Sie werden euch in den Bann tun, BWV 183

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sie werden euch in den Bann tun
BWV 183
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1725
Første framføring 13. mai 1725
Publiseringsdato 1891
Typisk lengd 12:56
Satsar 5

Sie werden euch in den Bann tun, BWV 183, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for sundagen etter Maria bodskapsdag.

Teksten er henta frå Evangeliet etter Johannes 16: 2 (første sats), Paul Gerhardt (femte sats) og Christiane Mariene von Ziegler (sats 2-4)

Koraltemaet er basert på salmen «Helft mir Gotts Güte preisen». Opphavet til denne melodien nytta av Bach er usikkert eller ukjend. Det er mogeleg at anten Wolfgang Figulus (Töpfer), ein of Bach sine føregjengarar som Thomaskantor eller Cornelius Freundt (Bonamicus) kan vere komponisten.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to oboar d’amore, to oboar da caccia, fiolonsell piccolo, to fiolinar, bratsj og basso continuo for både cembalo og orgel, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av fem satsar:

  1. «Sie werden euch in den Bann tun», Resitativ for bass
  2. «Ich furchte nicht des Todes Schrecken», Arie for tenor
  3. «Ich bin bereit, mein Blut und armes Leben», Resitativ for alt
  4. «Hochster Troster, heil'ger Geist», Arie for sopran
  5. «Du bist ein Geist, der lehret, wie man recht beten soll», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]