Liebster Gott, wenn werd ich sterben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Liebster Gott, wenn werd ich sterben
BWV 8
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1724
Første framføring 24. september 1724
Publiseringsdato 1851
Typisk lengd 19:00
Tekst av Caspar Neumann

Liebster Gott, wenn werd ich sterben?, BWV 8, er ein kantate av Johann Sebastian Bach.

Han vart skriven i Leipzig for den sekstande sundagen etter treeiningssundag og vart først framført den 24. september 1724. Han er basert på ein koral med same namn av Caspar Neumann.

Stykket er skriven for valthorn, fløyte, to oboar d'amore, strykarar (fiolinar, bratsjar og basso continuo), songsolistar og kor. Det består av seks satsar, i E-dur bortsett frå der anna er nemnt:

  1. Kor: «Liebster Gott, wenn werd ich sterben?» – ei korutgåve av melodien. Alt-, tenor- og basstemmene syng frie kontrapunkt, medan sopranane syng koralen reint med lange tonar.
  2. Arie: «Was willst du dich, mein Geist, entsetzen» – for tenor, obo d'amore og continuo (Ciss-moll).
  3. Resitativ: «Zwar fühlt mein schwaches Herz» – for alt, strykarar og continuo.
  4. Arie: «Doch weichet, ihr tollen, vergeblichen Sorgen!»– for bass, fløyte, strykarar og continuo (A-dur).
  5. Resitativ: «Behalte nur, o Welt, das Meine!» – for sopran og continuo.
  6. Koral: «Herrscher über Tod und Leben» – siste verset av koralen, sunge og spelt av heile ensemblet.

Ei alternativ utgåve av kantaten i D-dur finst òg, truleg frå 1746–47. Fleire mindre endringar i instrumenteringa vart gjort, til dømes vart obodelane i første satsen gjeven til fiolinar og i bassarien vart obo d'amore nytta colla parte med fløyte.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]