Sweet Thing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sweet Thing
Song av David Bowie
frå albumet Diamond Dogs
Utgjeve 24. april 1974
Innspelt Olympic og Island Studios i London
Ludolf Studios i Hilversum i Nederland
oktober 1973 - februar 1974
Sjanger Glamrock
Lengd 3:39
2:31 (reprise)
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie

«Sweet Thing» er ein song skriven av David Bowie for albumet Diamond Dogs i 1974. Songen er delt i to med «Candidate» i midten.

I opningslinja syng Bowie den lågaste tonen han nokon gong song på eit studioalbum (C2).

«Tragic Moments/Zion/Aladdin Vein»[endre | endre wikiteksten]

Ein song som no vert kalla «Zion» finst på mange piratkopialbum med titlane «Aladdin Vein», «Love Aladdin Vein», «A Lad in Vein»,[1] og «A Lad in Vain».[2] Med delar som minnar om «Aladdin Sane» og det som skulle verte «Sweet Thing (Reprise)» på Diamond Dogs, vert dette instrumentalstykket ofte rekna for å vere spelt inn under innspelinga av Aladdin Sane i Trident Studios tidleg i 1973. Nyare estimat har derimot datert han til innspelinga av Pin Ups seinare på året. Forfattar Nicholas Pegg meiner derfor at det kanskje meir bør reknast som ein Diamond Dogs-demo enn eit opptak frå Aladdin Sane-innspelinga.[1] Ein artikkel frå 1973 om Bowie som spelar inn Pin Ups i Frankrike skildrar songen, som ser ut til å stadfeste teorien til Pegg:

« David bed lydteknikar Andy om å køyre ein rask miks av det neste prosjektet. No dette er verkeleg noko - det neste albumet til Bowie med nye songar. «Det er ikkje vokal på han enno - berre meg som la-la-la'er. Det kjem til å verte ein musikal i ein akt kalla 'Tragic Moments' som truleg kjem til å gå over to sider.» Me lytta til kanskje sju minuttar av denne musikken. Eg er forvirra. Kontrasten mellom 'Tragic Moments' og PINUPs kunne ikkje vore større. Den førstnemnde er særs arrangert, forsiktig endrande musikk med eit touch av vaudeville: Pianoet til Mike Garson blenkjer her og der som kvikksølv. Kanskje det næraste ein har kome før er tittelsporet på Aladdin Sane.[3]  »

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Eit konsertopptak (som inneheldt «Candidate» og «Sweet Thing (Reprise)») frå 1974-turneen finst på David Live. Eit anna opptak frå 1974 finst på det halvoffisielle albumet A Portrait in Flesh.

I ein konsertversjon[4] syng Bowie den første linja, den låge C2-tonen, litt meir tydeleg. Skeptikarar har skulda Bowie for å fiksa vokalen i studio, slik at han kunne nå den låge tonen, men konsertopptaket syner at han er mogeleg å synge så lågt.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "The Complete David Bowie: Zion". Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s.249-250
  2. Naked & Wired at Bassman's David Bowie Page
  3. Martin Hayman (October 1973). «Outside David Bowie... is the closest you're gonna get». Rock Magazine. 
  4. http://www.youtube.com/watch?v=D1j9sD3mHJE