“Heroes”

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om albumet. For songen, sjå “Heroes” av David Bowie.
“Heroes”
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 14. oktober 1977
Innspelt Juli–august 1977
Studio Hansa (Vest-Berlin)
Sjanger
Lengd 40:19
Selskap RCA
Produsent
David Bowie-kronologi
Low
(1977)
“Heroes” David Bowie Narrates Prokofiev's Peter and the Wolf
(1978)


Singlar frå “Heroes”
  1. «“Heroes”» / «V-2 Schneider»
    Utgjeve: 23. september 1977
  2. «Beauty and the Beast» / «Sense of Doubt»
    Utgjeve: 6. januar 1978

“Heroes” er det 12. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 14. oktober 1977 på RCA Records. Etter han gav ut Low tidlegare på året, turnerte Bowie som klaverspelar for venen og songaren Iggy Pop. Då turneen var over, spelte dei inn det andre soloalbumet til Pop, Lust for Life i Hansa Tonstudio i Vest-Berlin før Bowie i lag med samarbeidspartnaren Brian Eno og produsenten Tony Visconti gjekk inn i same studioet for å spele inn “Heroes”. Det var det andre albumet i Berlintrilogien hans, etter Low og før Lodger (1979). Av dei tre albuma er dette det einaste som berre vart spelt inn i Berlin. Fleire av dei same musikarane frå Low vart med på denne innspelinga òg, i tillegg til King Crimson-gitaristen Robert Fripp.

Albumet vart spelt inn sporadisk i juli og august 1977. Dei fleste songane vart komponerte der og då i studioet, og tekstane vart ikkje skrivne før Bowie stod føre mikrofonen. Sjølve musikken er basert på kunstrock og eksperimentell rock, og byggjer på den elektroniske og ambiente stilen frå føregangaren, sjølv om tonen, atmosfæren og lidenskapen er meir positiv. Albumet følgjer òg den same strukturen som føregangaren, der side ein består av meir vanlege spor, medan side to hovudsakleg er instrumentalar.

Omslagsbiletet var i likskap med Iggy Pop sitt The Idiot, eit nikk til måleriet Roquairol av den tyske kunstnaren Erich Heckel. Då det kom ut selde “Heroes” godt og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart og 35. plassen på den amerikanske Billboard 200. Det var det best likte albumet i Berlintrilogien då det kom ut, og NME og Melody Maker kåra det til årets album. Bowie marknadsførte albumet mykje og deltok på fleire fjernsynsprogram og intervju. Han marknadsførte både Low og “Heroes” med verdsturneen Isolar II gjennom 1978. Konsertopptak frå turneen er komen ut på Stage (1978) og Welcome to the Blackout (2018).

I seinare år har “Heroes” framleis fått gode meldingar, og mange hyllar korleis Bowie voks som artist og bidraga til Fripp. Sjølv om kritikarane har ein tendens til å sjå på Low som eit meir banebrytande album, vert “Heroes” rekna blant dei beste albuma og det mest innverknadsrike arbeidet til Bowie. Tittelsporet gjorde det i starten ikkje så godt som singel, men er blitt ein av dei mest kjende og respekterte songane til Bowie. Ein endra og tildekt versjon av plateomslaget vart sidan nytta som plateomslag på albumet The Next Day i 2013. Albumet er gjeve ut på ny fleire gonger og vart ommastra i 2017 som ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I andre halvdel av 1976 flytta David Bowie til Sveits med kona Angela for å kome seg bort frå dopkulturen i Los Angeles.[1][2] Han drog så til Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike med venen og songaren Iggy Pop, der dei to spelte inn det første studioalbumet hans, The Idiot sommaren 1976.[3] Etter å ha møtt musikaren Brian Eno same året,[4] byrja Bowie, produsenten Tony Visconti og Eno arbeidet på Low, som var den første plata i det som kom til å bli kjend som Berlintrilogien.[2] Innspelinga for Low tok til i september 1976 og heldt fram ut november,[5] og enda opp i Hansa Studios i Vest-Berlin,[6] etter at Bowie og Pop flytta der.[1][7]

RCA Records utsette utgjevinga av Low i tre månadar, fordi dei frykta dårlege salstal.[8] Då det omsider kom ut i januar 1977 vart det ikkje marknadsført i særleg grad av verken RCA eller BOwie sjølv, som meinte det var hans «minst kommersielle» album til då, og Bowie valte i staden å turnere med Pop som klaverspelar.[9][10] Turneen marknadsførte The Idiot,[11] og varte frå mars til april 1977.[12] Då turneen var over, drog Bowie og Pop attende til Hansa Tonstudio 2, der dei spelte inn det neste soloalbumet til Pop, Lust for Life i løpet av to og ei halv veke, frå mai til juni 1977.[13][14]Lust for Life var ferdig, var Bowie klar til å byrje arbeidet på sitt neste album. I midten av juni reiste han til Paris for å gjere den første marknadsføringsjobben sin på over eit år. Han filma ein musikkvideo for Low-singelen «Be My Wife», og filma så to intervju med franske journalistar ei veke seinare. Etter dette kontakta Bowie Eno for å diskutere det neste samarbeidet deira. Dei to brukte eit par veker på å kome opp med konsept og idear for det nye albumet, før dei fekk med seg Visconti, som var oppteken med andre oppgåver.[15]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Bowie, Visconti og Eno møttest i Hansa Studio 2 i Vest-Berlin.[16] Sjølv om albumet var den andre plata i Berlintrilogien, er dette det einaste som vart fullstendig spelt inn i Berlin.[17] Studioet var ein tidlegare konserthall omgjort til eit platestudio, og hadde vore nytta av Gestapo-offiserar under andre verdskrigen som ballsal.[18][19] Studioet låg kring 500 meter frå Berlinmuren, og Bowie kalla det «the hall by the wall».[18] Visconti fortalte korleis plasseringa av studioet påverka den kreative prosessen: «Kvar ettermiddag sat eg ved ein pult og såg tre russiske vakter som såg på oss med kikkertar, med maskingevær på skuldra, og piggtråd, og eg visste at det var miner lagt i muren, og den atmosfæren var så provoserande og så stimulerande og så skremmande at bandet spelte med så mykje energi».[19] Gitaristen Carlos Alomar sa til biografen David Buckley: «Desse tinga [tyskarar, nazistar, muren, undertrykking] heng i lufta, og når ting vert mørkare fysisk, tenker du òg på mørkare tema. Berlin var ein heller mørk, industriell stad å arbeide.»[20] Trass i den mørke atmosfæren, syntest Visconti det var ei særskild spanande tid å skape albumet på og sa «Det var ein av dei siste store eventyra mine å lage dei albuma.»[18]

Gitaristen Robert Fripp (avbilda 2007) hadde stor innverknad på songane på “Heroes”.[21]

