Die Himmel erzählen die Ehre Gottes
BWV 76 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1723 | ||
Urframføring | 6. juni 1723 6. juni 1723 | ||
Publiseringsdato | 1870 | ||
Typisk lengd | 33:29 | ||
Satsar/akter | 14 | ||
Toneart | C-dur |
Die Himmel erzählen die Ehre Gottes, BWV 76, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1723 for andre sundag etter treeiningssundag, som dette året var 6. juni. Dette var den andre kantaten Bach komponerte etter at han vart tilsett som Thomaskantor ved Tomaskyrkja i Leipzig. Kantaten er ein av dei største han komponerte med femten satsar fordelt på to delar, og varer i snitt godt over ein halv time.
Teksten er henta frå Salme 19: 1 & 3 (første sats), Martin Luther (sats 7, 14), medan resten er av ukjend opphavsmann. Wustmann & Neumann foreslår Christian Weiss den eldre
Koraltemaet er basert på salmen «Es woll uns Gott genädig sein» av Martin Luther (1524).
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for to oboar, obo d’amore, fagott, strykarar, basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av 14 satsar:
- «Die Himmel erzählen die Ehre Gottes», Koral
- «So lässt sich Gott nicht unbezeuget!», Resitativ for tenor
- «Hört, ihr Völker, Gottes Stimme», Arie for sopran
- «Wer aber hört, da sich der größte Haufen», Resitativ for bass
- «Fahr hin, abgöttische Zunft!», Arie for bass
- «Du hast uns, Herr, von allen Straßen», Resitativ for alt
- «Es woll uns Gott genädig sein», Koral
- Sinfonia i E-moll
- «Gott segne noch die treue Schar», Resitativ for bass
- «Hasse nur, hasse mich recht», Arie for tenor
- «Ich fühle schon im Geist», Resitativ for alt
- «Liebt, ihr Christen, in der Tat», Arie for alt
- «So soll die Christenheit», Resitativ for tenor
- «Es danke, Gott, und lobe dich», Koral
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Die Himmel erzählen die Ehre Gottes». Bach Cantatas. Henta 11. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV 76[daud lenkje] på bach-cantatas.com