Tue Rechnung! Donnerwort
BWV 168 Kantate av Johann Sebastian Bach | |
Sjanger | Koral |
---|---|
Periode | Barokken |
Komponert | 1725 |
Urframføring | 29. juli 1725 |
Publiseringsdato | 1887 |
Typisk lengd | 12:56 |
Satsar/akter | 6 |
Tue Rechnung! Donnerwort, BWV 168, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1725 for den niande sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt i perioden 1746-1749 i Leipzig.
Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 1-5) og Bartholomäus Ringwaldt (sjette sats)
Koraltemaet er basert på salmen «Herr Jesu Christ, du höchstes Gut». Denne melodien er spora attende til salmar frå Görlitz i 1587 og Dresden i 1593. Görlitz-salmen heiter «Harmonia hymnorum». Ein kjenner ikkje til kven komponisten var.
Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]
Stykket er instrumentert for to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar:
- «Tue Rechnung! Donnerwort», Arie for bass
- «Es ist nur fremdes Gu, was ich in diesem Leben habe», Resitativ for tenor
- «Capital und Interessen meiner Schulden», Arie for tenor
- «Jedoch, erschrock'nes Herz, leb' und verzage nicht», Resitativ for bass
- «Herz, zerreiss' des Mammons Kette», Arie for sopran & alt
- «Stark' mich mit dienem Freudengeist», Koral
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Tue Rechnung! Donnerwort». Bach-kantater. Henta 19. april 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Piano- og songpartitur for BWV 168 på bach-cantatas.com