Gott ist mein König

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gott ist mein König
BWV 71
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1708
Urframføring4. februar 1708
Publiseringsdato1708
Typisk lengd18:33
Satsar/akter11

Gott ist mein König, BWV 71, er ein kantate av Johann Sebastian Bach.

Han vart første gong framført under innviinga av det ny byrådet i Mühlhausen den 4. februar 1708. Kven som har skrive teksten er ukjend. Det har vore spekulasjonar, men ingen bevis, om at han vart skriven av minister Georg Christian Eilmar, som hadde bestilt Bach til å komponere kantaten Aus der Tiefen rufe ich, Herr, zu dir, BWV 131, som vart skriven kring den same tida.

I 1708 var Bach organist i Divi Blasii-kyrkja. Han komponerte få verk på denne tida og verka som han komponerte hadde ofte orgel langt framme i lydbilete. BWV 71 var den første kantaten Bach skreiv for festorkester, inkludert trompetar og pauke. Verket var eit av dei få han fekk betalt direkte for, sidan dei fleste komposisjonane hans vart skrivne som ein del av arbeidsoppgåvene som følgde stillingane han hadde.

Verket vart så godt motteke at Bach fekk ei ny bestilling på ein annan kantaten for innviinga til byrådet året etter. Ein har bevis for at dette stykket vart komponert og trykt, men ingen kopiar har overlevd til våre dagar.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om kantaten var komponert for ei verdsleg hending, vert han rekna med under Bach sine kyrkjelege kantatar. Teksten kan tolkast som ei fundering på overgangen frå noko gammal til noko nytt, i lag med gratulasjonar for det «nye regimentet» av embetsmenn.

Teksten består hovudsakleg av bibeltekstar. Teksten til første og fjerde sats er teken frå Salme 74, og resten frå Andre Samuelsbok, Første mosebok og Femte mosebok.

Den andre satsen, «Ich bin nun achtzig Jahr», viser truleg til Adolf Strecker, den tidlegare borgarmeisteren som hadde forlate embetet 83 år gammal og vart skriven som ein solo for orgel. Den andre satsen vert det nytta melodi frå salmen «O Gott, du frommer Gott» av Johann Heermann.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Verket består av åtte satsar:

  1. «Gott ist mein Konig», Koral
  2. «Ich bin nun achtzig Jaht», Air for tenor
  3. «Soll ich auf dieser Welt», Air for sopran
  4. «Dein Alter sei wie deine Jugend», Koral
  5. «Tag und Nacht ist dein», Arioso for bass
  6. «Durch machtige Kraft erhaltst du unsre Grenzen», Air for alt
  7. «Du wollest dem Feinde nicht geben», Koral
  8. «Das neue Regiment auf jeglichen Wegen», Koral

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Gott ist mein König er eit viktig tidleg verk av Bach. Utan resitativar og med ariar og dei korte satsane som glir over i kvarandre, er han typisk for dei tradisjonelle kantatane frå 1600-talet. Han skil seg frå andre kantatar frå Bach si tid i Mühlhausen ved den utførlege instrumenteringa. Ein finn særs lite av kantatane Bach komponerte i Leipzig (femten år seinare) i dette tidlege verket. Det var det første verket til Bach som vart trykt (noko som var uvanleg og betalt for av byrådet). Det er den einaste kantaten som vart trykt medan Bach levde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]