Not Now John

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Not Now John
Singel av Pink Floyd
frå albumet The Final Cut
B-side «The Hero's Return (Parts 1 and 2)»
Utgjeve 1983
Innspelt juli–desember 1982
Sjanger Hardrock
Progressiv rock
Lengd 5:02 (album) / 4:12 (singel)
Selskap Harvest Records (UK)
Capitol Records (US)
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Roger Waters, James Guthrie og Michael Kamen
Pink Floyd-kronologi
«When the Tigers Broke Free»
(1982)
Not Now John «Learning to Fly»
(1987)

«Not Now John» er ein song av Pink Floyd frå 1983 og albumet The Final Cut. Songen er den einaste songen på albumet sungen av David Gilmour, i tillegg til Roger Waters, som syng resten av songane. Songen vart korta ned og gjeven ut på singel, der ordet «fuck» vart sensurert. Dette var den einaste singelen frå albumet.

Tyding[endre | endre wikiteksten]

Teksten, skriven av Roger Waters, omhandlar krig (særleg Falklandskrigen) og kritikk av statsminister Margaret Thatcher, i tillegg til generell kritikk av grådigheit og korrupsjon, som Waters meinte var ein fare for samfunnet. Han syner òg det bestikkelege og ufruktbare arbeidet i Amerika, Europa og Japan i etterkrigstida. Teksten fortel hovudsakleg om endringar i global handel og at ein ny leiar dukkar opp i forbruksvareindustrien, Japan.

«John» i tittelen referer ikkje til ein spesifikk person, men vert meir nytta på same vis som «mate» eller «pal».

Video[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for songen syner eit japansk born som går gjennom ein fabrikk på leit etter ein soldat. Bornet vert møtt av fabrikkarbeidarar som speler kort og geishajenter før han fell død om frå eit stillas og vert funnen av ein krigsveteran frå andre verdskrigen (spelt av Alex McAvoy, som òg spelte læraren i Pink Floyd The Wall).

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til dei andre songane på The Final Cut er «Not Now John» ein livleg song med eit drivande tempo. Gilmour og Waters deler vokalen, på liknande vis som på «Comfortably Numb» på The Wall og dei representerer forskjellige «roller» eller synspunkt - Gilmour er den sjølvtente uvitande lekmannen, medan Waters er den intellektuelle, ansvarlege observatøren av ulukkene i verda.[1] Water syng derimot verds knytt til rolla til Gilmour mot slutten av songen.

Singel[endre | endre wikiteksten]

«Not Now John» vart gjeven ut på singel den 3. mai 1983. Setninga «fuck all that», som vert gjenteken fleire gonger gjennom songen, vart byta ut med «stuff all that».

«The Hero's Return» vart gjeven ut som B-side og inneheldt eit ekstra vers som ikkje er på albumversjonen. Ein 12"-utgåve vart òg gjeven ut i Storbritannia, med dei to spora frå singelen på side ein og albumversjonen av «Not Now John» på side 2. Singelen nådde 30. plass i Storbritannia og 7. plass den amerikanske Top Tracks rocklista.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.allmusic.com/song/t1530754
Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey