Ich steh mit einem Fuß im Grabe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ich steh mit einem Fuß im Grabe!
BWV 156
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1729
Første framføring 23. januar 1729?
Publiseringsdato 1886
Typisk lengd 15:20
Satsar 6

Ich steh mit einem Fuß im Grabe!, BWV 156, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1729 for tredje sundagen etter trettande dag jul.

Teksten er skriven av Christian Friedrich Henrici (Picander) (sats 3-5), Johann Hermann Schein (andre sats) og Kaspar Bienemann (sjette sats).

Koraltemaet er basert på salmen «Aus tiefer Not schrei ich zu dir» og «Machs mit mir, Gott, nach deiner Güt». Den første melodien fanst truleg i ei tidlegare form på 1400-talet, før Wolfgang Dachstein skreiv han om til slik han finst i Teütsch Kirchen amt (Del 1) i Strasbourg i 1525. Den andre melodien vart komponert av Johann Hermann Schein og finst som ei skillingsvise som «Trostliedlein a 5.Vber seligen Hintritt der Frawen Margariten, Des Herrn Caspar Werners Eheliche Hausfrawen» i Leipzig i 1628.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for obo, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. Sinfonia i F-moll
  2. «Ich steh' mit einem Fuss im Grabe», Arie for tenor
  3. «Mach's mit mir, Gott, nach deiner Gut'», Koral
  4. «Mein' Angst und Not», Resitativ for bass
  5. «Herr, was du willst, soll mir gefallen», Arie for alt
  6. «Und willst du, dass ich nicht soll kranken», Resitativ for bass
  7. «Herr, wie du will't, so schick's mit mir», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]