Meinen Jesum laß ich nicht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Meinen Jesum laß ich nicht
BWV 124
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1725
Første framføring 7. januar 1725
Publiseringsdato 1878
Typisk lengd 13:10
Satsar 6

Meinen Jesum laß ich nicht, BWV 124, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for første sundag etter trettande dag jul, som dette året var den 7. januar.

Teksten er henta frå Christian Keymann (første og siste sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaet er basert på salmen «Meinen Jesum laß ich nicht». Andreas Hammerschmidt (1611 eller 1612 - 1676) komponerte denne melodien som først dukka opp i Fest-, Buß- und Danklieder for fem stemmer og fem instrument. Denne samlinga var tileigna kurfyrstinne Magdalena Sibylla av Sachsen, trykt 29. oktober 1658 og publisert i Zittau.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for valthorn, concertante obo d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo med orgel & strykarar, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Meinen Jesum laß ich nicht, Koral
  2. «So lange sich ein Tropfen Blut», Resitativ for tenor
  3. «Und wenn der harte Todesschlag», Arie for tenor
  4. «Doch ach! welch schweres Ungemach», Resitativ for bass
  5. «Entziehe dich eilends, mein Herze, der Welt», Arie for sopran
  6. «Jesum laß ich nicht von mir», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]