Widerstehe doch der Sünde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Widerstehe doch der Sünde
BWV 54
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1714
Publiseringsdato 1863
Typisk lengd 12:20

Widerstehe doch der Sünde, BWV 54, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach. Teksten er henta frå Georg Christian Lehms sin Gottgefälliges Kirchen-Opffer (1711) og omhandlar kor viktig det er å unngå synd.

Kantaten var ein av dei første Bach skreiv, skriven i Weimar, truleg i 1714 for å framførast tredje sundagen i faste. Han er ein av tre av Bach som er skriven for altstemme som solist og ingen andre stemmer (dei andre er Geist und Seele wird verwirret og Vergnügte Ruh, beliebte Seelenlust, som òg har tekstar av Lehms). Orkesteret består av fiolinar, bratsjar og basso continuo.

Ei typisk framføring av verket varer kring tolv minuttar, og kantaten er uvanleg kort og berre med tre satsar:

  1. «Widerstehe doch der Sünde» - ein da capo-arie i Ess-dur.
  2. «Die Art verruchter Sünden» - resitativ
  3. «Wer Sünde tut, der ist vom Teufel» - ein annan da capo-arie i Ess-dur. Denne satsen er fuge-liknande.

Det er ikkje klårt kven som song alt-partiet for Bach, men ein trur at det var ein kontratenor. I moderne framføringar er det ei kvinne som syng denne delen.

Opningsarien til kantaten vart nytta om att av Bach som grunnlag for arien i Markuspasjonen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]