Nimm von uns, Herr, du treuer Gott
BWV 101 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 13. august 1724 13. august 1724 | ||
Publiseringsdato | 1876 | ||
Typisk lengd | 25:09 | ||
Satsar/akter | 7 |
Nimm von uns, Herr, du treuer Gott, BWV 101, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den tiande sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 13. august.
Teksten er henta frå Martin Moller (sats 1, 3, 5, 7), og ein ukjend forfattar, truleg Christian Friedrich Henrici (Picander), i følgje A. Schweitzer. Koraltemaet er basert på salmen «Vater unser im Himmelreich», først trykt i Geistliche lieder som vart publisert av Valentin Schumann (Leipzig, 1539). Melodien er frå mellomalderen.
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for tverrfløyte, to oboar, engelsk horn, to fiolinar, bratsj og basso continuo med valthorn, tre trombonar og strykarar, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av sjusatsar:
- «Nimm von uns Herr, du treuer Gott», Koral
- «Handle nicht nach deinen Rechten», Arie for tenor
- «Ach! Herr Gott, durch die Treue dein», Resitativ & koral
- «Warum willst du so zornig sein», Arie for bass
- «Die Sünd hat uns verderbet sehr», Resitativ & koral
- «Gedenk an Jesu bittern Tod», Duett for sopran & alt
- «Leit uns mit deiner rechten Hand», Koral
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Nimm von uns, Herr, du treuer Gott». Bach-kantater. Henta 12. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV 101 på bach-cantatas.com