Relics

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Relics
Samlealbum av Pink Floyd
Utgjeve 14. mai 1971
Innspelt 1967-1969
Sjanger Psykedelisk rock, progressiv rock
Lengd 49:38
Selskap EMI (Storbritannia)
Harvest (USA)
Produsent Pink Floyd, Norman Smith
Kritikk
Pink Floyd-kronologi
Atom Heart Mother (1970) Relics Meddle (1971)

Relics er eit samlealbum av Pink Floyd frå 1971. Ei ny utgåve på CD med betre digital lyd kom i 1996 med eit anna plateomslag. Det originale plateomslaget var teikna av trommis Nick Mason og framstilte eit skip laga av musikkinstrument. Det nye omslaget viser eit bilete av ein ferdigbygd modell av skipet.

Relics var mest kjend for å innehalde dei tidlege hitsinglane «Arnold Layne» og «See Emily Play» frå Syd Barrett-perioden, i tillegg til B-sidene til tre andre singlar. Den inneheld òg den tidlegare ikkje utgjevne studioinnspelinga «Biding My Time» av Roger Waters, som tidlegare berre hadde vore spelt på konsertar. Resten av songane var identiske til albumversjonane.

Relics nådde 34. plass på albumlista i Storbritannia og 153. plass i USA.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Arnold Layne» (Singel 1967) Barrett 2:56
2. «Interstellar Overdrive» (frå The Piper at the Gates of Dawn) Barrett, Waters, Wright, Mason 9:43
3. «See Emily Play» (Singel 1967)   2:54
4. «Remember a Day» (frå A Saucerful of Secrets) Wright 4:29
5. «Paint Box» (Singel B-side til «Apples and Oranges» (1967)) Wright 3:33
6. «Julia Dream» (Singel B-side til «It Would Be So Nice» (1968)) Waters 2:37
7. «Careful with That Axe, Eugene» (Singel B-side til «Point Me at the Sky» (1968)) Gilmour, Waters, Wright, Mason 5:45
8. «Cirrus Minor» (frå Music from the Film More) Waters 5:18
9. «The Nile Song» (frå Music from the Film More) Waters 3:25
10. «Biding My Time»   Waters 5:18
11. «Bike» (frå The Piper at the Gates of Dawn) Barrett 3:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]