1984 av David Bowie
| 1984 av David Bowie frå albumet Diamond Dogs |
||
| Utgjeve | 24. april 1974 | |
| Innspelt | Olympic og Island Studios, London Ludolf Studios i Hilversum i Nederland oktober 1973 – februar 1974 |
|
| Sjanger | Funk | |
| Lengd | 3:27 | |
| Selskap | RCA Records | |
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
|---|---|---|
| Produsent | David Bowie | |
«1984» er ein song av David Bowie frå albumet Diamond Dogs frå 1974. Han var skriven seint i 1973, inspirert av George Orwell-romanen 1984 og som mykje av albumet var han meint frå ein musikal basert på romanen som det aldri vart noko av.[1]
Innhaldsliste |
Musikk og tekst [endre]
Songen er den sentrale på side to av den originale vinylutgåva og ut frå samanhengen til Bowie si utgåva av soga til Orwell, har «1984» vorte tolka som fengslinga av Winston Smith og forhøyret av O'Brien.[1] Teksten har visse likskapar med ein tidlegare Bowie-song, «All the Madmen» frå The Man Who Sold the World («They'll split your pretty cranium and fill it full of air»).[2]
Wah-wah-gitaren på «1984» har ofte vorte samanlikna med «Theme from Shaft» (1971) av Isaac Hayes.[1][3] Det er spelt av Alan Parker, og var ein av få gonger på Diamond Dogs der Bowie ikkje sjølv spelar sologitar.[2] Funk/soul-påverknaden i songen er omtalt som ein tydeleg indikator på kva retning Bowie kom til å ta på det neste albumet sitt, Young Americans.[2]
Innspeling og utgjeving [endre]
«1984» vart først spelt inn som ein medley med «Dodo», kjend som «1984/Dodo», den 19. oktober 1973 for det amerikanske fjernsynsprogrammet The 1980 Floor Show (seinare gjeven ut på piratkopialbumet Dollars in Drag).[1] Ei studioutgåve av «1984/Dodo» vart spelt inn i løpet av den neste månaden, men kom ikkje ut før Sound and Vision-boksen i 1989. Dette var den siste innspelinga til Bowie i lag med Mick Ronson, Trevor Bolder og produsent Ken Scott i Trident Studios i London.
På den seinare Diamond Dogs-innspelinga vart «1984» og «Dodo» spelt inn som to forskjellige songar, og berre «1984» kom med på det endelege albumet. Den siste versjonen av «1984» var raskare og meir funky enn medleyen, og skildra av Bowie-forfattaren Nicholas Pegg, «eit særs opplagt val som singel».[2] Han vart derimot berre gjeven ut på singel i Amerika, der han ikkje gjekk inn på listene. Songen vart ofte spelt som første song under Diamond Dogs-konsertane i 1974,. men har ikkje vorte spelt på konsertar etter Sound + Vision-turneen i 1990.
Konsertversjonar [endre]
- Eit konsertopptak frå 1974-turneen finst på David Live og eit anna opptak frå 1974 finst på det halvoffisielle albumet A Portrait in Flesh.
- Eit opptak av «1984» finst på DVDenThe Dick Cavett Show: Rock Icons
Andre utgjevingar [endre]
- Han vart gjeven ut som singel i USA i juli 1974, med B-sida «Queen Bitch» frå Hunky Dory (1971).
- Songen finst på samleplatene:
- Chameleon (Australia/New Zealand 1979)
- Changestwobowie (1981)
- Fame and Fashion (1984)
- The Best of 1974/1979 (1998)
- «1984/Dodo»-versjonen vart gjeven ut på Sound and Vision-boksen i 1989, og i 2004 på bonusplata som følgde 30th Anniversary Edition av Diamond Dogs.
Andre versjonar [endre]
- Tina Turner - Private Dancer (1984)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «1984 (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: