Schmücke dich, o liebe Seele

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Schmücke dich, o liebe Seele
BWV 180
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1724
Første framføring 22. oktober 1724
Publiseringsdato 1888
Typisk lengd 20:58
Satsar 7

Schmücke dich, o liebe Seele, BWV 180, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den tjuande sundagen etter treeiningssundag.

Teksten er skriven av Johann Franck (sats 1, 3, 7), samt ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaet er basert på salmen «Schmücke dich, o liebe Seele» av Johann Crüger i Geistliche Kirchen-Melodien frå Berlin i 1649.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to blokkfløyter, to tverrfløyte, obo, obo da caccia (engelsk horn), fiolonsell piccolo, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av 7 satsar:

  1. «Schmücke dich, o liebe Seele», Koral
  2. «Ermuntre dich, dein Heiland klopft», Arie for tenor
  3. «Wie teuer sind des heilgen Mahles Gaben?», Resitativ for sopran – «Ach, wie hungert mein Gemüte», Koral
  4. «Mein Herz fühlt in sich Furcht und Freude», Resitativ for alt
  5. «Lebens Sonne, Licht der Sinnen», Arie for sopran
  6. «Herr, laß an mir dein treues Lieben», Resitativ for bass
  7. «Jesu, wahres Brot des Lebens», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]