Es reißet euch ein schrecklich Ende
BWV 90 Kantate av Johann Sebastian Bach | |
Sjanger | Koral |
---|---|
Periode | Barokken |
Komponert | 1723 |
Urframføring | 14. november 1723 |
Publiseringsdato | 1872 |
Typisk lengd | 12:41 |
Satsar/akter | 5 |
Es reißet euch ein schrecklich Ende, BWV 90, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1723 for den 25. sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 14. november.
Teksten er henta frå Martin Moller (femte sats), meden dei fire første satsane er av ukjend opphav. Koraltemaet er basert på salmen «Vater unser im Himmelreich», først trykt i Geistliche lieder som vart publisert av Valentin Schumann (Leipzig, 1539). Melodien er frå mellomalderen.
Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]
Stykket er instrumentert for trompet (berre bass-arien), to fiolinar, bratsj og basso continuo (fiolincell, violone, orgel), samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av fem satsar:
- «Es reißet euch ein schrecklich Ende», Arie for tenor
- «Des Höchsten Güte wird von Tag zu Tage neu», Resitativ for alt
- «So löschet im Eifer der rächende Richter», Arie for bass
- «Doch Gottes Auge sieht auf uns als Auserwählte», Resitativ for tenor
- «Leit uns mit deiner rechten Hand», Koral
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Es reißet euch ein schrecklich Ende». Bach-kantater. Henta 11. april 2010.