters, David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright på veggane, medan den andre sida har det same rommet i eit anna lys, der objekta og bileta er omarrangerte. Ståande i bakgrunnen på begge sider av omslaget er ei mørk silhuett som symboliserer Syd Barrett.

Album[endre | endre wikiteksten]

Albuma i boksen er:

  1. The Piper at the Gates of Dawn - august 1967 (2007-ommaster)
  2. A Saucerful of Secrets - juni 1968 (oppført som 1992-ommaster, men er i røynda 1986-masteren)
  3. More - juni 1969 (1995-ommaster)
  4. Ummagumma - oktober 1969 (1994-ommaster)
  5. Atom Heart Mother - oktober 1970 (1994-ommaster)
  6. Meddle - oktober 1971 (oppført som 1992-ommaster, men er i røynda 1984-master)
  7. Obscured by Clouds - juni 1972 (1995-ommaster)
  8. The Dark Side of the Moon - mars 1973 (2003-ommaster)
  9. Wish You Were Here - september 1975 (1992-ommaster)
  10. Animals - januar 1977 (oppført som 1992-ommaster, men er i røynda 1986-masteren)
  11. The Wall - november 1979 (1994-ommaster)
  12. The Final Cut - mars 1983 (versjon med sporlista frå 2004) (2004-ommaster)
  13. A Momentary Lapse of Reason - september 1987 (1997-ommaster)
  14. The Division Bell - mars 1994 (not-ommastered)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Allmusic review». 
  2. «Pitchfork review». 
  3. ««Oh By The Way»: Pink Floyd Celebrates 40th Anniversary». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 2. juli 2018. Henta 18. juli 2019. 
  4. «Massive Pink Floyd Box Due In December». billboard.com. 
  5. «Oh, by the Way Mini Replica». 11. desember 2007 – via Amazon. 
  6. «Pitchfork: Pink Floyd Studio Catalogue Reissued in Box Set». pitchforkmedia.com. Arkivert frå originalen 2. november 2007. Henta 18. juli 2019.