Wo gehest du hin
| BWV 166 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
| Sjanger | Koral | ||
|---|---|---|---|
| Periode | Barokken | ||
| Komponert | 1724 | ||
| Urframføring | 7. mai 1724 | ||
| Publiseringsdato | 1887 | ||
| Typisk lengd | 17:01 | ||
| Satsar/akter | 6 | ||
Wo gehest du hin?, BWV 166, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for fjerde sundag etter påske.
Teksten er henta frå Evangeliet etter Johannes 16: 5 (første sats), Bartholomäus Ringwaldt (tredje sats), Ämilie Juliane von Schwarzburg-Rudolstadt (sjette sats), samt ein ukjend tekstforfattar (sats 2, 4-5).
Koraltemaet er basert på salmane «Wer nur den lieben Gott läßt walten» og «Herr Jesu Christ, du höchstes Gut». Den førstnemnde er skriven av Georg Neumark (1621-1681) og først dokumentert på trykk i Fortgepflantzter Musikalisch-Poetischer Lustwald (Jena, 1657), men opphavet til teksten og melodien kan sporast tilbake til Kiel i 1641. Den andre melodien er spora attende til salmar frå Görlitz i 1587 og Dresden i 1593. Görlitz-salmen heiter «Harmonia hymnorum». Ein kjenner ikkje til kven komponisten var.
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for obo, strykarar og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar:
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Wo gehest du hin?». Bach-kantater. Henta 19. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV 166 på bach-cantatas.com