Rock 'n' Roll Suicide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rock 'n' Roll Suicide
Singel av David Bowie
frå albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
B-side «Quicksand»
Utgjeve 11. april 1974
Innspelt Trident Studios i London
Januar–februar 1972
Sjanger Glamrock
Lengd 2:57
Selskap RCA Records
LPBO 5201
Produsent David Bowie, Ken Scott
David Bowie-kronologi
«Rebel Rebel»
(1974)
Rock 'n' Roll Suicide «Diamond Dogs»
(1974)

«Rock 'n' Roll Suicide» er ein song av David Bowie, opphavleg gjeven ut som den siste songen på albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i juni 1972. Han fortel soga om Ziggy som kollapsar som ei gammal, utvaska rockestjerne, og var òg siste songen spelt på Ziggy Stardust-konsertane. I april 1974 gav RCA songen ut på singel.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Time takes a cigarette
Puts it in your mouth
You pull on your finger
Then another finger
Then your cigarette

David Bowie (1972)

Bowie såg på songen i same tradisjon som ein fransk chanson,[1] medan biografen David Buckley har skildra både «Rock 'n' Roll Suicide» og opningssporet på albumet, «Five Years», som «meir som avantgarde showsongar enn faktiske rockesongar».[2] Kritikar Stephen Thomas Erlewine meinte på liknande vis at songen hadde «ei stor kjensle av iscenesett drama ein tidlegare ikkje hadde høyrt i rock & roll».[3]

Sjølv om Bowie har indikert Baudelaire som inspirasjon, er teksten «Time takes a cigarette...» meir lik diktet «Chants Andalous» av Manuel Machado: «Life is a cigarette / Cinder, ash and fire / Some smoke it in a hurry / Others savour it».[1] Den formanande «Oh no, love, you're not alone» referer Jacques Brel-songen «You're Not Alone» («Jef») som fanst i musikalen Jacques Brel is Alive and Well and Living in Paris.[4] Bowie spelte Brel sin «My Death» under Ziggy Stardust-konsertane og spelte «Amsterdam» på BBC.

Utgjeving og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

«Rock 'n' Roll Suicide» var ein av dei siste songane som vart spelte inn for Ziggy Stardust, i lag med «Suffragette City», som var songen før på albumet, samt «Starman», som kort tid etter vart gjeven ut som singel. Som den siste songen på albumet og under Ziggy Stardust-konsertane i 1972-1973, vart han snart eit slagord, som stod på jakkene til mange av tilhengjarane.[5]

I april 1974 var RCA utolmodige av å vente på nye songar og hadde alt skunda seg med å gje ut «Rebel Rebel» frå Diamond Dogs-innspelinga, og plukka vilkårleg ut denne songen som singel. Han var to år gammal og dei fleste hadde alt songen på Ziggy Stardust. Singelen gjorde det derfor ikkje så veldig bra.[6] Han nådde 22. plass i Storbritannia, den første RCA-singelen til Bowie som ikkje nådde Topp 20 sidan «Changes» i januar 1972. B-sida til singelen var «Quicksand».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produsentar
Musikar

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Bowie spelte songen på BBC-showet Sounds of the 70s with Bob Harris den 23. mai 1972. Dette vart sendt den 19. juni 1972 og i 2000 gjeven ut på albumet Bowie at the Beeb.
  • Eit konsertopptak frå Santa Monica Civic Auditorium den 20. oktober 1972 vart gjeven ut på Santa Monica '72.
  • Opptaket frå den kjende konserten i Hammersmith Odeon i London, den 3. juli vart gjeven ut på Ziggy Stardust - The Motion Picture. Før songen byrjar annonserer Bowie: «Alle saman...dette har vore ein av dei største turneane våre. Eg vil takke bandet. Eg vil takke scenearbeidarane våre. Eg vil takke lysteknikarane våre. Av alle konsertane på denne turneen, vil denne konserten vere med oss lengst, for ikkje berre er det den siste konserten på turneen, men det er den siste konserten me nokon gong kjem til å spele. Takk.» Denne versjonen finst òg på Sound and Vision-boksen.
  • Eit opptak frå 1974-turneen vart gjevne ut på David Live. Eit anna opptak frå turneen kom ut på den halvoffisielle A Portrait in Flesh.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.174-175
  2. David Buckley (1999) Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.141
  3. Allmusic album review
  4. Allmusic song review
  5. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.48
  6. David Buckley (1999) Op Cit: s.244