Candidate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Candidate
Song av David Bowie
frå albumet Diamond Dogs
Utgjeve 24. april 1974
Innspelt Olympic og Island Studios i London
Ludolf Studios i Hilversum i Nederland
Oktober 1973 - februar 1974
Sjanger Glamrock
Lengd 2:40
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie

«Candidate» er ein song skriven av David Bowie i 1973 og meint for musikalversjonen av 1984, som han aldri fekk gjort ferdig. Ein radikalt forskjellig versjon, med nesten heilt ny tekst og musikk, kom ut på albumet Diamond Dogs i 1974 som ein del av medleyen som delte songen «Sweet Thing» i to. Den einaste teksten som finst i begge versjonane er nøkkelfrasene «I'll make you a deal» og «pretend I'm walking home».

«Demoversjon»[endre | endre wikiteksten]

Det som vert kalla «demoversjonen» av «Candidate» har berre tittelen og ei tekstlinje til felles med den «Candidate» som kom ut på Diamond Dogs. Denne versjonen vart spelt inn 1. januar 1974 og var meint å vere ein del av den skrinlagde musikalutgåva av 1984, men det er lite i teksten som ber preg av dette. Denne versjonen vart først gjeven ut på Rykodisc-utgåva av Diamond Dogs i 1990, og sidan på bonusplata til 30th Anniversary Reissue, då kalla «alternativ versjon».

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1973-utgåva (kalla «demo version») vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Diamond Dogs i 1990. Han finst òg på bonusplata på 30th Anniversary Reissue av albumet som ein «alternativ versjon». På denne bonusplata finst òg ein annan miks kalla «Intimacy remix». Denne miksen vart nytta i filmen Intimacy i 2001.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Ein konsertversjon av «Sweet Thing/Candidate/Sweet Thing (Reprise)» frå 1974-turneen vart gjeven ut på David Live. Eit anna konsertopptak frå 1974-turneen kom ut på det halvoffisielle albumet A Portrait in Flesh.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]