Singet dem Herrn ein neues Lied
- For motetten med same namn, sjå Singet dem Herrn
BWV 190 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 1. januar 1724 1. januar 1724 | ||
Publiseringsdato | 1891 | ||
Typisk lengd | 17:09 | ||
Satsar/akter | 7 |
Singet dem Herrn ein neues Lied!, BWV 190, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for første nyårsdag. Stykket vart framført på nytt i perioden 1735-1740 i Leipzig.
Teksten er henta frå Salme 149: 1, Salme 150: 4, Salme 150: 6 (første sats), Martin Luther (sats 1, 2) og Johannes Herman (sats 7), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar (truleg Christian Friedrich Henrici (Picander)).
Koraltemaa er basert på salmane «Herr Gott, dich loben wir» og «Jesu, nun sei gepreiset». Førstnemnde er basert på den tidlege kristne songen «Te deum laudamus», som igjen kjem frå ein aftansong frå den greske kyrkja. Denne melodien kjem igjen frå aftansong frå jødiske eller særs tidlege kristne messer. Truleg går melodien attende til 200- eller 100-talet e.Kr. Martin Luther omgjorde salmen til den noverande forma i Geistliche Lieder, publisert av Joseph Klug i Wittenberg i 1529. Den andre salmemelodien kom først på trykk i Ein schön geistlich Gesangbuch av Melchior Vulpius, trykt i Jena i 1609.
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, tre oboar, obo d’amore, fagott, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av sju satsar:
- «Singet dem Herrn ein neues Lied», Koral
- «Herr Gott, dich loben wir!», Resitativ e Koral
- «Lobe, Zion, deinen Gott», Arie for alt
- «Es wünsche sich die Welt, was Fleisch und Blute wohlgefällt», Resitativ for bass
- «Jesus soll mein alles sein», Arie for tenor
- «Nun, Jesus gebe, daß mit dem neuen Jahr», Resitativ for tenor
- «Laß uns das Jahr vollbringen», Koral
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Singet dem Herrn ein neues Lied!». Bach-kantater. Henta 20. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV 190 på bach-cantatas.com