Det meste av albumet vart spelt inn med dei same musikarane som spelte på Low,[22] med Alomar, George Murray og Dennis Davis som kjernen i bandet.[19] Bowie spelte piano og hadde fått langt meir erfaring på instrumentet i perioden då han spelte med Pop.[23] Ny i besetninga var gitaristen Robert Fripp, tidlegare i bandet King Crimson, som vart henta inn etter forslag frå Eno.[22] Gitaristen hugsa: «Eg fekk ein telefon [frå Brian Eno] då eg budde i New York i juli 1977. Han sa at han og David spelte inn musikk i Berlin og sette meg over. David sa, 'Skulle du vere interessert i å spele noko hårete rock and roll-gitar?' Eg sa, 'Vel, eg har eigentleg ikkje spelt på tre år - men om du er klar til å ta sjansen, så skal eg ta sjansen òg.' Kort tid etter kom ein førsteklasses billett på Lufthansa[24] Då han kom i studio sette Fripp seg ned og spelte inn sologitaren for spor han aldri hadde høyrt før. Han fekk òg få råd frå Bowie, som enno ikkje hadde skrive tekstar eller melodiar. Fripp spelte alle gitarpartane sine i løpet av tre dagar.[25] Spelinga til Fripp fekk mykje ros frå Visconti og Eno, som var imponert over korleis Fripp kunne spele for songar han ikkje hadde høyrt før med slik «virtuositet».[21] I følgje biografen Nicholas Pegg, var ikkje Fripp førstevalet til Bowie.[19] Michael Rother frå det tyske bandet Neu! hadde først blitt spurt om å bidra,[26] men kort tid før innspelinga byrja, vart han kontakta av ein ukjend person og informerte at Bowie hadde ombestemt seg, men seinare intervju med Bowie indikerer at dette ikkje hadde skjedd.[19]

Då Visconti hadde produsert andre Bowie-plater, fann han ut at nye idear kom flytande heile tida, og på grunn av dette vart nokre av dei stundom gløymde. For å unngå dette let han eit to-spors lydband gå heile tida.[27] Murray sa: «Tony hadde innsikt til å sjå kva som skjedde på øvingane, så han berre slo på lydbandet og let det gå.»[28] Visconti sjølv sa seinare: «Det vart nyttig mange gonger...fordi me gjekk oss vill. Me byrja med ein idé og gjekk så i feil retning, og etter ein time kunne me sei 'Korleis starta dette igjen?'»[29] Under innspelinga for Low vart Visconti frustrert over at det ikkje var nok folk som arbeidde i studioet i Château d'Hérouville. I hadde han derimot ein fast lydteknikar som assistent, Eduard Meyer, som Visconti hugsa var viktig for å halde på den positive stemninga. På same måte var stemninga under “Heroes” lysare og meir opitimistisk enn innspelingane for Low. Særskild Bowie hadde betre helse. Han og Visconti reiste ofte rundt i Berlin og møtte slik Antonia Maass, ein lokal jazzsongar, som kom til å syngje korvokal på “Heroes”.[30]

I følgje biografen Thomas Jerome Seabrook byrja innspelingsprosessen for “Heroes” i eit særs raskt tempo, og følgde den same prosessen som for Low, der grunnspora for side ein vart gjort ferdig på berre to dagar. På same måte som på Low, køyrde Visconti trommene til Davis gjennom hans Eventide H910 Harmonizer, og gav det Seabrook kalla ein «særeigen, høgteknologisk glans». Davis la òg til conga trommer og pauker for å utnytte det store studiorommet.[31] Visconti gav Davis mykje ros og kalla han «ein av dei beste trommeslagarane eg nokon gong har arbeidd med,» og kalla i tillegg Alomar og Murray «fantastiske musikarar...du kunne berre kaste eit par akkordar til dei og dei sprang av garde med det.»[23] I eit intervju med NME seinare på året, sa Eno at den første fasen av innspelinga vart «gjort på ein særs avslappande måte.» Bowie gav «særs korte instruksjonar», så byrja bandet å spele. Eno var først nølande, men fann prosessen overraskande effektiv, og dei fleste spora vart gjort på eitt forsøk. Eno sa «Med gjorde opptak nummer to, men dei var ikkje like bra.»[32] Totalt sett hadde Eno ei mykje større rolle på “Heroes” enn han hadde hatt for Low, og var medlåtskrivar på fire av ti songar, noko Seabrook kalla eit «sannare» samaberid.[23] Eno sjølv sa «Me arbeidde begge på alle stykka heile tida.»[32] Eno fungerte som «assisterande direktør» for Bowie, og gav tilbakemeldingar til musikarane og føreslo nye - og uvanlege - måtar å tilnærma seg spora på.[23] Ein av desse måtane var å nytte Oblique Strategies-korta som Eno hadde laga. I følgje O'Leary var desse korta «dels-spåkaker, dels-sjansekort frå Monopol», meint å skape kreative idear.[33] Sjølv om desse korta vart mykje nytta under Lodger innspelingane, nytta Eno og Bowie dei berre på “Heroes” då dei skapte instrumentalane, inkludert på «V-2 Schneider», «Sense of Doubt» og «Moss Garden».[33][34][35]

Etter dei første innspelingane i juli, vart innspelingane for “Heroes” meir sporadisk, med ekstra lydspor, vokal og miksing som varte fram til august. Som føregangaren, vart ikkje teksten skriven eller spelt inn før alle utanom Bowie og Visconti hadde reist der frå.[36] Seabrook skildra dette stadiet av innspelinga som «sporadiske inspirasjonsutbrot innimellom lengre periodar med ettertanke.»[37] Då Bowie laga The Idiot og Lust for Life med Iggy Pop, vart han fascinert over korleis Pop kunne improvisere tekstar medan han stod føre mikrofonen. For “Heroes” valte han å gjere det same.[38][39] Visconti sa seinare: «Han hadde aldri peiling om kva han skulle syngje før han han omtrent gjekk fram til mikrofonen.»[36] Bowie gjorde som regel ferdig vokalen på berre eitt eller to forsøk. Visconti song korvokal på same vis.[37] Dei endelege miksane vart gjort i Mountain Studios i Montreux i Sveits, eit studio Bowie kom til å nytte mykje frametter. Ein lydteknikar ved Mountain, Dave Richards, vart òg ein av dei faste samarbeidspartnarane hans. Assistenten til Richards var Eugene Chaplin, sonen til stumfilmstjerna Charlie Chaplin.[36]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Som den andre plata i Berlintrilogien,[2] fortsette “Heroes” musikken frå føregangaren Low.[40] Consequence of Sound skildra songane som kunstrock og eksperimentell rock,[41][42] men fortsette òg arbeidet til Bowie innan elektronisk[43] og ambient musikk.[2][44] Som føregangaren la songane på “Heroes” vekt på tone og atmosfære heller enn gitarbasert rock.[2] Songane er blitt skildra som meir positive både i tone og atmosfære enn songane på Low.[45][46] Visconti skildra albumet som «ei særs positiv utgåve av Low[47] Biografen Paul Trynka skreiv at plata framkallar «både fortida og framtida.»[48] Det følgjer òg same strukturen som føregangaren, med ei side med meir konvensjonelle spor, og side to med hovudsakleg instrumentalar.[49]

