Songen Station to Station
Station to Station Song av David Bowie frå albumet Station to Station | ||
Utgjeve | 23. januar 1976 | |
Innspelt | Los Angeles, september–desember 1975 | |
Sjanger | Rock Krautrock | |
Lengd | 10:14 8:42 (redigert) | |
Selskap | RCA Records | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie, Harry Maslin |
The return of the Thin White Duke
David Bowie (1976)
|
«Station to Station» er ein song skriven av David Bowie i 1975 og gjeven ut i 1976. Han er tittelsporet og opningssporet på albumet med same namn. Songen er den lengste studioinnspelinga til Bowie, like over 10 minuttar lang. Strukturmessig byggjer songen seg opp frå ein monoton, gitardriven introduksjon, før ein får eit livleg parti mot slutten med refrenget «It's too late».
I 1999 fortalte Bowie UNCUT, «sidan Station To Station har blandinga av R&B og elektronika vore eit mål for meg».[1] Trass i støyen frå toget i opninga, hevdar Bowie at tittelen ikkje referer til togstasjonar, men til Krossvegsandakten (Stations of the Cross), medan linja «From Kether to Malkuth» viser til mystiske stader i Kabbalah, ei blanding av kristne og jødiske referansar.[2] Fiskeringa på det okkulte kom òg til uttrykk i linjer som «white stains», namnet på ei diktsamling av Aleister Crowley.[3] Teksten nemner òg narkotikamisbruken til Bowie («It's not the side effects of the cocaine / I'm thinking that it must be love»).[4] Påverka av Krautrock, var dette den tydlegaste forsmaken på den komande 'Berlintrilogien'.[5] [2]
Det er på denne songen Bowie introduserer seg sjølv som «The Thin White Duke».
«It's not the side-effects of the cocaine/I'm thinking that it must be love».
Songen vart ikkje gjeven ut som singel.
Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]
- Eit konsertopptak frå Philadelphia Spectrum, 28.-29. april 1978, vart gjeven ut på Stage. Denne versjonen finst òg i filmen Christiane F., der Bowie dukkar opp i filmen som seg sjølv, der han framfører denne songen på ein konsert. Ei forkorta utgåve av songen vart gjeven ut på filmusikkalbumet til filmen.
- Eit konsertopptak frå 1983-turneen vart gjeven ut på Serious Moonlight VHS og DVD.
Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
- Ein nymastra utgåve av konsertopptaket frå Stage finst òg på samleplata Sound and Vision.
Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]
- Songen vart spelt av The Merry Thoughts på albumet A Tribute to David Bowie: The Dark Side of David Bowie (1997).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Station to Station (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mai 2011.