Jauchzet Gott in allen Landen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jauchzet Gott in allen Landen
BWV 51
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1730
Urframføring17. september 1730?
Publiseringsdato1863
Typisk lengd17:30
Satsar/akter5

Jauchzet Gott in allen Landen, BWV 51, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach. Ein trur han kjem frå rundt 1730 og er ein av Bach sine mest kjende kantater.

Stykket er skriven for solosopran, trompet, fiolinar, bratsjar og continuo. Han er ein av berre fire kyrkjelege kantatar som Bach skreiv for ein sopran (om ein ser bort frå arrangementa Bach lagde av kantaten for solobass og obo BWV 82, for fløyte og sopran BWV 82a) og ingen andre songsolistar (dei andre er Falsche Welt, dir trau ich nicht! BWV 52, Ich bin vergnügt mit meinem Glücke BWV 84 og Mein Herze schwimmt im Blut BWV 199). Det finst fleire verdslege kantatar for solosopran (BWV 202, BWV 204, BWV 209 og BWV 210). Manuskriptet til Bach indikerer at han vart skriven for den femtande sundagen etter treeiningssundag «et in ogni tempo” («og for alle dagar»).

Kantaten er i fire satsar (eller fem om ein reknar den avsluttande «Alleluja» som ein eigen sats):

  1. Jauchzet Gott in allen Landen - ein da capo arie for heile ensemblet.
  2. Wir beten zu dem Tempel an - resitativ
  3. Höchster, mache deine Güte - ein arie berre akkompagnert av continuo.
  4. Sei Lob und Preis mit Ehren - ein fantasi etter den femte satsen i koralen til Johann Gramann, «Nun lob, mein Seel, den Herren». Bach nytta det same verset i ein annan kantate, Wir danken dir, Gott, wir danken dir), spelt av strykarar strykarar og continuo.

Kven som har skrive teksten til den første og tredje satsen er ukjend. Det kan ha vore Bach sjølv.

Begge sopranpartia, der ein må opp på ein høg C i første og siste sat, og solotrompetpartiet, som til tider byter melodilinjer med sopranen, er ekstremt virtuose. Det har vore spekulert i kva songar Bach skreiv kantaten for og kvifor han vart skriven. Kvinner song ikkje i kyrkja i Bach sine dagar, men partiet er likevel altfor komplisert for at dei fleste gutesopranane kan klare det. Trompetpartiet vart truleg skriven for Gottfried Reiche, førstetrompetisten til Bach i Leipzig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]