Forfattaren Peter Doggett skreiv at der tekstane på Low var av sjølvbiografisk art, var tekstane på «Heroes» «vridde og ofte medvitne unnavikande», og vart sungne med «forbausande» mykje lidenskap.[50] Visconti hugsa at tekstane vart komen på der og då, og Bowie improviserte stundom heile songar, og song «for fulle lunger».[25] Songar som vart sungen på denne måten var «Joe the Lion», ein hyllest til den amerikanske kunstnaren Chris Burden, som var kjend for sine merkelege kunststunt,[51] og «Blackout», med referansar som straumbrotet i New York City i 1977.[52][53] Som den andre sida på Low, dominerer bilete av Berlinmuren “Heroes” òg:[54] eit kyss mellom Visconti og Maass ved foten av muren inspirerte teksten for tittelsporet.[36] Vokalen til Bowie på «"Heroes"» går frå roleg og leiken til nesten skrikande, ein stil han kalla «Bowie histrionics».[55][56] Musikalsk dominerer gitarfeedbacken til Fripp heile songen, medan bassen pulserer og synthesizeren til Eno glir inn i bakgrunnen.[55][57] Bowie forklarte at songen handlar om «å møte røyndomen og stå opp for denne» og finne glede i livet.[58] Buckley trekte særskild fram teksten «We can be heroes, just for one day» som «ei erkjenning om at framtida ikkje høyrde til han lenger, men til alle».[54]

«Sons of the Silent Age» var den einaste songen som var skriven før innspelinga byrja[59] og var opphavleg tenkt som tittelsporet på albumet.[60] Teksten er inspirert av verka til Jacques Brel og følgjer fleire karakterar som i følgje O'Leary er «dels homo superior/dels-Bewlay Brothers».[59][61] Musikalsk er songen merka av biografane som forskjellig frå resten av songane på albumet, ved at dei aktuelle emna gjenspelgar ideal frå førre tiår framfør samtida,[60] medan O'Leary samanlika stilen som meir lik Hunky Dory (1971) enn resten av albumet.[59] Biografen reknar òg avslutningssporet, «The Secret Life of Arabia», som ein forløpar til det Bowie kom til å utforske på Lodger.[52][62][63]

Instrumentalane er av Buckely skildra som mørke og dystre.[64] «Sense of Doubt» set eit repeterande fire notar langt pianomotiv mot synthesizerar som målar eit bilete av eit nakent landskap.[64][35] Bowie speler det japanske instrumentet koto på «Moss Garden» som, i lag med synthane, skapar ein lyd som liknar eit fly som fyk over;[65] Bowie la vidare vekt på fascinasjonen hans for Japan med å sei at han er «under Japanese influence» på «Blackout».[66] Sporet glir inn i «Neuköln», som er kalla opp etter ein bydel i Berlin med same namn.[67] Sporet nytta lyd til å fange kjensla av elendigheita og desperasjonen som tyrkiske immigrantar som budde der kjende på.[54][63]

Det meste av Low var inspirert av krautrock-band som Tangerine Dream, Kraftwerk og Neu![4][7] Tidlegare i 1977 nemnde Kraftwerk både Bowie og Iggy Pop på tittelsporet til Trans-Europe Express, som var Kraftwerk sitt svar til tittelsporetStation to Station.[68] Sjølv om påverknaden frå Kraftwerk og Harmonia er mindre markant på “Heroes” til fordel for Edgar Froese.[49] Bowie hylla likevel Neu! ved å kalle opp albumet etter sporet «Hero» frå albumet deira Neu! '75,[26] medan «V-2 Schneider» er inspirert av og kalla opp etter Kraftwerk-medlemmet Florian Schneider.[45] Mange britiske lyttarar rekna med at «V-2» var ein referanse til rakettypen nytta av tyskarane under andre verdskrigen.[68][69] «V-2 Schneider» er òg kjend for ein off-beat saksofonpart spelt av Bowie, som byrja opptaket på feil taktslag, men han fann ut han likte det betre og heldt det slik til slutt.[64]

Plateomslag og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Fotografiet på omslaget vart teken av den japanske fotografen Masayoshi Sukita. Som omslaget på Iggy Pop-albumet The Idiot, er omslaget inspirert av den tyske kunstnaren Erich Heckel sine måleri Roquairol og Young Man.[70] Pegg skildra poseringa til Bowie som «ein villauga Bowie låst i ei stiv posering med ein seriekomisk uro og ei løfta handflate som om han berre mimetisk har løftet den siste kunstige maska frå andletet sitt.»[49] I eit intervju med Charles Shaar Murray frå NME sa Bowie at hermeteikna i tittelen «indikerer ein ironisk dimensjon kring ordet 'heroes' eller om heile konseptet kring heroisme».[71] Visconti sa seinare at albumet var «heroisk» i at det var ei særs positiv tid i livet til Bowie og under skapinga av albumet. Alle kjende seg som heltar.[47] Bowie sa om tittelen: «Eg tenkte eg skulle velje den einsate forteljande songen som tittel,» og sa han kunne ha kalla det The Sons of Silent Ages.[71]

Tittelsporet vart valt ut som første singel og kom ut 23. september 1977, i lag med «V-2 Schneider» som B-side og katalognummeret RCA PB 1121.[72] Han kom ut i ei forkorta utgåve i håp om at han skulle få meir radiospeling, men Buckley meinte at denne redigeringa førte til at songen mista noko av den «dramatiske appellen».[73] Det vart laga ein musikkvideo, filma i Paris og regissert av Nick Ferguson, som syner Bowie i den same jakka som på plateomslaget mot ein bakgrunn av kvitt lys.[58] For den tyske og franske utgåva av singelen, kalla høvesvis «"Helden"» og «"Héros"», song Bowie inn vokalen på ny på begge språk, med teksten omsett av Antonia Maass for den tyske utgåva.[58][73] Trass i at songen seinare fekk universell ros, selde han heller dårleg og nådde 24. plassen på UK Singles Chart og gjekk ikkje inn på singellista i USA.[58] Pegg og Chris O'Leary skreiv at det var ikkje før Bowie framførte songen på Live Aid i 1985 at songen vart rekna som ein klassikar.[74][75] Bowie sa seinare i 2003: «Det er eit rart fenomen som skjer med songane mine i USA. Mange av publikumsfavorittane var aldri hittar, og "Heroes" toppar dei alle.»[58]

