Die Elenden sollen essen
Die Elenden sollen essen BWV 75 Kantate av Johann Sebastian Bach | ||
Sjanger | Koral | |
---|---|---|
Periode | Barokken | |
Komponert | 1723 | |
Første framføring | 30. mai 1723 | |
Publiseringsdato | 1870 | |
Typisk lengd | 31:02 | |
Satsar | 15 |
Die Elenden sollen essen, BWV 75, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1723 for første sundag etter treeiningssundag i, som dette året var 30. mai. Stykket vart framført første gong denne dagen i Nikolaikyrkja. Dette var den første kantaten Bach skreiv etter han vart tilsett som Thomaskantor ved Tomaskyrkja i Leipzig. Stillinga starta offisielt ikkje før i juni dette året, men pliktene hans starta med det same han kom til byen.
Teksten er henta frå Salme 22: 26 (første sats), Samuel Rodigast (sats 7, 14), medan resten er av ukjend opphavsmann (Wustmann & Neumann foreslår Christian Weiss den eldre)
Koraltemaet er basert på salmen «Was Gott tut, das ist wohlgetan» av Samuel Rodigast (1675).
Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]
Stykket er instrumentert for to oboar, obo d’amore, fagott, strykarar, basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av femten satsar:
- «Die Elenden sollen essen», Koral
- «Euer Herz soll ewiglich leben», Koral
- «Was hilft des Purpurs Majestät, da sie vergeht», Resitativ for bass
- «Mein Jesus soll mein Alles sein!», Arie for tenor
- «Gott stürzet und erhöhet in Zeit und Ewigkeit», Resitativ for tenor
- «Ich nehme mein Leiden mit Freuden auf mich!», Arie for sopran
- «Indes schenkt Gott ein gut Gewissen», Resitativ for sopran
- «Was Gott tut, das ist wohlgetan», Koral
- Sinfonia i G-dur
- «Nur eines kränkt ein christliches Gemüte», Resitativ for alt
- «Jesus macht mich geistlich reich», Arie for alt
- «Wer nur in Jesu bleibt, die Selbstverleugnung treibt», Resitativ for bass
- «Mein Herze glaubt und liebt», Arie for bass
- «O Armut, der kein Reichtum gleicht!», Resitativ for tenor
- «Was Gott tut, das ist wohlgetan, dabei will ich verbleiben», Koral
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Die Elenden sollen essen». Bach Cantatas. Henta 10. april 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Piano- og songpartitur for BWV 75 på bach-cantatas.com