Du sollt Gott, deinen Herren, lieben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Du sollt Gott, deinen Herren, lieben
BWV 77
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1723
Første framføring 22. august 1723
Publiseringsdato 1870
Typisk lengd 15:36
Satsar 6

Du sollt Gott, deinen Herren, lieben, BWV 77, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1723 for den trettande sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 22. august.

Teksten er henta frå Evangeliet etter Lukas 10: 27 (første sats); Justus Gesenius/David Denicke (sjette sats), medan resten er av ukjend opphavsmann.

Koraltemaet er basert på salmen «Ach Gott, vom Himmel sieh darein» av Martin Luther (1523/24). Denne melodien kan sporast tilbake til den verdslege songen «Begierlich in dem Herzen mein» frå kring 1410.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for trompet, to oboar, strykarar, basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Du sollst Gott, deinem Herren, lieben», Koral
  2. «So muß es sein! Gott will das Herz», Resitativ for bass
  3. «Mein Gott, ich liebe dich von Herzen», Arie for sopran
  4. «Gib mir dabei, mein Gott! ein Samariter Herz», Resitativ for tenor
  5. «Ach, es bleibt in meiner Liebe», Arie for alt
  6. «Du stellst, mein Jesu, selber dich zum Vorbild», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]