Lady Grinning Soul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lady Grinning Soul
Song av David Bowie
frå albumet Aladdin Sane
Utgjeve 13. april 1973
Innspelt Trident Studios, London
9. desember 1972 -
24. januar 1973
Sjanger Glamrock
Lengd 3:46
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Ken Scott, David Bowie

«Lady Grinning Soul» er ein ballade skriven av David Bowie, og er den siste songen på albumet Aladdin Sane, gjeven ut i 1973. Det første møtet til Bowie med den amerikanske soulsongaren Claudia Lennear i 1972 vert ofte omtalt som inspirasjonen til songen.[1][2]

Stilen på songen er vorte samanlikna med eit James Bond-tema.[3] Pianist Mike Garson skildra spelinga si som «omtrent så romantisk som det kan bli … fransk med litt Franz Liszt inn i der».[4] Meldinga til Rolling Stone då albumet kom ut skildra synginga til Bowie som «den mest ekspansive og ekte på heile albumet»,[5] medan forfattar Nicholas Pegg reknar songen som «ein av dei mest undervurderte Bowie-songane … ganske annleis alt anna han nokon gong har gjort.»[6]

Songen opnar i fiss-moll og går gjennom mange uventa modulasjonar. Bowie syner spennvidda i vokalen sin mot slutten og når ei rekkje høge tonar (Giss5, G5, Fiss5, Diss5).

Songen vart nytta i filmen The Runaways i 2010.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Let's Spend the Night Together» i juni 1973.
  • Han var òg B-side til den spanske versjonen av singelen «Sorrow» i november 1973.
  • Den amerikanske utgåva av singelen «Rebel Rebel» hadde «Lady Grinning Soul» som B-side.
  • Songen finst som B-side på den japanske utgåva av singelen «1984» frå april 1974.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.56
  2. "Lady Grinning Soul" at The Ziggy Stardust Companion
  3. Kris Needs (1983). Bowie: A Celebration: s.29
  4. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.187-188
  5. Ben Gerson (19 July 1973). «Aladdin Sane». Rolling Stone (Rolling Stone). 
  6. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.117