“Heroes” kom ut 14. oktober 1977 på RCA Records, med katalognummeret RCA PL 12522.[76] Utgjevinga kom fire månader etter debutalbumet til The Clash og to veker før Sex Pistols sitt Never Mind the Bollocks, to viktige plater innan punkrock.[17] Buckley skreiv at Bowie-albumet Diamond Dogs frå 1974 påverka både punk og Bowie sjølv når det kom til både musikk og mote.[77] RCA marknadsførte albumet med slagordet «There's Old Wave. There's New Wave. And there's David Bowie ...»[45] Trynka likte slagordet og kalla det «ei meisterleg posisjonering som gjorde at David kunne halde seg unna punkrørsla, som i likskap med glam før seg, kom til å bli ein parodi av seg sjølv.»[78] I motsetnad til Low,[73] marknadsførte Bowie sjølv albumet i stor grad, gjorde talrike intervju og spelte på forskjellige fjernsynsprogram, som Marc, Bing Crosby's Merrie Olde Christmas (der han song «Peace on Earth/Little Drummer Boy» med Crosby[79]) og Top of the Pops (der han framførte tittelsporet).[47] Bowie forklarte den omfattande marknadsføringa på den tida:

«Eg marknadsførte ikkje Low i det heile og somme folk trudde at eg ikkje la hjartet mitt i det. Denne gongen ønskte eg å gjere alt for å pushe det nye albumet. Eg trur på dei to siste albuma, ser du, meir enn noko anna eg har gjort før. Eg meiner, eg ser attende på mykje av den tidlegare musikken min, og sjølv om det er mykje der eg set pris på, er det faktisk ikkje så mykje eg likar. Det er mykje meir hjarte og kjensle i Low og særskild i det nye albumet.»

Albumet vart ein kommersiell suksess i Storbritannia og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart og vart verande på lista i 33 veker.[80] Det gjorde det ikkje like bra i USA, der det nådde 35. plassen på Billboard 200, og låg 19 veker inne på lista.[81] Doggett skriv at albumet enda ei rekkje på åtte topp 20-album i USA, og vart det verstseljande albumet der sidan Hunky Dory i 1971.[82] RCA gav ut «Beauty and the Beast» som den andre singelen den 6. januar 1978, med «Sense of Doubt» som B-side og katalognummer RCA 1190.[83] Han vart ein mindre suksess i Storbritannia og nådde 39. plassen på UK Singles Chart, og låg på lista i tre veker.[84] NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray skreiv at «den skremmande, truande preget ... openbert sett av mange av dei forbigåande singelkjøparane tiltrekt av den rusande romantikken til den forrige singelen».[85] Singelen kom ut i USA og Spania på ein 12" promo og i ein fem minuttar lang form, som ikkje gjekk inn på listene, trass i «Fame» på B-sida.[86]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[40]
Blender4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[87]
Chicago Tribune3/4 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[88]
Christgau's Record GuideB+[89]
Encyclopedia of Popular Music5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[90]
Entertainment WeeklyA−[91]
NME8/10[92]
Pitchfork10/10[17]
The Rolling Stone Album Guide4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[93]
Select5/5[94]

“Heroes” kom ut fekk det særs positive meldingar frå kritikarane.[19] Allan Jones i Melody Maker kalla det årets album og skreiv at dette og Low «blant dei mest eventyrlystne og spesielt utfordrande platene som enno har råka rockepublikummet.»[95] Angus MacKinnon i NME kåra det òg til årets album, og kalla det Bowie si «mest rørande utgjeving på fleire år» og heidra den meir modne artisten.[49][96][95][97] Kris Needs i magasinet ZigZag hylla plata og skreiv at Bowie verka å halde fram den musikalske utforskinga frå Low, men let samstundes lyttarane få tid til «å kome seg ajour med Low.» Needs konkluderte med at albumet var «eit merkeleg, kaldt og til tider ugjennomtrengeleg album, men Bowie får alle desse usannsynlege ingrediensane til å fungere.»[98] Den amerikanske musikaren og forfattaren Patti Smith skreiv i Hit Parader og hylla albumet som «eit kryptisk produkt av ein høg intelligensorden.»[99]

Plata var ikkje utan motstandardar. Tim Lott i Record Mirror gave albumet ei meir lunken melding og kalla det «usamanhengande» og kritiserte instrumentalane på side to for å ha mindre «kontinuitet» enn dei på Low. Lott meinte i tillegg at vokalen til Bowie var «hol» og tekstane «ugjennomsiktige». Totalt sett meinte han at det var fascinerande: «Som eit album er det berre tittelsporet som forbløffar. Resten er smart, men ikkje glimrande og du forventar ikkje mindre frå Bowie. På det settet er det skuffande og eit steg ned frå Low[100] I USA var meldinga i Billboard òg middels og kalla det ei «forlenging» av både «den kosmiske rockevisjonen til Bowie» og Low, og meinte at plata var «ei musikalsk utflukt til eit rike berre Bowie sjølv kan definere.»[101] I Los Angeles Times klagde Robert Hillburn over måten Bowie «sine svingande popinteresser fekk han til å skifte frå stil til stil raskare enn han klatre å meistre dei.»[102]

Somme meldarar kommenterte bidraga til Eno, mellom anna Bart Testa i Rolling Stone, som trekte fram involveringa til Eno. Han hevda at etter Bowie «utnytta låtskrivinga til Eno» på Low , fekk "Heroes" «eit langt meir entusiastisk samarbeid, smo her tar form av ei sameining av dei dramatiske instinkta til Bowie og den urokkelege roa til Eno.».[103] The Village Voice-kritikaren Robert Christgau var mindre mottakeleg for bidraga til Eno, særskild på instrumentalane på side to og sa at dei var ein «interessant bakgrunn» men «nesten ikkje merkverdig som framgrunnsmusikk, beundringsverdig heller enn attraktivt uslipt», samanlikna med «motpartane deira på Low».[104] I den årlege Pazz & Jop-undersøkingar blant ei rekkje musikkritikarar hamna “Heroes” på 21. plassen for album i 1977.[105]

Seinare meldingar var positive og mange kritikarar hylla korleis Bowie voks som artist og bidraga til Fripp. Stephen Thomas Erlewine i AllMusic roste albumet og merka seg at Bowie var blitt meir kunstnarisk moden samanlikna med føregangaren. Han rosa vidare Fripp, og uttalte at gitaren hans gjev eit større «musikalsk fundament» til den elektroniske lyden. Til slutt skreiv han: «Skilnaden mellom Low og "Heroes" ligg i røynda i detaljane, men plata er like utfordrande og banebrytande.»[40] Ryan Dombal i Pitchfork hylla plata og kalla vokalprestasjonen til Bowie noko av hans beste og meinte Fripp verkeleg stod fram. I ei melding der han tilrådde heile Berlin-trilogien, meinte Dombal at "Heroes" var albumet som mest indikerte den kunstnariske veksten til Bowie, etter han hadde fylt 30 år og kome seg unna fleire år med dopmisbruk.[17] Mange meldarar og biografar har særskild trekt fram tittelsporet som eit av dei beste til Bowie,[64][106][78] som somme reknar som den beste songen hans.[107][108][109]

