Ich lasse dich nicht, du segnest mich denn
| BWV 157 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
| Sjanger | Koral | ||
|---|---|---|---|
| Periode | Barokken | ||
| Komponert | 1727 Leipzig | ||
| Urframføring | 6. februar 1727 | ||
| Publiseringsdato | 1886 | ||
| Typisk lengd | 18:29 | ||
| Satsar/akter | fem | ||
Ich lasse dich nicht, du segnest mich denn!, BWV 157, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1727 og framført for kyndelsmesse under gravferda til Johann Christoph von Ponickau i Pomssen. Stykket vart framført på nytt 6. februar 1728 eller seinare i Leipzig.
Teksten er henta frå 1. Mosebok 32: 26 (første sats), Christian Keymann (femte sats) og Christian Friedrich Henrici (Picander) (sats 2-5)
Koraltemaet er basert på salmen «Meinen Jesum laß ich nicht». Andreas Hammerschmidt (1611 eller 1612 - 1676) komponerte denne melodien som først finst i Fest-, Buß- und Danklieder for fem stemmer og fem instrument. Samlinga er tilskriven kurfyrstinne Magdalena Sibylla av Sachsen og vart trykt i 1658 i Zittau.
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for tverrfløyte, to oboar, to fiolinar, violetta (bratsj) og basso continuo, samt to songsolistar (tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av fem satsar:
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Ich lasse dich nicht, du segnest mich denn!». Bach-kantater. Henta 19. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV 157 på bach-cantatas.com