Always Crashing in the Same Car

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Always Crashing in the Same Car
Song av David Bowie
frå albumet Low
Utgjeve 14. januar 1977
Innspelt 1976
Sjanger Kunstrock
Lengd 3:33
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie og Tony Visconti

«Always Crashing in the Same Car» er ein song av David Bowie for albumet Low frå 1977.

Teksten uttrykker frustrasjon over å gjere den same feilen om att og om att. Forteljaren i songen fortel at han køyrer rundt i sirklar i ein hotellgarasje i stor fart, og ser seg om etter farar, før han likevel kræsjar, medan ei jente som heiter Jasmine ser på. Dette kan vere eit bilete på det tidlegare kokainmisbruket til Bowie, sidan songen vart spelt inn då Bowie trekte seg attende til Europa frå USA for å kvitte seg med misbruket.

Det er to vers i songen. Det var eit tredje vers planlagt. I studio song Bowie det tredje verset som Bob Dylan, men med tanke på motorsykkelulukka til Bob Dylan nokre år tidlegare og temaet i songen, meinte bandet dette var for krast og Bowie bad Tony Visconti om å fjerne verset frå innspelinga.

Det vert nytta synthesizerar og handsamingar på songen for å føre den stort sett rolege vokalen til Bowie over lyden til bandet. Ein lang gitarsolo kjem mot slutten av songen.

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

  • Bowie og Reeves Gabrels spelte ein heilakustisk versjon av songen for radiostasjonen WRXT den 16. oktober 1997.
  • Eit konsertopptak frå BBC Radio Theatre, London, 27. juni 2000 vart gjeven ut på bonusplata som følgde dei første utgåvene av Bowie at the Beeb. Denne versjonen har ein lengre introduksjon med akustisk gitar.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]