Etter utgjevinga[endre | endre wikiteksten]

“Heroes” var ferdig flydde Bowie til New York for å spele inn ei forteljing av den klassiske komposisjonen «Peter og ulven» av av Sergej Prokofjev, som kom ut på albumet David Bowie Narrates Prokofiev's Peter and the Wolf i mai 1978.[13] Bowie sa seinare at det var ei julegåve til sonen, Duncan Jones, som då var sju år gammal.[110] Etter dette drog Bowie attende til Sveits, der han møtte regissøren David Hemmings for å spele i den komande filmen hans, Just a Gigolo. Bowie gjekk med på prosjektet fordi han ønskte å arbeide med Hemmings, som han kalla «ein sann regissør for skodespelarar», og ideen om å spele i ein film sett til eit før-Holocaust Berlin, og etter å ha fått vite at skodespelarinna Marlene Dietrich skulle kome attende frå hennar nesten tjue år lange pensjonisttilvære for å spele i filmen.[111] Filminga byrja i januar 1978 og vart problematisk: Bowie søkte om skilsmisse under filminga og Dietrich nekta å forlate leilegheita hennar i Paris. Dermed traff dei to kvarandre aldri og scenane deira vart filma separat og klippa saman for den ferdige filmen. Just a Gigolo kom ut i februar 1979 og vart slakta av både kritikarar og publikum.[111] Bowie sjølv var kritisk til filmen og kalla han «mine 32 Elvis Presley-filmar samla i ein» i eit intervju med NME.[112]

Bowie på scenen i Oslo i 1978.

Etter å ha filma scenane sine for Just a Gigolo i februar 1978, byrja Bowie øvingane for den komande turneen. Isolar II-turneen, òg kjend som «Stage-turneen», var frå mars til slutten av året.[113] Songar frå både Low og “Heroes” utgjorde mesteparten av showet, medan det òg vart spelt songar frå Ziggy Stardust-tida og andre hittar frå 1973 til 1976.[114] Bowie hadde no kvitta seg med dopproblemet sitt. Buckley skreiv at turneen var «den første for Bowie på fem år der han truleg ikkje hadde bedøvd seg sjølv med store mengder kokain før han gjekk på scenen. Utan gløymslene som narkotika hadde brakt, var han non i ein sunn nok psykisk tilstand til å ville få vener.»[115] Opptak frå turneen vart gjevne ut på konsertalbumet Stage i september same året,[116][117] og igjen frå ein annan konsert i 2018 på Welcome to the Blackout.[118]

Ei tidleg døme på påverknaden albumet hadde var då John Lennon i 1980 sa at han med albumet Double Fantasy hadde som mål å lage noko som «var like bra som "Heroes"[49][96] I 1990 etter å ha henta Eno for å produsere Achtung Baby (1991), valte det irske bandet U2 å spele inn plata si ved Hansa by the Wall i Berlin til ære for “Heroes” som vart spelt inn der.[49]

I 1997 laga den amerikanske komponisten Philip Glass ei utgåve av albumet som ein klassisk suite kalla “Heroes” Symphony.[119] Det var ein oppfølgjar til den tidlegare utgåva av hans av Low frå 1992, kalla «Low» Symphony,[120] og var delt inn seks satsar, kvar kalla opp etter spor på “Heroes”. Som føregangaren anerkjende Glass bidraga til Eno som ein likepart til Bowie på det originale albumet og tilskreiv satsane til begge to.[119] I motsetnad til «Low» Symphony, vart “Heroes” Symphony utvikla til ein ballett av den amerikanske koreografen Twyla Tharp. Både balletten og symfonien vart kritikarroste.[119] Bowie og Glass heldt kontakten med kvarandre fram til 2003 og diskuterte å gjere ein tredje symfoni som aldri vart noko av. Etter Bowie døydde i 2016, fortalte Glass at dei to hadde snakka om lage ei utgåve av Lodger for den tredje symfonien,[119] som endeleg var laga som den 12. symfonien i 2019.[121] Glass skildra Low og “Heroes” som «ein del av dei nye klassikarane i vår tid».[119]

Plateomslaget til Bowie-albumet The Next Day frå 2013 er eit endra og tildekt utgåve av omslaget til “Heroes”. Denne versjonen har ordet «'Heroes'» kryssa ut og over andletet til Bowie ligg ein kvit boks med skrifta «The Next Day».[122] Designeren Jonathan Barnbrook forklarte at Bowie hadde ei kjensle av isolasjon då han lagde “Heroes” og ønskte å gjenskape den kjensla for The Next Day. Han sa vidare: «Me prøvde alle tidlegare Bowie-omslag, men enda opp med "Heroes" fordi det er eit slikt ikonisk album, og biletet på framsida har den rette avstanden....The Next Day, i kombinasjon med "Heroes"-biletet, og kva albumet seier om nokon som ser attende på livet sitt...det kjendest berre passande.»[122]

Sjølv om “Heroes” var det mest kritikarroste albumet i Berlintrilogien då det kom ut, har Low som regel blitt rekna som eit meir banebrytande og vågalt album av kritikarar i ettertida. Pegg skreiv at albumet vert heller sett på som ei forlenging eller raffinering av føregangaren enn eit «definitivt nytt verk» på eiga hand.[49] Seabrook var samd i det og skreiv at Low hadde fordelen av å kome først og vert sett på som «det beste musikalske vågestykket» i heile karrieren til Bowie. Men han skriv òg at samanlikna med andre plater som kom i 1977 høyrest “Heroes” likevel «ut som noko frå framtida.»[123] “Heroes” har uansett blitt rekna som eit av dei beste og mest innverknadsrike albuma til Bowie.[49][124] I 2018 rangerte skribentar i Consequence of Sound “Heroes” som det femte beste albumet til Bowie og skreiv: «Den slitne 'optimismen' på "Heroes" er fascinerande. Sjølv på dei dystraste spora er det eit optimistisk, lidenskapeleg inntrykk av at alt er i orden, om enn berre for ein dag.»[41] I 2020 rangerte Brian Kay i Classic Rock History “Heroes”, i lag med Low og Lodger, som det sjuande beste arbeidet til Bowie og kalla trilogien eit «fascinerande kapittel» i livet til Bowie.[125] I 2013 rangerte NME albumet på 329. plassen på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[126] Basert på profesjonelle meldingar og lister er “Heroes” på samlenettsida Acclaimed Music rangert som det 11. beste albumet i 1977, det 81. beste frå 1970-åra og det 253. beste gjennom tidene.[127]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Beauty and the Beast» 3:32
2.«Joe the Lion» 3:05
3.«“Heroes”»Bowie, Brian Eno6:07
4.«Sons of the Silent Age» 3:15
5.«Blackout» 3:50
Total lengd:19:49
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«V-2 Schneider» 3:10
2.«Sense of Doubt» 3:57
3.«Moss Garden»Bowie, Eno5:03
4.«Neuköln»Bowie, Eno4:34
5.«The Secret Life of Arabia»Bowie, Eno, Carlos Alomar3:46
Total lengd:20:30 (40:19)

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

“Heroes” kom første gongen ut på CD på RCA Records i midten av 1980-åra. Det kom ut at på ny i 1991 på Rykodisc med to bonusspor.[128] 1991-utgåva kom ut i Storbritannia på CD, kassett og LP på EMI Records, og vart sidan gjeve ut på ein nummerert 20-bit SBM AU20 gull-CD. Ei ny CD-utgåve kom ut i 1999 på EMI/Virgin, utan bonusspor med 24-bits digitalt ommastra lyd.

I september 2017 vart albumet ommastra for plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982)Parlophone.[129] Det kom så ut på CD, vinyl og digitale format, som ein del av samlinga, og som separat album i februar 2018.[130] Ei volumendring i 2017-masteren av tittelsporet irriterte både fans og kritikarar, men Parlophone meinte det var gjort med vilje og endra det ikkje,[131] fordi dei originale masterlydbanda var skadde. Etter at kritikken ikkje gav seg vart det sendt ut ei melding på den offisiell nettsida til Bowie som annonserte at feilen kom til å bli retta opp og ei erstatningsplate på CD og LP sendt ut.[132] Tilbodet om ny plate varte fram til juni 2018.[133] Den endra ommastra utgåva kom ut på dei enkeltståande CD- og LP-utgåvene av “Heroes” i februar 2018.[130]

Bonusspor på 1991-utgåva[128]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Abdulmajid» (Ikkje tidlegare utgjeven, spelt inn 1976–79)Bowie, Eno3:40
12.«Joe the Lion» (nymiksa versjon, 1991) 3:08

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell er per platenotata og biografen Nicholas Pegg.[128][134]

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

1977–2018 weekly chart performance
Liste (1977–2018) Plassering
Australske album (ARIA)[136] 42
Australske album (Kent Music Report)[137] 6
Austerrikske album (Ö3 Austria)[138] 19
Canada Top Albums/CDs (RPM)[139] 44
Nederlandske album (MegaCharts)[140] 3
Den franske albumlista (SNEP)[141] 19
Tyske album (Offizielle Top 100)[142] 44
Italienske album (FIMI)[143] 38
Den japanske albumlista (Oricon)[144] 57
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[145] 15
Norske album (VG-lista)[146] 13
Spanske album (PROMUSICAE)[147] 71
Svenske album (Sverigetopplistan)[148] 13
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[149] 34
Britiske album (OCC)[150] 3
US Billboard 200[151] 35

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Nederlandske album (Album Top 100)[152] 20
Den franske albumlista (SNEP)[153] 94
Liste (1978) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[137] 87

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[154] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[155] Gull 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre songar[endre | endre wikiteksten]

Abdulmajid[endre | endre wikiteksten]

«Abdulmajid» er som «All Saints» og «Some Are» spor som skal ha blitt spelte inn under innspelingane for Low og “Heroes”, men vart truleg fiksa på i 1991 før han kom ut. Songen kom ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Heroes dette året. Som med «All Saints», som vart kalla opp etter plateselskapet til Brian Eno i 1990-åra, er «Abdulmajid» ein anakronistisk tittel, teken frå namnet til den andre kona til Bowie, Iman, som han gifta seg med i 1992.[156].

Musikken er rytmisk og etter kvart kjem det inn ein melodi på tre notar på synthesizer. «Abdulmajid» minner om dei instrumentale spora på Eno-albumet Another Green World.[156] Den totale stilen kan minne om den tidlege 70-talsmusikken til Can, og inneheld òg hint av retninga som Bowie tok på Lodger.[156] Sporet vart nytta av Philip Glass som den andre satsen i hans “Heroes” Symphony, i 1996-1997.

Madman[endre | endre wikiteksten]

«Madman» var ein song Bowie og Marc Bolan skreiv i lag då Bowie budde i leiligheita hans under Iggy Pop-turneen i mars 1977. Bowie tilbaud seg å skrive ein song med Bolan og resultatet vart ein halvferdig song som den midlertidige tittelen «Madman». Bolan spelte lydbandet for vener og fortalte at han skulle skrive om songen og gjere han sentral på det neste albumet hans. Bolan hadde fått orden på livet sitt sommaren 1977. Han var inspirert av dei nye punkgruppene, som stort sett sette han høgt, og han skreiv musikk igjen. Han fekk òg sitt eige TV-show på Granada med ei rekkje aktuelle gjesteartistar. Bowie vitja showet og framførte «Heroes». Under innspelinga spelte Bowie med bandet til Bolan og dei to arbeidde på ein jam for avslutte showet. Denne fekk aldri noko namn, men på piratkopiplater har han hatt namna «Standing Next to You» eller «Sleeping Next to You». Ei veke etter innspelinga omkom Bolan i ei bilulukke. Bowie drog til gravferda hans og sette opp eit fond for sonen til Bolan. [157].

Revolutionary Song[endre | endre wikiteksten]

«Revolutionary Song» var ein song skriven av Bowie og Jack Fishman som ein Bertholt Brecht/Kurt Weill-aktig song for filmen Just a Gigolo, som Bowie spelte i mellom innspelinga av Heroes og før han la ut på den påfølgjande turneen tidleg i 1978. Songen vert rekna som det dårlegaste Bowie spelte inn i 1970-åra og det einaste bidraget hans til songen var vokalmelodien «la-la-la-la-la-la-la-LA-la-la». Songen vart spelt inn kring februar-mars 1978 og er aldri komen ut på CD eller digitalt.[157]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Buckley 2005, s. 257.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Mastropolo, Frank (11. januar 2016). «The History of David Bowie's Berlin Trilogy: 'Low,' 'Heroes,' and 'Lodger'». Ultimate Classic Rock. Arkivert frå originalen 12. august 2021. Henta 12. august 2021. 
  3. Buckley 2005, s. 259.
  4. 4,0 4,1 Carr & Murray 1981, s. 87–90.
  5. O'Leary 2019, s. 37–62.
  6. Pegg 2016, s. 386–388.
  7. 7,0 7,1 Pegg 2016, s. 384.
  8. Ives, Brian (20. februar 2017). «David Bowie: A Look Back at His '90s Era – When He Got Weird Again». Radio.com. Arkivert frå originalen 28. mars 2018. Henta 13. august 2021. 
  9. Buckley 2005, s. 272.
  10. Pegg 2016, s. 388.
  11. Buckley 2005, s. 273.
  12. Pegg 2016, s. 570–571.
  13. 13,0 13,1 Pegg 2016, s. 489.
  14. Seabrook 2008, s. 148–152.
  15. Seabrook 2008, s. 159–161.
  16. Seabrook 2008, s. 161.
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 Dombal, Ryan (16. august 2021). «David Bowie: “Heroes”». Pitchfork. Arkivert frå originalen 24. januar 2016. Henta 16. august 2021. 
  18. 18,0 18,1 18,2 Buckley 2005, s. 278.
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 19,5 Pegg 2016, s. 390.
  20. Buckley 2005, s. 277–278.
  21. 21,0 21,1 Buckley 2005, s. 279.
  22. 22,0 22,1 Buckley 2005, s. 277–279.
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 Seabrook 2008, s. 162.
  24. Hughes, Rob (February 2015). «Prog? It's a prison». Classic Rock (206): 73. 
  25. 25,0 25,1 O'Leary 2019, s. 80–82.
  26. 26,0 26,1 Snow, Mat (2007). «Making Heroes». Mojo Classic (60 Years of Bowie utg.): 69. 
  27. Seabrook 2008, s. 164.
  28. Denyer, Ralph (September 1978). «Interview with George Murray». Sound International. 
  29. Buskin, Richard (October 2004). «Classic Tracks: David Bowie 'Heroes'». Sound on Sound. Arkivert frå originalen 10. februar 2021. Henta 14. august 2021. 
  30. Seabrook 2008, s. 164–165.
  31. Seabrook 2008, s. 161–162.
  32. 32,0 32,1 MacDonald, Ian (3. desember 1977). «Eno Part 2: Another False World — How to Make A Modern Record». NME. Henta 14. mars 2021 – via Rock's Backpages. 
  33. 33,0 33,1 O'Leary 2019, s. 97–99.
  34. Pegg 2016, s. 296.
  35. 35,0 35,1 Doggett 2012, s. 337.
  36. 36,0 36,1 36,2 36,3 Pegg 2016, s. 390–391.
  37. 37,0 37,1 Seabrook 2008, s. 169.
  38. Seabrook 2008, s. 80–81.
  39. Trynka 2011, s. 333.
  40. 40,0 40,1 40,2 Erlewine, Stephen Thomas. «“Heroes” – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 17. juni 2012. Henta 16. august 2021. 
  41. 41,0 41,1 Goble, Blake; Blackard, Cap; Levy, Pat; Phillips, Lior; Sackllah, David (8. januar 2016). «Ranking: Every David Bowie Album From Worst to Best». Consequence of Sound. Arkivert frå originalen 11. mars 2018. Henta 11. mars 2018. 
  42. Blackard, Cap; Graves, Wren; Manning, Erin (6. januar 2016). «A Beginner's Guide to David Bowie». Consequence of Sound. s. 2. Arkivert frå originalen 25. mars 2016. Henta 12. august 2021. 
  43. Peraino, Judith A. (2015). «Synthesizing Difference: The Queer Circuits of Early Synthpop». I Kaliberg, Jeffrey; Bloechl, Olivia Ashley; Lowe, Melanie Diane. Rethinking Difference in Music Scholarship. Cambridge: Cambridge University Press. s. 307. ISBN 978-1-10702-667-4. 
  44. Rule 1999, s. 233: Low, Heroes (Rykodisc). Groundbreaking ambient electronic work from one of pop's most enduring icons..
  45. 45,0 45,1 45,2 Carr & Murray 1981, s. 91–92.
  46. Buckley 1999, s. 320–325.
  47. 47,0 47,1 47,2 Pegg 2016, s. 391.
  48. Trynka 2011, s. 331.
  49. 49,0 49,1 49,2 49,3 49,4 49,5 49,6 49,7 Pegg 2016, s. 392.
  50. Doggett 2012, s. 341.
  51. Pegg 2016, s. 142.
  52. 52,0 52,1 Spitz 2009, s. 290.
  53. O'Leary 2019, s. 82–83.
  54. 54,0 54,1 54,2 Buckley 2005, s. 281.
  55. 55,0 55,1 Pegg 2016, s. 110.
  56. Doggett 2012, s. 333.
  57. O'Leary 2019, s. 85–93.
  58. 58,0 58,1 58,2 58,3 58,4 Pegg 2016, s. 111.
  59. 59,0 59,1 59,2 O'Leary 2019, s. 79–80.
  60. 60,0 60,1 Doggett 2012, s. 334.
  61. Pegg 2016, s. 252.
  62. O'Leary 2019, s. 93.
  63. 63,0 63,1 Doggett 2012, s. 339.
  64. 64,0 64,1 64,2 64,3 Buckley 2005, s. 280.
  65. O'Leary 2019, s. 99.
  66. Pegg 2016, s. 40, 187.
  67. O'Leary 2019, s. 99–100.
  68. 68,0 68,1 O'Leary 2019, s. 94–97.
  69. Doggett 2012, s. 336.
  70. Cascone, Sarah (12. januar 2016). «Take a Peek at David Bowie's Idiosyncratic Art Collection». Artnet. Arkivert frå originalen 28. august 2021. Henta 9. april 2020. 
  71. 71,0 71,1 Shaar Murray, Charles (12. november 1977). «David Bowie: Who Was That (Un)Masked Man?». New Musical Express – via Rock's Backpages. 
  72. O'Leary 2019, s. 85.
  73. 73,0 73,1 73,2 Buckley 2005, s. 282.
  74. Pegg 2016, s. 111–112.
  75. O'Leary 2019, s. 85–86.
  76. O'Leary 2019, s. 55, 656.
  77. Buckley 2005, s. 284.
  78. 78,0 78,1 Trynka 2011, s. 334.
  79. O'Leary 2019, s. 106.
  80. «“Heroes” – Full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 16. oktober 1977. 
  81. «'Heroes' Chart History». Billboard. Henta 16. oktober 1977. 
  82. Doggett 2012, s. 340–341.
  83. O'Leary 2019, s. 656.
  84. «Beauty and the Beast – Full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 16. oktober 1977. 
  85. Carr & Murray 1981, s. 91–93.
  86. Pegg 2016, s. 34–35, 781.
  87. «David Bowie: “Heroes”». Blender (48). June 2006. 
  88. Kot, Greg (10. juni 1990). «Bowie's Many Faces Are Profiled on Compact Disc». Chicago Tribune. Arkivert frå originalen 16. april 2016. Henta 30. juli 2021. 
  89. Christgau, Robert (1981). «David Bowie: “Heroes”». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 16. august 2021. 
  90. Larkin, Colin (2011). «Bowie, David». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  91. Robbins, Ira (1. november 1991). «Heroes». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 19. oktober 2016. Henta 16. august 2021. 
  92. Fadele, Dele (11. september 1998). «David Bowie – Station To Station/Low/Heroes/Stage». NME. Arkivert frå originalen 17. august 2000. Henta 16. august 2021. 
  93. Sheffield, Rob (2004). «David Bowie». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 97–99. ISBN 0-7432-0169-8. 
  94. Griffiths, Nick (September 1991). «David Bowie: Low / “Heroes” / Lodger». Select (15): 80. 
  95. 95,0 95,1 Seabrook 2008, s. 191–192.
  96. 96,0 96,1 Sandford 1997, s. 182–193.
  97. Gittins, Ian (2007). «Art Decade». Mojo Classic (60 Years of Bowie utg.): 70–73. 
  98. Needs, Kris (October 1977). «David Bowie: Heroes». ZigZag. Henta 16. august 2021 – via Rock's Backpages. 
  99. Smith, Patti (April 1978). «“Heroes”: A Communique». Hit Parader. Arkivert frå originalen 16. februar 2021. Henta 14. august 2021 – via up-to-date.com. 
  100. Lott, Tim (8. oktober 1977). «David Bowie: Heroes (RCA PL 12622)». Record Mirror. Henta 16. august 2021 – via Rock's Backpages (krev abonnement). 
  101. «Top Album Picks» (PDF). Billboard: 82. 29. oktober 1977. Henta 14. august 2021 – via worldradiohistory.com. 
  102. Hillburn, Robert (8. november 1977). «Which Way for David Bowie?». Los Angeles Times. s. 70. Henta 14. august 2021 – via newspapers.com. 
  103. Testa, Bart (12. januar 1978). «Heroes». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 9. januar 2016. Henta 16. august 2021. 
  104. Christgau, Robert (26. desember 1977). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 16. august 2021 – via robertchristgau.com. 
  105. «The 1977 Pazz & Jop Critics Poll». The Village Voice. 23. januar 1978. Henta 16. august 2021 – via robertchristgau.com. 
  106. Pegg 2016, s. 389–391.
  107. Raggett, Ned. «“Heroes” – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 4. juli 2019. Henta 16. august 2021. 
  108. Petridis, Alexis (19. mars 2020). «David Bowie's 50 greatest songs – ranked!». The Guardian. Arkivert frå originalen 22. mars 2020. Henta 17. august 2021. 
  109. Eames, Tom (26. juni 2020). «David Bowie's 20 greatest ever songs, ranked». Smooth Radio. Arkivert frå originalen 11. august 2020. Henta 12. november 2020. 
  110. Seabrook 2008, s. 197.
  111. 111,0 111,1 Pegg 2016, s. 660–661.
  112. MacKinnon, Angus (13. september 1980). «The Future Isn't What It Used to Be». NME: 32–37. 
  113. Pegg 2016, s. 571–575.
  114. Buckley 2005, s. 294–295.
  115. Buckley 2005, s. 293.
  116. Sandford 1997, s. 187.
  117. Pegg 2016, s. 393.
  118. Erlewine, Stephen Thomas. «Welcome to the Blackout [Live London '78] – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 17. august 2021. Henta 17. august 2021. 
  119. 119,0 119,1 119,2 119,3 119,4 Pegg 2016, s. 493.
  120. Pegg 2016, s. 490–491.
  121. Swed, Mark (11. januar 2019). «Review: Philip Glass takes David Bowie and the symphony to new places with a stupendous 'Lodger'». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 16. oktober 1977. Henta 216. oktober 1977. 
  122. 122,0 122,1 Pegg 2016, s. 466.
  123. Seabrook 2008, s. 172–173.
  124. Seabrook 2008, s. 173.
  125. Kay, Brian (February 2020). «Top 10 David Bowie Albums». Classic Rock History. Arkivert frå originalen 1. august 2021. Henta 17. august 2021. 
  126. Barker, Emily (25. oktober 2013). «The 500 Greatest Albums of All Time: 100–1». NME. Arkivert frå originalen 17. august 2021. Henta 17. august 2021. 
  127. Franzon, Henrik. «“Heroes”». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 20. november 2017. Henta 17. august 2021. 
  128. 128,0 128,1 128,2 Pegg 2016, s. 389–390.
  129. «A New Career In A New Town (1977–1982)». DavidBowie.com. 12. juli 2016. Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 17. august 2021. 
  130. 130,0 130,1 Grow, Kory (28. september 2017). «Review: David Bowie's Heroically Experimental Berlin Era Explored in 11-CD Box Set». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 11. oktober 2020. Henta 4. desember 2020. 
  131. Sinclair, Paul (3. oktober 2017). «Parlophone respond to David Bowie 'Berlin' box set mastering criticisms». Super Deluxe Edition. Arkivert frå originalen 9. april 2018. Henta 19. oktober 2017. 
  132. «“Heroes” album update». DavidBowie.com. 11. oktober 2017. Arkivert frå originalen 3. mars 2018. Henta 19. oktober 2017. 
  133. Sinclair, Paul (8. juni 2018). «Parlophone Call Time on the David Bowie Heroes Replacement Programme». Super Deluxe Edition. Arkivert frå originalen 12. februar 2019. Henta 12. februar 2019. 
  134. “Heroes” (liner notes). David Bowie. UK: RCA Records. 1977. PL 12522. 
  135. 135,0 135,1 «Breaking down David Bowie's 'Heroes' – Track-by-track». BBC Arts. BBC. 27. januar 2016. Arkivert frå originalen 29. januar 2016. Henta 31. januar 2016. 
  136. "David Bowie – Heroes". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 31. juli 2021.
  137. 137,0 137,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  138. "David Bowie - Heroes" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 17. august 2021.
  139. "Top RPM Albums: Nummer 5508a". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 17. august 2021.
  140. "David Bowie – Heroes". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 17. august 2021.
  141. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste». infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 7. november 2011. Henta 31. juli 2021.  Note: user must select 'David BOWIE' from drop-down.
  142. "Offiziellecharts.de – David Bowie – Heroes" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 17. august 2021.
  143. "David Bowie – Heroes". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 17. august 2021.
  144. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  145. "David Bowie – Heroes". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 17. august 2021.
  146. "David Bowie – Heroes". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 17. august 2021.
  147. "David Bowie – Heroes". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 17. august 2021.
  148. "David Bowie – Heroes". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 17. august 2021.
  149. "David Bowie – Heroes". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 31. juli 2021.
  150. "David Bowie | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 17. august 2021.
  151. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media. Henta 17. august 2021.
  152. «Dutch charts jaaroverzichten 1977» (på nederlandsk). Arkivert frå originalen (ASP) 12. mai 2014. Henta 2. april 2014. 
  153. «Les Albums (CD) de 1977 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 21. februar 2014. Henta 29. januar 2012. 
  154. «Canadian album salstrofé – David Bowie – Heroes». Music Canada. 
  155. «British album salstrofé – David Bowie – Heroes». British Phonographic Industry.  Enter Heroes in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  156. 156,0 156,1 156,2 Chris O’Leary. «Abdulmajid». Pushing Ahead of the Dame. Henta 19. august 2001. 
  157. 157,0 157,1 Chris O’Leary. «The Bolan Collaborations». Pushing Ahead of the Dame. Henta 19. august 2001. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]